«Kunnskap for framtida»

Rektorval 2014

IMG_1879_620.jpg

Prorektor Jens Standal Groven og rektor Johann Roppen. 

REKTOR JOHANN ROPPEN

Johann Roppen (f. 1967) vaks opp på Flø i Ulstein kommune. Han er gift, har tre barn, og er busett i Volda. Han arbeider i dag som seniorrådgjevar med ansvar for forsking og utvikling ved Høgskulen i Volda. Han har permisjon frå stilling som professor ved Avdeling for mediefag.

Roppen har Cand.mag. frå Møre og Romsdal Disktriktshøgskule i Volda (Norsk og journalistikk), Cand.polit. frå Universitetet i Bergen (Massekommunikasjon og mediekunnskap) og Dr.polit. frå Universitetet i Bergen (Medievitskap).

Roppen har yrkeserfaring som journalist og rådgjevar. Han har jobba i Eigarskapstilsynet (medietilsynet), som forskingsassistent/forskar/forskingsleiar ved Møreforsking Volda, som amanuensis/førsteamanuensis/professor ved Avdeling for mediefag og som seniorrådgjevar for Forsking og Utvikling ved Høgskulen i Volda.

Roppenhar vore leiar i Sunnmøre mållag, hatt ulike leiarverv innan idrett, og vore medlem av mediestøtteutvala i Noreg og Danmark.

PROREKTOR JENS STANDAL GROVEN

Jens Standal Groven (f. 1972) vaks opp i Langevåg i Sula kommune, no busett i Volda med sambuar og fire born. Han arbeider i dag som høgskulelektor og programansvarleg på bachelorutdanninga i PR, kommunikasjon og media ved Avdeling for mediefag. Han har særleg arbeidd med eksterne praksisplassar for studentar inn mot næringsliv, organisasjonar og det offentlege.

Groven har 1. avdeling jus frå Universitetet i Bergen, Cand.mag. frå Høgskulen i Volda (historie, kroppsøving og informasjonsstudiet), Master of Communication frå Bond University i Australia og Praktisk-pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Volda.

Groven har jobba som informasjonskonsulent i Statsbygg, informasjonskonsulent ved Høgskolen i Ålesund, lærarvikar i grunnskulen i Sula kommune, som miljøterapeut ved Stiftelsen Klokkergården i Vågsøy kommune og som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.

Groven er lokal- og sentralstyremedlem i Norsk Kommunikasjonsforening.