Orklas utviklingsstrategiar

Innlegg på Symposium om nordisk landsortspresstruktur under 1990-talet, Internationella Handelshögskolan i Jönköping, 13-15 september 1998

Av stipendiat Johann Roppen, Universitetet i Bergen/Høgskulen i Volda (1)

Det norske industriselskapet Orkla har sidan midten av 80-talet gjort store investeringar i mediesektoren. Hovudsakleg har selskapet investert i norske lokalaviser, men selskapet har også store investeringar i den norske vekeblad marknaden, i direkte reklame og i polske aviser og vekeblad. I fjor kjøpte Orkla si første svenske avis, Norrländska Socialdemokraten.

I ein relativt ny artikkel (Roppen 1997) har eg gjort greie for dei store linjene i Orkla si utvikling på den norske mediemarknaden, og har der også snakka ein del om dei overordna vekst strategiane til selskapet. Dei kan oppsummerast slik:

• Orkla veks gjennom oppkjøp av nr. 1 eller aleineaviser på lokale marknader.

• Avisene er relativt tett konsentrert, og selskapet prøver å oppnå synergi fyrst og fremst gjennom trykkjerisamarbeid, men i seinare tid også ved å opprette eit feature-byrå (Avisenes Pressebyrå).

• I den daglege drifta er Orkla-avisene relativt sjølvstendige - innanfor strengt definerte økonomiske rammer, og der nitidig økonomisk rapportering pregar kvardagen.

Eg vil her fyrst seie litt om bakgrunnen for dr. gradsprosjektet eg arbeider med. Deretter vil eg skissere korleis den norske avismarknaden er delt mellom tre store konsern, og Orkla si rolle i det bildet. Sidan den største delen av publikum er frå Sverige, vil eg fortelje kvifor eg meiner Orkla ikkje blei kjøpar av Svenska Dagbladet. Til sist vil eg drøfte kva Orklas redaksjonelle strategi går ut på, og vil drøfte dette ut frå redaktøranes rolle i konsernet.

Forskingsprosjekt om Orkla

Sidan 1. august 1995 har forfattaren vore tilsett i eit dr. gradsstipendiat ved Universitetet i Bergen, og har arbeidd med ei dr. avhandling som har hatt eigarkonsentrasjon i media som tema, og der Orklas aviser har vore kasus. Designet i studien liknar på ein multi-case studie, der eg har undersøkt Orklas dagsaviser og særleg har vore oppteken av redaktøren si rolle innanfor eit konsern samanlikna med den tradisjonell redaktørrollen.

For å belyse dette har eg samla eit breidt tilfang av data om alle dei tretten norske dagsavisene Orkla kontrollerte i 1997, og har med eit unntak besøkt alle og intervjua noverande og tidlegare redaktørar og ein representant for journalistane. Desse intervjua er førebels ikkje tilgjengelege for analyse og presentasjon, då det er avtalt med kvar einskild intervjuperson at dei skal godkjenne bruken av materialet.(2)

Norske aviskonsern og norsk avisstruktur

Schibsted og Orkla er to av i alt tre svært dominerande norske avisselskapa. Det tredje er A-pressen. , som tidlegare heitte Norsk Arbeiderpresse. Schibsted eig 100 prosent dei i dei to største norske avisene: Den største laussalsavisa Verdens Gang, og det største annonseorganet; Aftenposten. I tillegg eig Schibsted andelar i dei aller største lokalavisene, og har også satellitt-trykk av Verdens Gang i fleire av desse avisene.

Orkla og A-pressen har dei siste åra delt dei mindre avisene (landsortstidningarna) i mellom seg. A-pressen har dei tre siste åra også kjøpt borgarlege aviser og har også i Lillehammer gått i allianse med tidlegare konkurrentar og slått saman dei to dagsavisene som har kome ut i byen. Det siste året etter at denne handelen vart gjort har det Indre Austlandsområdet vore prega av rivalisering mellom Orkla og A-pressen om avisene i regionen.

