Skuleoppgåve kan bli til kunstkonteinar

Ved Høgskulen i Volda møtest studentar på tvers av utdanningar og tek emne saman. Det skapar ein heilt unik og kreativ arena som Ola Snippen var ein del av – no jobbar han vidare med ideen frå studietida om å lansere ein kunstkonteinar. 

I eit klasserom ved Høgskulen i Volda sit studentar som er dyktige på å lage ting med hendene sine, nokre er rå på å formidle, andre er glad i teknologi og andre kongar og dronningar av sosiale medium.

Dette kunne ha vore bakteppet for oppstarten av fleire emne studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) kan velje, no er det Entreprenørskap i kreative næringar det dreiar seg om. 

I mange av utdanningane ved HVO kan studentane velje nokre av emna sine, i til dømes ein bachelorgrad. Eit anna døme er emnet Outdoor Media Production.

Ola Snippen var ein av desse studentane. Han var ein av dei som var flink til å skape ting med hendene sine. Men også til å fotografere. Og har kreative tankar fremst i pannebrasken. Snippen glei godt inn i klassa i Entreprenørskap i kreative næringar.

– Det beste frå alt

Rundt eit halvår etter at Snippen var ferdig med dette emnet og bachelorgraden sin i design, kunst og handverk, jobbar han framleis med det same som han gjorde i emnet Entreprenørskap i kreative næringar. Ein kunstkonteinar. Ein konteinar som kan bli fylt av kunst, flytta rundt og vere til glede der ein har kunst å vise fram, men nødvendigvis ikkje ein stad å vise det fram.

Ola Snippen, tidlegare student ved Høgskulen i Volda
Ola Snippen var med å utvikle ideen  om kunstkonteinaren.

Ideen dukka opp i hovuda til desse studentane, i dette klasserommet. Som i Snippen sitt tilfelle bestod av ei gruppe på tre design, kunst og handverk-studentar og to studentar frå Bachelor i PR, kommunikasjon og media; Ida Wiik Olsen, Elise Bjørnsrud Aasen, Konstantin Delibashev og Andreas Røssevold, i tillegg til Snippen.

– Eg var veldig heldig med gruppa eg var plassert på. Eg vurderte sjølv å studere PR, kommunikasjon og media, så det var veldig moro å lære frå dei. Ida, som eg har jobba vidare med kunstkonteinaren med, studerte PR, kommunikasjon media – det har vore ein perfekt kombinasjon, seier Snippen.

Janne Heggvoll, fagansvarleg for Entreprenørskap i kreative næringar, følger opp.

– Denne gruppa er eit godt eksempel på korleis vi ønsker å ha det. Studentar som studerer design, kunst og handverk, musikk, teater og drama, medieproduksjon, friluftsliv og naturguide eller noko anna møtast og spelar på kvarandre sine styrkar og kunnskap. Då får ein det beste frå alt, meiner Heggvoll.

Lærer korleis lage bedrift

I Entreprenørskap i kreative næringar skal studentane kome opp med ein forretningsidé som dei kan vidareutvikle. Dei startar opp ei studentbedrift og registrerer den i Brønnøysundregisteret. Studentane presenterer oppgåva munnleg som sin eksamen, saman med ein skriftleg rapport.

– Alle studentane kan sit eige fag, så blir utfordringa deira og sjå kva dei kan bruke dette til saman. Nokre er gode idéskaparar, nokre skapar noko fysisk, andre er god på marknadsføring. I tillegg får dei ny kunnskap gjennom undervisninga, til dømes om det å starte opp ei ny bedrift og alt som følger med det, forklarar Heggvoll.

Snippen er glad for å ha med seg all læringa han fekk, både av forelesarane og medstudentane.

– Det var nyttig å lære om det å opprette bedrift, skrive forretningsplan og kvar ein kan søke om pengar. Vi lærte og å samarbeide betre, og at ærlegdom varar lengst, sjølv om sanninga kan vere ukomfortabel.

– Har du lært noko av dette som du kan få nytte av i yrkeslivet?

– Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner er alltid kjekt å ha, både i yrkesliv og private relasjonar. I tillegg held eg på å realisere kunstkonteinaren, så eg har tatt med meg sjølve forretningsideen ut i livet.

