[Utkast. MŒ ikkje siterast.

Multimedielina.

Utkast til utgreiing om CD-ROM og Internett og korleis Avdeling for mediefag skal forholde seg til desse media i utdanningane vi tilbyr. Utkastet kan kommenterast til meg, men må ikkje siterast!

[Utkast. Må ikkje siterast!]

Av Johann Roppen, 20. desember 1996.

 

Bakgrunn

Innleiing og definisjonar

Teoretiske perspektiv på digitale media

Utdanning og forsking

Avdeling for mediefag og digitale media

Fagplan for påbygningskurs i digitale media.

Mulege samarbeidspartnerar

Digitale media og knutepunktfunksjonen

Kjelder

 

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


BAKGRUNN

Torill Mortensen (informasjonsfag/medievitskap), Thomas Lewe (grafisk design/animasjon) og Johann Roppen (journalistikk/medievitskap) fekk i januar i oppdrag å utgreie korleis AMF skulle forholde seg til utviklinga innan digitale media.

Denne rapporten er resultatet av arbeidet. Hovudsynet vårt har vore at dette er viktige og spanande ting sett frå ei rekkje synsstader og AMF bør finne ut korleis digitale media kan integrerast i aktivitetane ved avdelinga. Dette synet har då også i løpet av året vorte arbeidd inn i siste årsplanen for avdelinga.

Dokumentet er sluttført av Johann Roppen.

 

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


INNLEIING OG DEFINISJONAR

Omgrep som digitale media, multimedia og hypermedia vert nytta på ulike måtar av ulike forfattarar og forskarar. Felles for det som desse omgrepa prøver å dekkje er at i dag veks det fram nye medieuttrykk som er samansette av medium som tidlegare har vorte rekna som sjølvstendige. Desse nye uttrykka er gjerne samansette av både tekst, stillbilde, lyd, grafiske element og levande bilde; dei utnyttar datateknologi for lagring, bearbeiding og formidling og har gjerne interaktive eigenskapar. Interaktivitet vil seie at brukarane sjølve kan styre viktige delar av formidlinga. Omgrepet digitale media er kanskje uttrykket som er mest tenleg som samlenemning på desse nye media.

Dei to viktigaste artane (kanalane) av digitale media er i dag CD-rom teknologi og Internett. I denne samanhengen er det skilnaden på dei to media når det gjeld oppdateringstid som er det i mest interessante. Om me ser vekk frå dei interaktive eigenskapane, kan CD-rom samanliknast med ei bok eller ein film. Det må kome ei ny plate eller ein ny videokassett i staden for den gamle før du kan få noko nytt. Internett kan best samanliknast med CNN. 24 timars kontinuerleg oppdatering i lyd, bilde, film og tekst. Naturlegvis fins det også hybridar; CD-rom plater der informasjonen kan oppdaterast gjennom Internett, og CD-rom plater som kan lesast gjennom eit datanettverk.

CD-rom er eit medium som høver godt for levande bilde og lydbasert innhald. Internett klarer førebels ikkje klarer å oveføre data snøgt nok til at ein til dømes kan sjå levande bilde «på direkten», i alle høve ikkje i meir enn eit bittelite skjermbilde i gongen. Utviklinga går svært fort på dette området, og det er muleg at det i løpet av kort tid vil finnast system som kan klare dette, og at dei to kanalane CD-Rom og Internett dermed vil nærme seg kvarandre når det gjeld tekniske mulegheiter.

CD-rom produksjonar er svært ofte dataspel, men det fins også leksikon, ordbøker og skjønnlitteratur på CD-rom plater, i tillegg til samlingar av dataprogram. CD-rom produksjonar er svært dyre å produsere og distribuere, og den norske marknaden er svært liten. Den nye CD-rom standarden DVD kan kanskje gi nytt liv til mediet. Med DVD er det muleg t.d. å lagre heile spelefilmar på ei plate som er like stor som ein vanleg CD.