Dei siste avisene som framleis ikkje er kjøpt av dei store kjedene er nisjeaviser med lite konsentrert publikum (landsdekkjande), ein del borgarlege lokalaviser i Nord-Noreg og mindre fådagsaviser. I dei to siste åra har Vårt -Land konsernet kjøpt fleire fådagsaviser i «bibel-beltet», og Adresseavisen i Trondheim har gjennom kjøp av også små fådagsaviser fått eit tilnærma regionalt monopol i sin landsdel.

Eg vil peike på tre ting som skil Orkla frå dei to andre konserna:

1) Orkla er eit industrikonglomerat - med heilt andre tradisjonar enn dei to klassiske aviskonserna Schibsted og A-pressen.

2) Orkla konkurrerer både med A-pressen og med Orkla om posisjonar i norske aviser - men desse to konserna konkurrerer i svært liten grad med kvarandre.

3) Schibsted og A-pressen samarbeider tilsynelatande tett på fjernsynsmarknaden gjennom tunge investeringar i den riksdekkjande kommersielle fjernsynskanalen TV2 og lokal-tv stasjonen TV Norge.

Til dette siste punktet kan det også knytast ein kommentar som gjeld Orklas satsing på fjernsyn. Orkla prøvde på slutten av 80-talet å etablere ein eigen satellitt-distribuert tv-kanal, TV1, men mislukkast. I staden gjekk Orkla inn i TV Norge, som klarte seg. Tidleg på 90-talet søkte Orkla om konsesjon på TV2, og planla å bruke TV Norge i denne satsinga, men fekk ikkje konsesjonen. I 1993 selde Orkla og dei andre norske aksjonærane sine delar av TV Norge til SBS, og Orkla tente truleg nærare kr. 100 mill. på denne handelen. Orkla prøvde også å byggje alliansar for å få lokal-tv konsesjonar då desse vart utlyst 1996, men i staden kjøpte Schibsted seg inn i TV Norge, fekk med seg A-pressen og desse to har i praksis svært sterk innflytelse med både TV2 og TV Norge. Men førebels har dei tent lite pengar på TV-satsinga. Så status på fjernsynsmarknaden er i dag at Orkla har tent pengar på sine engasjement. Men det skjedde ved at selskapet selde medieaksjar - noko dei i prinsippet aldri gjer - og har i dag berre ein ubetydeleg rolle i den norske fjernsynsmarknaden.

Kvifor kjøpte ikkje Orkla Svenska Dagbladet?

Eg vil her peike på tre grunnar for at Orkla ikkje var aktuell som kjøpar av Svenska Dagbladet:

1) Svenska Dagbladet var for stor for Orkla
2) Svenska Dagbladet hadde feil marknadsposisjon
3) Interne leiingsproblem i Orkla

 

1) Svenska Dagbladet var for stor for Orkla

Avisene som Orkla eig 100 prosent har altså opplag under 45.000. Desse avisene er formelt sett eigd av Orkla Dagspresse. I større aviser er Orkla anten minoritetsaksjonær i (Bergens Tidende), eller så er avisene ikkje direkte eigd av Orkla Dagspresse, men av Orkla finans (Adresseavisen, Dagbladet og Dagens Næringsliv). I tillegg er Orklas toppleiar Jens P. Heyerdahl eigar av avisaksjar i Dagbladet og Dagens Næringsliv gjennom eit familieeigd selskap; Hamang papirfabrikk. Som om ikkje det var nok, har også buet etter den avdøde kona hans ein (15) prosent andel i Dagbladet.

Aviser som Orkla direkte kontrollerer har altså eit opplag langt under dei 200.000 som Svenska Dagbladet har. Orkla har altså ikkje eigentleg røynsle med å drive slike aviser - noko Schibsted har opparbeidd gjennom mange år med Aftenposten og Verdens Gang. Derimot passar nummer 1 avisa Norrländska Socialdemokraten med ca. 40.000 i opplag og eige trykkeri svært bra inn i Orkla fordi denne avisa ytre sett har mange likskapstrekk med Orklas større norske lokalaviser.

