SFS

STUDENTSAMSKIPNADEN



Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda og Ålesund.

BUSTAD
SfS har 419 møblerte bustader i Volda med tilgang til gratis internett og vaktmeisterteneste. I tillegg har vi 14 hyblar til leige på korttidsbasis. Les meir om bustadtilbodet her.

KANTINE
SfS tilbyr sunn og god mat i eit triveleg miljø.

STUDENTHUSET ROKKEN
Studenthuset Rokken er studentane sitt eige hus der konsertar, kviss og fotball på storskjerm berre er noko av det du kan få oppleve. I studenthuset finn du også Rokken Cafe, der du kan nyte herleg mat eller berre ta ein kaffikopp med venar.

TRENING
SfS har avtale med Stamina som gir studentrabatt når du teiknar medlemskap.

HELSESTASJON
Her får du mellom anna informasjon om prevensjon, testing av klamydia, graviditetstesting og ein uformell samtale om kropp, helse og seksualitet. Kontakt vert formidla ved behov. Helsesøster er å treffe måndag kl. 09:00-14:30 og kan kontaktast her

GRATIS RÅDGJEVING
SfS har eigen studentrådgjevar som kan gi individuelle råd, og du kan kome med alle slags spørsmål og problemstillingar. Rådgjevar har sjølvsagt teieplikt. Sjå nettsida vår for meir informasjon.

BARNEHAGE
SfS driv studentbarnehage på campus, Røysmarka studentbarnehage, med tre avdelingar.

PSYKOLOGISK HELSETENESTE
I samarbeid med høgskulen er det inngått avtale med psykologar som står til disposisjon for studentar. Koordinator for tenesta, Vidar Myklebust, kan kontaktast på telefon: 70 07 52 02

HELSEKASSE
Studentsamskipnaden refunderer lege/psykolog-utgifter når ein overstig eit visst beløp. Ta kontakt med SfS eller sjå vår nettside for meir informasjon.

HELSEFOND
Du kan søkje økonomisk støtte i tilknyting til store helsemessige utgifter gjennom studietida. Dette kan være briller, trekking av visdomstenner etc.
Ta kontakt med SfS eller sjå vår nettside for meir informasjon.