«Kunnskap for framtida»

Før du kjem til Volda

Dette er ei oversikt over ting du kan ordne før du kjem til Volda.

Registrering

Søkje lån og stipend

For å kunne motta lån og stipend må du ha fått tilbod om studieplass, tatt mot plassen, registrert deg og betalt avgift. Lånekassen får automatisk melding frå høgskulen når dette er i orden. 
Du kan søkje før du veit om du har fått plass, og slik sikre at utbetalinga kjem til studiestart. Informasjon og søknadsskjema finn du på nettsidene til Lånekassen.

Bolig

Ein passande bolig er viktig for trivselen i studietida. Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) disponerer 402 studentbustader i Volda, som passar for ulike behov. Utanom søknadsfristane er det løpande tildeling dersom SfS har ledige bustader.
Du finn informasjon og kan søkje her. 

tilrettelegging

Har du utfordringar som dysleksi, sjukdom, nedsett funksjon eller anna? Ta kontakt for å få meir informasjon, og kanskje tilrettelegging. Små grep kan gjere stor forskjell. 
Les meir om tilrettelegging.

Søk om godkjenning

Utdanning som passar som del av studiet du skal ta i Volda, kan bli godkjent ved at du søkjer om godskriving. Dette blir oftast godkjent i valgfrie delar av studiet. Vi kan også godskrive utdanning  som tilsvarar obligatoriske delar av utdanninga, dersom du dokumenterer at du har teke liknande emne frå før. Studieplanen viser kva som er obligatoriske emne og valg i studiet.  Les meir om godskriving her.