Om Orkla I Sverige fyl same strategi som i Noreg, så kan ein rekne med at Orkla ynskjer å oppnå ein viss regional konsentrasjon kring denne avisa - samstundes som det langt frå er utelukka at Orkla kjem til å kjøpe einskildaviser eller aviskjeder også andre stader i Sverige. I 1991 kjøpt Orkla alle Dagbladet sine lokalaviser - truleg til ein relativt lav pris.

Rett nok har Orkla røynsle med relativt store polske aviser, men det er ein marknad som er svært ulik den nordiske avismarknaden.

2) Svenska Dagbladet hadde feil marknadsposisjon

Avisene Orkla kjøper skal vere annonseleiande i sine marknader. Orkla har ikkje kjøpt nummer to aviser - utan når dei har fylgt med som ein del av mindre konsern. Alle Orkla sine dagsaviser er nummer ein aviser, eller aleineaviser. Svenska Dagbladet ville dermed som ei klar nummer to avis vere uaktuell også av den grunn.

Orkla har aldri kjøpt ei nr. 2 avis med tanke på å investere seg fram til nr. 1 posisjon. Det var vel då vanskeleg å tru at det skulle skje med ei så stor og kostnadskrevjande avis som Svenska Dagbladet.

3) Interne leiingsproblem i Orkla

Orkla som konsern har ein strategi som liknar mest på det Goold, Campell og Alexander kallar financial control style of management. (3) Kjenneteikn ved denne måten å drive eit konsern på er relativt sterkt lokalt sjølvstende i den daglege drifta og desentralisert strategisk planlegging, relativt klare resultatkrav formidla gjennom årsbudsjettet og ein liten konsernstab som fyrst og fremst fungerer som eit støtteapparat for leiinga i dei tilknytta selskapa og som skal verke som kontrollinstans med omsyn til resultatkrava. I tillegg arbeider konsernstaben heile tida med mulege nye prosjekt - det vil i praksis seie aviser som kan vere aktuelle for oppkjøp.

Finansiell kontroll strategien har sin motsats i selskap som fyl ein strateisk planleggings-strategi, der sentralisert planlegging vert utført av ein stor konsernstab og der økonomiske resultat til dels kan vert underordna det å gjennomføre planane. Dei fleste selskap ligg sånn midt i mellom, og fyl ein strategisk-kontroll strategi, der det er mindre vektlegging av store planar, og sterkare vektlegging av strategisk kontroll. (4)

I Orkla Dagspresse er det under ti tilsette. Dei mest sentrale personane er to direktørar som fordeler ansvaret for avisene seg i mellom. Det vil seie at gjennom dei to var Orkla representert i alle dei større avisene. Ved årsskiftet 1997-1998 slutta den eine av desse to direktørane, medan den andre kort tid etter vart utsett for ei bilulukke som gjorde at han sidan har gått sjukmeld. Andre personar i leiinga rykka inn i desse funksjonane, og selskapet hadde også ressursar å dra på frå andre delar av konsernet - fyrst og fremst Orkla Media. Men kan umuleg vere særleg freistande å gjennomføre eit såpass stort prosjekt som å kjøpe Svenska Dagbladet i ein slik situasjon.

Eigarskap og påverknad

Ulike modellar har vorte nytta for å beskrive korleis mediekonsern styrer avisene sine, og det er mulege påverknadar av innhald som vert rekna som den mest alvorlege typen av innverknad.

John McManus (5) syner korleis ulike forskarar kvar på sin kant har hevda at eigarar, annonsørar, journalistar, kjelder og publikum er den som i røynda har størst makt over media. I ein annan artikkel (6) har eg sjølv argumentert for at det er dårleg samanheng mellom teoriane på området og den empiriske forskinga. Her vil eg leggje mest på å presentere Orkla som case, kva er det Orkla gjer, utan å prøve å gjere diskusjonen veldig teoritung.

