«Kunnskap for framtida»

Første veka i Volda

Offisiell opning

Det er offisiell opning av haustsemesteret 2017 tysdag 15. august klokka 12.00

Oppmøte til ditt studium

Møt opp til det tidspunktet som er oppgitt for studiet ditt. Her får du viktig informasjon om studiet og undervisingsopplegget, pensum, og praktiske forhold. Ikkje alle studium har informasjonsmøte. Finn praktisk informasjon om studia her.

Fadderveka

Ønskjer du å bli raskt kjent med studentmiljøet? Fadderveka er startstreken for studietida, med minne for livet. Du og klassen din blir møtt av ein hyggeleg fadder som hjelper deg å bli kjent med studiestaden i starten. Det er ulike aktivitetar, og ulike studentorganisasjonar får vist seg fram - dei fleste finn noko dei likar. Program kjem på www.fadderveka.no.

Studentkort

Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få studentkort
Studentkortet er nøkkelkort på campus, lånekort på biblioteket, og styrer tilgang til kopimaskin og printer. Første veka får du studentkort i 2. etg. på Berte Kanutte-huset. Elles kan du få tak i studentkortet i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset.

Semesterkvittering/ STUDENTBEVIsapp

Vi brukar StudentbevisApp som semesterkvittering. Dette viser at du er aktiv student, men nokre treng likevel semesterkvittering på papir. Det kan du bestille frå Studentweb når du har betalt semesteravgift og er ferdig å registrere deg.
Les meir om semesterkvittering/studentbevisapp.

Er du nettstudent?

Er du student på nettstudium? Du må betale semesteravgift, og registrere deg, på lik linje med studentar i Volda. Dette gir deg tilgang til e-læringssystemet Canvas (erstattar Fronter). Der finn du informasjon om studiet og undervisningsaktivitetane, delt inn i  emne. Du får tilgang til dei emna du har registrert i Studentweb.