Biblioteket



Biblioteket ligg i Berte Kanutte-huset og er ei sentral kunnskapskjelde for studentar og tilsette ved høgskulen.

LÅN
Du kan låne bøker, aviser, tidsskrift, musikk og filmar. Studentkortet ditt fungerer som lånekort.

LITTERATURSØK
Med søkevertøyet ORIA kan du finne det meste i biblioteket vårt. Alle nye studentar får tilbod om opplæring i bruk av biblioteket.

BIBLIOTEKLOKALA
Vi har om lag 240 arbeidsplassar fordelt på to etasjar. I 2. etasje er det to lesesalar - ein heilt stille og ein der du kan bruke din eigen pc. Her er goså sju grupperom. I 1. etasje har vi eit datarom med 9 pc-ar. I kvar etasje har vi kombinert skrivar/kopimaskin. For å bruke desse treng du studentkortet ditt.

Opningstider:
Måndag - Onsdag: 08:30-20:00
Torsdag: 10:00-20:00
Fredag: 08:30-17:00
Laurdag: 10:00-15:00

Biblioteket finn du her