Orklas redaktørar

Den offisielle strategien til Orkla er at selskapet ikkje legg seg borti redaksjonelle prioriteringar til kvar einskild avis - så lenge det skjer innanfor dei vedtatte økonomiske rammene. Selskapet endrar då heller ikkje den redaksjonelle linja, slik det er formulert i vedtektene, når det gjeld til dømes politisk preferanse. No må det også seiast at alle avisene Orkla har kjøpt har vore ikkje-sosialistiske (borgarlege, konservative eller liberale). A-presse-aviser som hadde kunna passe inn i Orkla sin strategi har då heller ikkje vorte lagt ut for sal.

Eit kanskje overtydeleg døme på kva dette har å seie er ein leiarartikkel frå den konservative avisa Tønsbergs Blad frå 16. november 1994. Der står det å lese:

«Frykt for konkurranse?

Konsernsjef Jens P. Heyerdahl i Orkla, selskapet som også er majoritetseier i Tønsbergs Blad, er gått ut med en melding om at han vil stemme mot norsk medlemskap i Den europeiske union. I et fjernsynsintervju tirsdag understreket han at det for ham var et verdivalg, et valg om hva slags demokrati og folkestyre vi skal ha. Han la også til at han fryktet utenlandsk eierskap i norske bedrifter hvis vi ble medlemmer.

Vi tror at Heyerdahl også kunne ha føyet til engstelse for økt konkurranse på ett av Orklas markeder; nemlig hjemmemarkedet. En betydelig del av konsernets virksomhet dreier seg om produksjon av matvarer og drikkevarer for det norske marked ved bedrifter som Stabburet, Nora, Ringnes, Frydenlund, Bakers, Regal Mølle, Sætre, Kim og Nidar for å nevne noen av dem. (...)

Forøvrig er det interessant å notere seg at ledelsen i Orkla-konsernets største bedrift, Borregaard, har meddelt at for deres virksomhet vil EU-medlemsskap være mege avgjørende. Den samme positive interesse for medlemsskap har andre av konsernets bedrifter og de 15 aviser, hvor man er majoritetseier eller har en stor eierandel, gitt uttrykk for. Når disse bedrifter har inntatt slike standpunkter må vi tro at de også har kastet et blikk på egne regnskapers bunnlinjer og sett at det kan være muligheter for større gevinst om man er innenfor enn om man blir stående utenfor. Vi antar at konsernsjefen deler denne interessen. (...). (7)

Det høyrer med å fortelje at den norske EU-avrøystinga vart gjennomført 28. november 1994.

I dette dømet er det altså avisredaktøren som instruerer toppleiaren i konsernet i ei brennaktuell politisk sak. Avisa er elles rekna for å vere svært konservativ. (8)

Redaktør og direktør

På same måte som avisene har fått halde fram som før, så har også leiinga fått halde fram som før. Ikkje i noko tilfelle har Orkla gått inn i avisene og bytt ut den daglege leiinga like etter overtaking. Det har då selskapet knapt nok personale til å gjennomføre, utan å flytte folk mellom ulike aviser. Redaktørar har slutta - nokre av dei sikkert litt meir mot sin vilje enn motsett, men det er ingen av dei som har sagt at Orkla har lagt seg borti redaksjonelle prioriteringar.

Då Orkla gjekk inn i avisbransjen møtte selskapet ei ny form for toppleiing, ved at aviser har både ein administrativ og redaksjonell toppleiar. I 1989 vart det laga eit dokument der grensene mellom redaktør og direktør sine ansvarsområde skulle gåast opp. Der står det mellom anna å lese:

«Konklusjonen må bli at ansvarlig redaktør har redaksjonell frihet innenfor rammene av de budsjetter som styret vedtar. Redaktøren har ingen vetorett når budsjettene skal vedtas, men utstrakt mulighet til påvirkning gjennom sitt samarbeide med direktøren under utarbeidelsen av budsjettforslag og ved at han har møte- og talerett på styremøtet, der budsjettene vedtas. (...)

