«Kunnskap for framtida»

Rektorval

Rektor og prorektor skal veljast for fire år om gongen.

Nominasjon
Alle som har stemmerett, har rett til å setje fram forslag til kandidatar til rektorvervet. Eit forslag på rektor må vere underskreve av minst fem personar for å vere gyldig. Det kan heller ikkje vere meir enn sju personar som står bak eit forslag. Ingen kan skrive under på meir enn eit forslag. Eit forslag skal berre ha med namn på rektorkandidat. Rektorkandidaten finn sjølv fram til prorektor­kandidaten som ho/han vil stille til val i lag med.

Kven kan nominerast?
Både tilsette ved høgskulen og eksterne kandidatar kan veljast som rektor. Jf Universitets- og høyskoleloven §10-2, nr 1

Stemmerett for tilsette
Ein må vere tilsett i eller engasjert i minst halv ordinær stilling ved HVO, og teke til i stillinga seinast valdagen. Den som er tilsett eller engasjert for mindre enn eitt år, har likevel ikkje stemmerett dersom ikkje vedkomande har vore i samanhengande tilsetjingsforhold ved institusjonen i minst eitt år fram til valdagen.

Stemmerett for studentar
Den som er registrert som student og har betalt semesteravgift ved institusjonen for det semesteret valet blir gjennomført i.

Vala av rektor og prorektor skjer ved absolutt fleirtal og skal avviklast som urneval eller elektronisk val, jf. § 4 i valreglementet. Dersom ingen kandidat får meir enn 50% av stemmene i første valomgang, blir det ny valomgang med dei to kandidatane som fekk flest stemmer. Vektinga av stemmer vart endra slik at dei fagtilsette skal telje 55%, dei administrative tilsette 20% og studentane 25%.