Lyst til å besøke oss?
Er du nysgjerrig på studentlivet? Er du elev i vidaregåande skule eller folkehøgskule? Har du og klassa di lyst til å oppleve korleis det er på ein høgskule? Kanskje vere med på ei forelesing med ein av dei fagleg tilsette? Du er hjarteleg velkomen til å besøke Høgskulen i Volda. Her er det stor aktivitet til ei kvar tid, både fagleg og sosialt. Volda er nasjonalt og internasjonalt kjent for medieutdanningane sine. Er du interessert i foto eller video? Då kan du få sjå korleis studentane lagar TV, radio og avis. Høgskulen kan tilby ei rekke spennande studietilbod innan humanistiske fag, lærarutdanning, mediefag, samfunnsfag, kyrkjefag, friluftsliv, musikk, drama, kunst og handverk, IKT, design, historie, språkfag osv. Har du lyst til å helse på dramastudentane? Kanskje få med deg ei forstilling? Eller kanskje sjå eit animasjonsstudio? Høgskulen i Volda har ca. 3000 studentar og om lag 300 tilsette. Desse opererar i eit intimt og oversiktleg campusområde med moderne bygg og fasilitetar. Høgskulen har ein omfattande forskingsaktivitet og samarbeider tett med den regionale forskingsstiftinga Møreforsking. Har du ein draum om å bu i utlandet? Som student ved Høgskulen i Volda har du et hav av muligheiter til å ta eit eller fleire semester i eit anna land. Vår internasjonale koordinator kan fortelje deg om høgskulen sine samarbeidsavtalar rundt om i verda. Studiestaden Volda har eit svært godt og aktivt studentmiljø, der studentVEKA og dokumentarfilmfestivalen er naturlege høgdepunkt. Det nye studenthuset ROKKEN er blitt samlingsstad og ei populær konsertscene for ei rekke kjende artistar/band. Det finns fleire studentorganisasjonar innanfor mellom anna idrett, media, kultur og politikk. Du rekk ikkje kjede deg! Vi er stolte av høgskulen vår, og tek gjerne i mot besøk. Kontakt oss i god tid slik at vi kan skreddarsy eit opplegg som passar deg.
Kontakt: Torill Engeseth, Informasjonskontoret, telefon 70 07 50 90 eller på e-post torill.engeseth@hivolda.no
- I 1990 hadde jeg valget mellom å studere media i Volda eller London. Jeg valgte Volda. [Synnøve Svabø]
Oppdatert av Per Arne Brandal 01. april 2009 kl. 13.33 | Publisert med NetEd : Publish