Det er rimelig å tro at dersom en konflikt oppstår i «gråsonen» mellom redaktørens uinnskrenkede redaksjonelle frihet og direktør/styrets frihet til å vedta budsjetter, og en slik konflikt ikke kan løses i meglingsinstansene, så er det redaktøren som må gi seg - siden avtalene gir styret uinnskrenket rett til å vedta budsjetter og at redaktøren må innordne seg dem.» (9)

Det er altså etter Orkla si meining lita tvil om at styret og budsjettet har øvste mynde i avisa. I kva grad «gråsone-saker» faktisk har vorte sett på spissen er vanskeleg å vite. Dei er i så fall ennå ikkje allment kjende.

Lenger ute i same dokument vert desse prinsippa noko konkretisert. Det vert mellom anna slått fast at utviding av dekkingsområde er ei sak for styret - og i somme høve generalforsamlinga. Styret bestemmer også over oppretting og reduksjon av stillingar, utgjevingstakt, formatendring, overordna retningsliner for forholdet mellom annonsar og redaksjonelt stoff.

I eit eige punkt er redaktøren sitt ansvar for inntening omtala. Spørsmålet blir reist: Kva ansvar har redaktøren om avisa ikkje når sine inntektsmål. Det er noko uklart kva svar dokumentet gir, men i siste setning står det:

«Dersom hans [redaktørens] meninger skaper store økonomiske problemer for bladet, må styret i samarbeid med pressens organer, prøve å løse konflikten i minnelighet.» (10)

Dette tyder vel på at redaktøren helst får sparken.

Einleiar-modellen

Det er ei utbreidd oppfatning at Orkla innfører einleiarmodellen i sine aviser, noko mange journalistar er kritiske til. Dette er ei heilt feil oppfatning av det som skjer. I åra Orkla har vore inne i avismarknaden har det vore ein sterk vekst i talet på aviser som nyttar einleiarmodellen. Orkla sa så tidleg som i 1988 at deira haldning var at to-leiarmodellen var best.11 Men i praksis har Orkla svært så ofte tilsett ein-leiarar, nesten like ofte som dei har halde seg til to-leiarmodellen. Det er berre dei små og mellomstore avisene som nyttar einleiar-modellen. Ingen aviser med meir enn 20.000 i opplag har einleiarar.

Alle avisene som fyl einleiar modellen ligg i Oslofjord-området. Sunnmørsposten hadde før Orkla kjøpte avisa redaktør og direktør. Orkla endra på det og tilsette ein direktør i ei anna avis - fyrst som direktør og seinare som ein-leiar. Etter at Sunnmørsposten hadde kome ut av krisa gjekk avisa attende til to-leiarmodellen.

Det er også verd å merke seg at alle Orklas redaktørar har betydeleg redaksjonell praksis. Det er vel eigentleg berre i overgangsperiodar som i dømet med Sunnmørsposten at ein administrativ leiar tek over den øvste leiinga i redaksjonen. Det er altså ikkje noko direkte «mba-ifisering» av redaksjonane. (12) Det er heller ikkje teikn som tyder på at Orkla prøver å byte ut redaksjonell kompetanse med folk frå andre delar av konsernet. Ein studie av Martha N. Matthews syner at her er det store skilnader mellom amerikanske aviskjeder. (13)

Konsern-redaktørar?

Ein teoretisk basert studie av redaktørrollen i amerikanske aviser (14) identifiserte tre viktige påverknadskjelder for avisredaktørar: Journalist-profesjonen, lokalsamfunnet og konsernet. Resonnementet i artikkelen er at aviskjedene ville prøve ut leiaremne i ulike aviser, og dermed flytte dei rundt. Det ville då bokstavleg tala rykkje opp med røtene lojaliteten til lokalsamfunnet, og over tid styrke tilknytinga først og fremst til konsernet.

Skal teorien omplantast til ein nordisk kontekst er det to viktige problem knytt til teorien. For det fyrste må ein her ta omsyn til at avisene har ei nyare historie som partiaviser enn amerikanske aviser. I USA hadde dei fleste avisene kutta koplinga til partia alt rundt 1900.15 For det andre er det langt større mobilitet i det amerikanske næringslivet enn det er i Noreg.

