Campus

BERTE KANUTTE-HUSET (BK)
Berte Kanutte-huset ligg i midten av campus og inneheld ei rekkje sentrale funksjonar. Her finn du blant anna Studentsørvis, kantine, bibliotek, lesesal, hustrykkeri, administrasjon med rektor og direktør, IT, grupperom, datasal, auditorium, Studenttinget og den internasjonale klubben Pangaia.

IVAR AASEN-HUSET
Avdeling for mediefag held til i Ivar Aasen-huset. Her finn du mellom anna grupperom, auditorium og bokhandelen Fagbok.

HANS STRØM-HUSET
I tilknytning til Ivar Aasen-huset finn du Hans Strøm-huset. Avdeling for samfunnsfag og historie held til her, og her finn du auditorium og spesialrom for animasjon, avisredaksjon, TV- og radiostudio.

KAARSTAD-HUSET
Kaarstad ligg vest for Berte Kanutte-huset og er det eldste bygget  på campus. Kaarstad-huset, med sin karakteristiske gulfarge, er eit kjennemerke for lærarutdanninga i volda. Her finn du rom tilrettelagt for musikk, og matkultur og helse samt kantine.

KAARSTAD-HUSET 1981
I dei seinare år har Kaarstad-huset fått eit tilbygg, Kaarstad-huset 1981, med fasilitetar tilrettelagt for drama, musikk, kunst og handverk. Avdeling for kulturfag held til her.

SYNNØVE RISTE-HUSET
Synnøve Riste-huset er tilknytt Berte Kanutte-huset og er høgskulen sitt nyaste bygg. Kontorbygget på tre etasjar samlar store delar av Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.