«Kunnskap for framtida»

Første veka i Volda

Offisiell opning

Det er offisiell opning av haustsemesteret 2017 tysdag 15. august klokka 12.00

Oppmøte til ditt studium

Møt opp til det tidspunktet som er oppgitt for studiet ditt. Her får du viktig informasjon om studiet og undervisingsopplegget, pensum, og praktiske forhold. Ikkje alle studium har informasjonsmøte. Finn praktisk informasjon om studia her.

Fadderveka

Ønskjer du å bli raskt kjent med studentmiljøet? Fadderveka er startstreken for studietida, med minne for livet. Du og klassen din blir møtt av ein hyggeleg fadder som hjelper deg å bli kjent med studiestaden i starten. Det er ulike aktivitetar, og ulike studentorganisasjonar får vist seg fram - dei fleste finn noko dei likar. Program kjem på www.fadderveka.no.

Studentkort

Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få studentkort
Studentkortet er nøkkelkort på campus, lånekort på biblioteket, og styrer tilgang til kopimaskin og printer. Første veka får du studentkort i 2. etg. på Berte Kanutte-huset. Elles kan du få tak i studentkortet i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset.

Semesterkvittering/ STUDENTBEVIsapp

Du får semesterkvittering automatisk når du har betalt semesteravgift og er ferdig å registrere deg. Før 15. august sender vi den til heimeadressa di, deretter til semesteradresse, viss du har registrert det i StudentWeb.
Les meir om semesterkvittering.

Vi tek no i bruk StudentbevisApp - denne skal etter kvart erstatte kvittering på papir. Kvittering på papir eller i App skal vere likeverdige.

Er du nettstudent?

Er du student på nettstudium? Du må betale semesteravgift, og registrere deg, på lik linje med studentar i Volda. Dette gir deg tilgang til e-læringssystemet Canvas. Der finn du informasjon om studiet og undervisningsaktivitetane, delt inn i "rom" for kvart emne. Du får tilgang til dei emna du har registrert i StudentWeb.