Det første av desse perspektiva er viktig med tanke på at det i ei partiavis ideelt sett ikkje var nokon skilnad mellom avisa sine mål og partiet sine mål. Avisene var verkty for partiet. Men at avisredaktørar også kunne vere mektige partifolk var også eit faktum. (16) I dagens kontekst er dette eit viktig poeng, fordi det er relativt kort tid sidan det å følgje partiets direktiv var noko som ein redaktør nærast var forplikta til å gjere. I dag har dette endra seg slik at eigaren dels ikkje har noko offisiell meining om kva avisa skal meine i aktuelle spørsmål. Dels så er det viktig for avisredaktørane å understreke at dei er uavhengige av eigaren.

Skal ein forsøksvis overføre modellen til Orklas redaktørar, så kan ein ha som utgangspunkt at partiet si rolle har vorte sterkt svekkja. Eigaren si rolle har vorte sterkare gjennom konserndanningar og dermed innføring av profesjonelt eigarskap. Kva relasjon redaktørane har til journalistprofesjonen er eit spørsmål som vanskeleg kan svarast på her, og der data som er i ferd med å verte gjort tilgjengeleg for forsking vil vere viktig.

Det skal likevel peikast på to sett av data som kanskje kan indikere noko om tilknyting til i alle fall delar av journalistprofesjonen: For det fyrste tildeling av prisar for undersøkjande journalistikk, og for det andre fellande fråsegner frå Pressens Faglege Utval.

Orkla, undersøkjande journalistikk og presseetikk

SKUP er ei forkorting for «Sammenslutningen for en Kritisk og Undersøkende Presse». Organisasjonen arbeider for å fremje kritisk og undersøkjande journalistikk, og har sidan 1991 vurdert og premiert journalistiske arbeid. Som regel vert det delt ut ein SKUP-pris, og i tillegg diplom til nokre få andre. Prisane kan vinnast både av aviser og av andre media.

Nesten kvart einaste år har det vore døme på at SKUP-prisar har gått til lokalaviser:

_________________________________________________

SKUP-prisar til lokalaviser 1991-1997. Ca. opplag 1997.

_________________________________________________

1991: Diplom til Hamar Dagblad (28.000).

1992: Diplom til Glåmdalen (A) (22.000)

1993: Diplom til Nordlands Framtid (A) (21.000) og Firdaposten (A) (6.000)

1994: SKUP pris til Fremover (A) (10.000)

1995: (Ingen pris til lokalaviser)

1996: Diplom til Østlandsposten (A) (14.000)

1997: Diplom til Nordlands Framtid (A) (21.000) og Nordlandsposten (17.000)

 

I tillegg har Bergens Tidende, der Orkla eig 27 prosent, vunne fleire prisar.

_________________________________________________

Det interessante med tabellen ovanfor er at seks av dei åtte lokalavisene høyrer til A-pressen, og ingen er eigd av Orkla. Med unntak av Firdaposten er alle desse seks avisene anten aleineaviser eller størst på utgjevarstaden. Østlandsposten er den einaste av A-presseavisene som er ny i konsernet - alle dei andre har lang tradisjon som A-presseaviser. Ingen av prisvinnarane konkurrerer med Orkla-aviser.

Det er nokså påfallande at ingen Orkla-aviser har vunne prisar - Orkla er jo ein stor eigar i norsk presse, og eig dei potensielt sett svært ressurssterke lokalavisene Drammens Tidende og Buskeruds Blad, Tønsbergs Blad, Varden, Haugesunds Avis og Sunnmørsposten. Men ingen av desse avisene har vunne nokon av desse prisane.

Eit generelt kjenneteikn ved SKUP prisane er at dei vert tildelt journalistar som har arbeidd langsiktig, kritisk og oppsøkjande med ei sak. Dette er gjerne svært ressurskrevjande arbeid, og dermed dyrt. Det er ikkje med det sagt at Orkla avisene nedprioriterer journalistikk som er meir enn vanleg kostesam å gjennomføre, men dette er eit punkt som vil bli følgt opp seinare.