Internett er eigentleg namnet på eit stort datanettverk som knyter saman mange mindre nettverk. Ved at dei ulike nettverka og datamaskinane som styrer dei, snakkar same «språk» (TCP/IP) kan informasjonen bli utveksla mellom brukarar som har heilt ulike teknologiske løysingar. Med utgangspunkt i TCP/IP har det vorte skrive mange ulike dataprogram for Internettkommunikasjon. Tidlegare var det eigne program for kvar einskild funksjon. Du måtte nytte eit program for elektronisk post, eit program for å hente filer, eit tredje for å lese og skrie til nyhendegrupper, eit fjerde for å kople seg til ein datamaskin og så vidare. Nyare program, som Netscape, har innebygd mange av desse funksjonane og kan i tillegg lese hypertekst som World Wide Web er bygd opp av. Dei siste versjonane av Netscape kan både lese tekst, bilde, lyd og film, og i tillegg fungere som lyd- og bildetelefon.

 

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


TEORETISKE PERSPEKTIV PÅ DIGITALE MEDIA

Medieutdanningar er stort sett opptekne av å studere massemedia som fenomen. Er digitale media massemedia i vanleg tyding?

Teknologisk sett er det CD-rom plater som i størst grad minner om tradisjonelle massemedia. Det einaste som skil ei CD-rom plate frå ein videokassett er at CD-rom produksjonar som regel har interaktive eigenskapar som gjer at brukarane får ei heilt anna oppleving enn frå ein videokassett.

Internett er langt vanskelegare å plassere. Schwebs/Østbye (1995:25) skil mellom personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. I høve til vanlege massemedia skil Internett seg ut ved at sendarrolla ikkje er fastlåst. Alle som er på nett kan sjølve bli sendarar. Det krevst inga spesiell utdanning eller særskilde institusjonar for å kunne bli det, men kunnskapar må ein likevel ha.

Mottakarane kan både vere fullstendig framande for sendar, og dei kan vere velkjende, alt etter kva program ein er inne på. Det er vanskeleg å vite kven som les web-sida di, om du ikkje spør kven folk er på førehand, eller får tilbakemelding i etterkant, men i mailinglister veit ein i prinsippet kven som er mottakarar - i det minste i små lister. Det er også muleg for mottakarane å kome i direkte kontakt med sendar, og kan gi direkte tilbakemelding. Dette til skilnad frå vanlege massemedia.

Ser me på personleg kommunikasjon finn me også her både samanfall og avvik med Internett Det viktigaste avviket er at personleg kommunikasjon som oftast er teknologifritt, medan Internett er fullstendig avhengig av teknologi, og det er kanskje det viktigaste skiljet mellom tradisjonell personleg kommunikasjon og Internett-kommunikasjon.

Når det gjeld innhaldet som vert formidla gjennom Internett, så kjem det klarast fram at Internett kan både vere ein berar av personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. Bodskapane på Internett kan vere standardiserte som til dømes eit sendeskjema i radio og fjernsyn, men som regel er dei det ikkje. Det har vorte halde konsertar på Internett, og det har vorte halde politiske talar. P4 og NTB legg ut sitt materiale til faste tider, men du kan lese det når du vil. Nyhendegruppene er i prinsippet meint som overskrifter over nokså faste, gitte tema, innanfor eit slags sams fokus. Som til dømes gruppa no.språk for diskusjonar om norsk språk. Men om det verkeleg berre vert diskutert norsk språk på gruppa er det fullstendig opp til brukarane å avgjere. Og på heimesidene til folk fins dei mest uventa ting. Bodskapane på Internett kan også vere fullstendig personlege, som i e-post.

Konklusjonen er at Internett representerer eit nytt kommunikasjonsmiljø, ein ny måte å kommunisere på som i prinsippet kan nyttast både til å formidle personleg kommunikasjon og massekommunikasjon. Det framtidige bruksmønsteret er det uråd å seie korleis blir.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Bits og atomar

Den amerikanske tekno-guruen Nicholas Negroponte (Negroponte 1995) hevdar at den teknologiske utviklinga går i retninga av at større og større verdiar vert produserte og selde som bits, og ikkje som atomar. Ei bok eller ein videokassett er i prinsippet ei samling atom som me betalar ein pris for. NTB-nytt på nettet er digital informasjon, lagra som bits. Atomar representerer ressursar som går tapt. Bits finst i uavgrensa mengder og bits kan i prinsippet brukast til kva som helst. Dei same bitsa kan nyttast til å lagre kakeoppskrifter og dataprogram på. Har du trykt dagens avis på papir, så er det ein omstendeleg prosess å tilføre avisa ny informasjon. Negroponte hevdar i reindyrka teknologisk-deterministisk stil at verksemder som satsar på bits i det lange løp vil vinne, og dei som satsar på atom vil tape.

