«Kunnskap for framtida»

Studiestart i Volda 2017

Vi ønsker alle studentar velkommen til studiestart tysdag 15. august. Den offisielle opninga føregår utandørs, mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset.

FELLESPROGRAM:

  • 12.00: Offisiell opning, med helsingar, talar, musikk og utdeling av studentprisen.
  • 12.45: Fadder-organisering. Gruppene går til faglege orienteringar.
  • 13.15: Faglege orienteringar.
  • 14.30  Fadderane informerer og organiserer program fram til opningsfesten.

Om kvelden blir det konsert på Studenthuset Rokken.

REGISTRERING

Alle studentar skal registrere seg. Registreringa opnar 1. august.

Før du kjem til volda
Nokre praktiske ting er godt å ha på plass før du startar på studiet.

Finn fram på Campus
Last ned appen Mazemap for å finne fram på campus.

FØRSTE VEKA I VOLDA

Offisiell opning, avdelingsvise orienteringar og fadderveke.

INFORMASJON OM DITT STUDIUM

Her finn du praktisk informasjon om alle studium.

TILRETTELEGGING

Høgskulen skal vere tilgjengeleg, og du har rett til å få tilrettelegging ved behov. Les meir

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Her finn du svar på mange vanlege spørsmål som Høgskulen i Volda får frå nye studentar. T.d. om  hybel, barnehageplass, studentliv, registrering med meir.

ANDRE SPØRSMÅL? 

Du kan ta kontakt med Studentsørvis når som helst med spørsmål om studiestart eller andre ting. Les meir.