Det andre momentet gjeld presseetikk. Ein gjennomgang av sakene som har vore oppe i Pressens Faglege Utval syner at Orklas aviser vil oftare bryte presseetiske reglar når dei konkurrerer med ein aggressiv konkurrent enn når dei er aleineavis.

Ei førebels oppfatning av Orklas journalistikk blir då at får Orklas avis monopol, så blir det lite presseetiske kontroversar, og heller ikkje SKUP-prisar.

Tilknyting til lokalsamfunnet

Men det siste momentet - tilknytinga til lokalsamfunnet - er det i alle fall muleg å få eit delsvar på. Dei langt fleste av Orklas redaktørar har gått gradene i si eiga avis eller i naboavisa. Dei har dermed fleire års erfaring frå lokalsamfunnet som avisa vender seg til - og somme er også fødde og oppvaksne der. Men det er ei handfull Orkla-redaktørar som har fått redaktør-jobbar i andre Orkla-aviser. Kva så med desse - kva kan dei fortelje om Orklas oppbygging av eit konsern-lojalt korps av redaktørar? Her vil eg peike på at desse redaktørane med eit unntak ikkje har bytta bustadkommune når dei har bytta jobb.

Leif Magne Flemmen var redaktør i Sandefjords Blad, og fekk eit treårig engasjement i Varden i Skien. Han har pendla mellom dei to byane i heile tilsettingsperioden. Marit Haukom budde på same stad då ho kom frå Tønsbergs Blad, og først vart redaktør i Gjengangeren i nabokommunen Horten, deretter i Østlandets Blad, for så å vende attende til Tønsbergs Blad der ho i dag er sjefredaktør. Romsdals Budstikke sin redaktør Richard Neergaard kom frå dotterselskapet Åndalsnes Avis, men har ikkje bytta bustadkommune. Pål Bjerketvedt kom frå Gjengangeren og vart den fyrste redaktøren i Orklas pressebyrå. Arbeidsstaden vart då Oslo, men han flytta ikkje då han skifta jobb.

Den einaste som har flytta er Dag N. Kristoffersen som var redaktør i Gjengangeren og flytta til Kongsberg og Laagendalsposten etter eit opphald utanfor Orkla. Han er den einaste av desse nemnde redaktørane som ikkje har familie. Dette er få personar, men mønsteret er klart: Redaktørane har ikkje lett for å flytte på seg, og det kan tyde på at tilknytinga til lokalsamfunnet ikkje er ubetydeleg. (17)

Avslutning: Stabilitet eller endring?

Orkla Media er ein del av Orkla-konsernet, og er ein del av eit av dei aller største industrikonsern i Noreg. Schibsted og A-pressen såg nok med både frykt og nyfikne på den nye aktøren på marknaden, og i dag har dei to tradisjonelt sett ideologiske motstandarane funne fram til kvarandre og samarbeider tett om kommersielt fjernsyn. Orkla har på få år kjøpt opp nesten det som har vore av dagsaviser, snudd somme av dei frå underskot til overskot, og er også ein internasjonal aktør gjennom engasjement i polske aviser og vekeblad. På det nasjonale planet er det liten tvil om at Orklas aktivitetar har ført til svære endringar i medielandskapet.

Men i kva grad har Orklas oppkjøp hatt noko å seie på lokalplanet - for lokalsamfunnet. Eg trur vel eigentleg at det ikkje har hatt så mykje å seie. For å snakke i Orkla-terminologi: Aviser er merkevarer som kanskje har brukt hundre og femti år på å byggje seg opp. Du gjer ikkje over natta grunnleggjande endringar med ei slik vare, som har synt seg levefør i marknaden og som har vorte ein del av kvardagslivet til folk. (18)

Referansar:

Baldasty, Gerald J. (1992): The Commercialization of News in the Nineteenth Century, University of Wisconsin Press, Madison

