Registrering

For å bli meld opp til undervisning og eksamen må du registrere deg i Studentweb før 1. september. Her sjekkar du at alle emna du skal ta, er lagde inn.  For å bli "losa" igjennom dei ulike registreringsprosessane kan du følgje denne linken. Den sjekkar og sender deg vidare dit du skal.

OPPRETT BRUKARKONTO

  • Opprett eller reaktiver brukarkonto.
  • Brukarkontoen gir deg tilgong til dei nødvendige datasystema, og ei e-postadresse ved Høgskulen.
  • Hivolda-adressa vert ofte nytta til kontakt med studentane, så hugs å sjekk denne e-postkontoen eller send vidare til konto du bruker.

REGISTRERING I STUDENTWEB

  • Registreringa sikrar rett tilgang til vårt e-læringssystem Fronter.
  • Gå til utdanningsplanen (del 2). Sjekk at alle emna du skal ha, ligg der.
  • Dersom ikkje, legg til aktuelle emne i planen. Godkjenn utdanningsplanen.
  • Sjekk at du er meldt til undervisning og eksamen.
  • Hugs også å sjekke at heimeadressa og studieadressa er rette.

BETAL SEMESTERAVGIFT

  • Betal semesteravgifta.
  • Betalingsinformasjon finn du i StudentWeb.
  • Semesterkvitteringa vert sendt til semesteradressa di i StudentWeb (frå 15.aug).
  • Lånekassa får automatisk melding når du er ferdig registrert (punkt 1 til 3).