– Mykje rart og kreativt studentane driv med

Gruppa til Snippen landa altså på ein kunstkonteinar som sin idé. Ei innovativ løysing, som dei kom fram til gjennom mykje god diskusjon.

– Det er eit mobilt kunstgalleri med mål om å få kunsten ut til dei som ikkje har ein arena for å oppleve den frå før. Det er ein shippingcontainer gjort om til eit lite kunstgalleri som kan flyttast og plasserast på kreative stader. Tanken er at ved opningar av nye utstillingar skal ein inkludere lokalmiljø for å lage arrangement som konsertar, poesikveldar, debattar og anna, forklarar Snippen. 

Snippen
Logoen til kunstkonteinaren kan du kanskje sjå langs vegkanten i nærleiken av der konteinaren blir stilt ut i framtida.

Dei la ned mykje arbeid før dei kom fram til dette. Grafiske element og logo for å bruke i marknadsføring og merkevarebygging var mellom anna tidkrevjande arbeid. Når han ser tilbake på dette og studietida i Volda generelt, smiler Snippen godt. Starten var prega av koronaviruset, men så:

– Mot slutten når alle klasser fekk vere i verkstadane samtidig, opplevde eg kor godt fellesskapet var. Spesielt inn mot eksamen då det var mange studentar på verkstadane frå morgon til kveld kvar dag, også i helger. Det var veldig motiverande og engasjerande å sjå andre i same båt, og kunne slå av ein prat eller få ut litt frustrasjon. Det er og veldig moro å sjå kva andre driv på med av kreativt utanom studia – folk driv med så mykje rart, det var gøy å oppleve det på nært hald, seier Snippen.

Ein plan for å leve av kunsten

Då Snippen og gruppa hans skulle få dommen på prosjektet sitt, gjekk flagga til topps. Ikkje berre var førstelektor Heggvoll godt nøgd:

– Den eksterne sensoren frå Høgskulen på Vestlandet vart «blown away». For det første er forretningsideen deira god. I tillegg hadde dei gjort eit svært godt arbeid med visuell profil, logo og profilartiklar, synest Heggvoll.

Snippen
Kanskje kan du ta med deg eit slikt nett om du vitjar kunstkonteinaren.

Snippen og medstudent Ida Wiik Olsen har gått vidare med kunstkonteinaren. No er det mest Snippen som jobbar med å få den lansert. Konteinaren er på plass, vidare vil den kreative nordfjordingen arbeide for å få den opp å stå. Ikkje beint fram det, heller. Han treng pengar, og har vore på friarferd. Sjølv er han optimistisk til at han skal få realisert kunstkonteinaren og sendt den rundt om i landet.

– Kva er det som gjer at du ønsker å skape noko og drive for deg sjølv?

– Hmm, eg trur ønsket om å skape er eit grunnleggande behov i meg. Å drive for meg sjølv handlar om det behovet for å skape og jobbe med noko eg ser som meiningsfylt. Det er kanskje litt narsissistisk, men eg vil skape noko som betyr noko for meg sjølv, i tillegg til dei eg er glad i. Betyr det noko for andre, er det berre ein veldig bonus. Det er eit spørsmål eg framleis tenkjer på og kanskje aldri finn heilt svaret på…?, svarar 24-åringen.

Han går all in med kunstkonteinaren, men har fleire bein å stå på om han ikkje lukkast. Znippen.no er nettsida og smeltedigelen for alle dei kreative tenestene og varene han kan levere.

– Znippen har alltid vore med meg som eit slags pseudonym. Eg bytta s-en i etternamnet mitt med «z» på barneskulen fordi eg syns Z var kult, og det har berre blitt med vidare. Eg har opp gjennom hatt mange ulike prosjekt, men Znippen er liksom paraplyen over alt kreativt eg driv på med. 

Eg har ikkje lyst til at alt eg gjer skal handle om meg, difor brukar eg Znippen for å få ein viss avstand. Akkurat no er det tekstil, foto og motedesign det gjeng i. Eg har eit merke kalla Sovesveis, der eg plantefarger silkeskjerf og designar anna tilbehøyr. I tillegg jobbar eg med fleire fotoprosjekt som gjeng over fleire år. Snart kjem det ei fotobok som handlar om einsemd, fortel Snippen. 

Med det blir altså enda fleire kreative idear av skapande studentar frå Høgskulen i Volda sett ut i livet. Og heilt sikkert ikkje dei siste.

Del på