Futsæter, Knut-Arne (1991): Avislesing i et sosio-kulturet perspektiv, rapport nr. 3, Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo, Oslo

Goold Campbell og Alexander (1994): Corporate-Level Strategy. Creating Value in the Multibusiness Company, John Wiley & Sons, Inc, New York

Høst, Sigurd (1996): Aviskonkurransen. Nye og gamle teorier belyst gjennom A-pressens utvikling, Institutt for Journalistikk, Fredrikstad

Høyer, Svennik (1995): Pressen mellom teknologi og samfunn, Universitetsforlaget, Oslo

Matthews, Martha N. (1997): "Pathway to the Top: How the Top Newspaper Chains Train and Promote Publishers", i Charles Warner (red.): Media Management Review, Lawrence Erlbaum, Mahwah NJ

McManus, John H. (1994): Market-Driven Journalism. Let the Citizen beware? Sage, Thousand Oaks - London - New Delhi

Olsen, Einar (1981): "Makt og myter i arbeiderpressen", Pressens Årbog 1981, CA Reitzels Boghandel, København

Orkla Media Informerer (1988-1997): Årleg informasjonsblad frå Orkla Media

Roppen, Johann (1997): "Industriell eigarskap og kontroll over massemedia. Orkla media som kasus.", i Lars J. Hultén (1997): Så kommer journalistik till. En antologi om journalistikens produktionsprocesser, Rapport 1997:8 Mitthögskolan, Sundsvall

Roppen, Johann (1998): "The Problem of No-effects of Media Concentration", in Ulla Carlsson: The XIII Nordic Conference on Mass Communication Research, Nordicom Review nr. 1, Juni 1998, Göteborg

Orkla media (1989): Ansvarsfordelingen i aviser - retningslinjer, datert februar 1989

Underwood, Doug (1993): When MBAs Rule the Newsroom. How the Marketers and Managers Are Reshaping Today's Media, Columbia University Press, New York

 

Fotnotar

(1) http://www.hivolda.no/amf/tilsette/roppen.html, e-post: jr@hivolda.no, tlf. +47 7007 5164, + 47 22 47 68 80

(2) Arbeidet med avhandlinga vil i tida framover vike plass for arbeid med eigarkonsentrasjon på ein litt annan måte, fordi eg har vorte tilsett som rådgjevar for det nyoppretta Eigarskapstilsynet som skal overvake alle kjøp og samanslåingar i dagspresse, radio og fjernsyn i Noreg. Eg tok til i denne stillinga 1. oktober 1998.

(3) Goold, Campbell og Alexander 1993

(4) Goold, Campell og Alexander 1993, side 412

(5) McManus 1993, side 32

(6) Roppen 1998

(7) Leiar i Tønsbergs Blad 16. november 1994: «Frykt for konkurranse?»

(8) I selskapet sine vedtekter står det at avisa sitt føremål er: «... å fremme det konservative livssyn.»

(9) Orkla Media 1989, side 12

(10) Orkla Media 1989, side 15

(11) Dagspressen nr. 2/1988, nr. 8/1989

(12) Underwood, Doug (1993): When MBAs Rule the Newsroom. How the Marketers and Managers Are Reshaping Today's Media, Columbia University Press, New York

(13) Matthews, Martha N. (1997): "Pathway to the Top: How the Top Newspaper Chains Train and Promote Publishers", i Charles Warner (red.): Media Management Review, Lawrence Erlbaum, Mahwah NJ

(14) Parsons, Patrick, John Finnegan (jr.) and William Benham (1988): "Editors and their roles", in Picard, Robert L. (et.al.): Press Concentration and Monopoly.New Perspectives on Newspaper Ownership and Operation, Ablex, Norwood, NJ

(15) Baldasty 1992

(16) Jf. Høst 1996, Høyer 1995, Olsen 1981

(17) Jf. Futsæter 1991

(18) Til dømes direktør Per H. Westli på debattmøte om aviskonsern i Sandefjord, 3. februar 1998