Trådløst nett


Høgskulen i volda tilbyr trådlaust Internett (Eduroam) for alle registrerte studentar og har dekningsområde på store delar av campus og på Studenthuset Rokken.

Slik får du tilgong med Windows 7:

  1. Klikk på nettverksikonet nede i høgre hjørne på skrivebordet. Vel Eduroam og "kople til"
  2. Deretter må du taste inn brukarnamn og passord. Klikk OK.
  3. Vert brukarnamn/passord godkjent, får du melding om at du er tilkopla.
  4. Ved førstegongs tilkopling kan du få eit varsel. Vel "Koble til" for å kome vidare.

    Du finn brukarrettleiingar for oppsett av Windows, Mac OS X, smarttelefon og nettbrett her

    Er du registrert som student og framleis ikkje får tilgang? Ta kontakt med IT i 3. etg. på Berte Kanutte-huset.
    Du kan bruke Eduroam på dei fleste statlege univeristet og høgskular i Noreg, samt utdanningsinstitusjonar i dei fleste land i Europa.