Med dagens høge papirprisar og med lågare inntekter til avisene, er det klart at Negroponte her har eit poeng. Informasjonen i aviser vert formidla som atomar, medan radio og fjernsyn vert formidla elektronisk.

Ei følgje av dette er at at alle media, også tradisjonelle, over tid vil måtta omstille seg til å formidle informasjonen sin digitalt. I kva form, og med kva tap og vinning, er usikkert.

Ein liten kommentar til dette synet: Bruken av papir til kontorbruk har aldri vore så stort som i dag, trass i at alle datamaskinane i prinsippet skulle gjere det unødvendig å kopiere bitsa over til papir-atom for at me skal få lese dei. Trykkeribransjen gjer det også godt på kontraktar til dataselskap som skal trykkje lærebøker til nye program. Om veksten i handel på nettet held fram, så burde også postverket kunne tene på det. Tingar eg ein kniv på e-postordre, så må nokon framleis bringe kniv-atoma til postkassa mi. Og Internett serverer framleis ikkje kaffi. Mat-atoma er det ikkje så lett å digitalisere.

Dei som ynskjer å balansere Negroponte med ein kunnskapsrik kritikar kan gå til Stoll (1995).

Media, data og kommunikasjon

Negroponte vert også sitert for å ha vore blant dei fyrste til å peike på at medieindustrien, dataindustrien og kommunikasjonsteknologisk industri er i ferd med å smelte saman, og samlingspunktet er innhald, formidling av innhald.

For ti år sidan dreiv Televerket stort sett med utbygging og vedlikehald av telenettet. Seinare starta Telenor også selje datamaskinar, på same måten som vanlege databutikkar. I dag er Telenor ein av dei viktigaste tilbydarane av Internett tenester, og produserer også innhaldet på mange av sine Internett-sider. Telenor tilbyr altså både innhald, tilkopling til Internett og datamaskinane som trengst for å få dette til.

Schibsted-gruppen er eit døme på eit mediekonsern som også utvidar frå tradisjonell avisdrift til å også drive med Internett-tenester (kommunikasjon) og er med det også inne i databransjen.

Schibsted og Telenor slo hausten 1996 saman internett-tenestene sine under namnet til Telenor-selskapet Scandinavia Online. Ein del av samarbeidsavtalen går ut på at aktørane skal reindyrke høvesvis nett-delen (Telenor) og innhaldsdelen (Schibsted).

Dei som starta firmaet Mogul media hadde sitt utgangspunkt i datafaglege miljø ved Universitetet i Oslo. Dei leverer i dag CD-rom produksjonar og Internett-sider på bestilling, og er såleis også inne på alle dei tre sektorane. Dataselskapet Microsoft er internasjonalt sett kanskje den viktigaste aktøren i denne nye sektoren. Microsoft eig rettane til operativsystemet Windows. Dei er også den største programvareleverandøren i verda gjennom programpakken Microsoft Office. Microsoft satsar no sterkt på å også å få ei sterk stilling i innhaldsproduksjon, og har dei siste åra kjøpt opp store film- og bildearkiv med tanke på dette (Wired 5/96)1 .

Det vert ofte sagt at: "Content is king" - Innhaldet er det interessante. I det lange løp er det innhaldet som vert formidla som er det viktigaste å ha kontroll over.

Då heime-videoen kom på marknaden var det tre standardar som konkurrerte. Sony hadde beta, som var den teknologisk sett beste løysinga, med best teknisk kvalitet. Men VHS-formatet er i dag einerådande, fordi det fanst flest filmar tilgjengelege på detet formatet.

I økonomisk historie har me ein klassis analogi til produksjon av barberhøvlar og barberblad. Produsentar gir gjerne bort høvlar for å få så mange kjøparar til sine barberblad som råd. Det er relativt lite å tene på eingongsinversteringa for høvelen. Over tid er det barberblada som ein må tene pengar på. I dag kan me kjøpe mobiltelefonar til ei krone, og produsentane får att pengane gjennom teljarstega. Internett byr her på eit av mange paradoks. Innhaldet er gratis. Barberblada er gratis, medan høvelen er nokså dyr.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Kvart medium sine nisjer

Ein lærdom frå mediehistoria er at ulike media dominerer i ulike epokar. Nye medium vil gjerne fortrenge gamle medium, men dei gamle media vil gjerne finne sine nisjer og leve vidare ved sidan av dei nye. Melvin DeFleur er gjerne teoretikaren som vert sitert på denne framstillinga.

