«Kunnskap for framtida»

Adobe Connect

Adobe Connect er eit web basert "møte og undervisingssystem" som er drifta av Uninett. Dette er eit samarbeid mellom Finland, Danmark, Sverige og Norge gjennom NORDUnet samarbeidet. Meir informasjon om dette finn du her: www.uninett.no

Du finn tenesta her: connect.uninett.no og rettleiingar finn du her: https://support.ecampus.no/adobeconnect/

Tenesta Adobe Connect gjer det enkelt å utføre nettbasert undervising og møter på PC (Windows/Mac). Ein har og høve til å gjere enkle opptak i undervisinga.

Dette må du gjere før undervisninga i Adobe Connect startar. Studentar og tilsette har lik tilgong og der er inga begrensing i bruk. Alle kan opprette møterom.