Avisene var det fyrste massemediet.g Etter fyrste verdskrigen kom radioen på marknaden. Han fekk raskt svært stor utbreiing, og fortrengte delvis avisene (dette gjeld USA). Då fjernsynet kom etter andre verdskrigen måtte både radio og ikkje minst kino finne seg nye nisjer, ved sidan av det nye mediet. Radioen fann nisjer basert på innhald og sendetid, medan kinoen vart eit ungdomsmedium.

Ei nisje for digitale media?

I kva grad representerer digitale media noko nytt, som kan endre tilhøvet mellom media på same måte som tidlegare teknologiske nyvinningar? For å kunne svare på det skal me nytte Weibull (Weibull och Björkqvist1990) sin modell for bruksmønster for ulike media (sjå figur).

Dimensjonane i modellen er innhald og bruk, der innhaldet vert delt i informasjon og underhaldning, medan bruken vert delt inn i basis og overbygging. Media som vert rekna som basis er desse tre: Lokalavis, radio og nasjonalt fjernsyn. Andre media kan reknast som tilvalsmedia - media som vert nytta i den grad me har tid. Korleis høver digitale media inn i dette kartet?

CD-rom produksjonar er igjen noko lettare å plassere enn Internett. Dataspel høyrer heilt klart til under underhaldning, og er eit overbygnadsfenomen. Dei færraste er så avhengige av dataspel at det kan kallast for ein basisaktivitet. Leksikon og læremiddel på CD-rom ligg like klart innanfor informasjonsdelen av modellen.

Internett kan stutt sagt omfatte heile modellen - og meir til. Meir til fordi Internett også kan nyttast til personleg kommunikasjon. Så lenge bruken, og dermed bruksmønsteret er i så sterk utvikling er det i dag uråd å seie kva område Internett vil bli mest brukt til, kva plass det vil finne i modellen og kva fylgjer det får for andre medium.

Men me kjenner litt til dagens bruk av Internett. På nyhendegruppene finst det statistikk over kva grupper som vert mest lesne, og ut frå dette kan ein sette opp nokre hovudtyper av tema som brukarane går på internett for å få informasjon om. Noko forenkla kan hovudtypane samanfattast i ordet Media:

 

Media (Særleg film og musikk)

Erotikk (I vid tyding)

Data (Produktinformasjon, dataprogram, dataspel, diskusjonar)

Internett (Internett folk er opptekne av seg sjølv, dei også)

Alt muleg anna (Breidda i tilbodet er overveldande)

 

Andre forfattarar har nytta stikkordet SUS, for å beskrive det same. SUS står for Spel, Underhaldning og Sex.

Sjølv om dei teknologiske føresetnadene til Internett altså opnar for eit svært stort spekter av aktivitetar vil bruksmønsteret truleg finne nokså faste spor etterkvart.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Kven tek i bruk?

Generelt må det seiast at førebels har ikkje digitale media fått så stor utbreiing at dei kan reknast som allmenne media. Som nemnt er ikkje bruksmønsteret endeleg fastsett. Bruken av Internett før og etter at Netscape kom er svært ulik, og syner at teknologiske endringar kan gi mediet heilt ulike mulegheiter som kommunikasjonsverkty.

Undersøkingar syner at tre prosent av alle nordmenn har tilgang til Internett i heimen. Noko fleire har nok tilgang til PC med CD-rom, ikkje minst fordi dei fleste kommersielle dataspel vert formidla på denne måten. Veksten i internett-abonnement har vore svært sterk dei siste åra, og rundt 40 prosent av alle heimar i Noreg har i dag datamaskin.

I diffusjons-teoretiske termar kan me seie at Internett framleis er inne i den fyrste introduksjonsfasen, der dei som tek i bruk teknologien fyrst og fremst må klassifiserast som innovatørar. Om dei blir så mange at diffusjonsprosessen startar for alvor, er det vanskeleg å seie i dag. Eit kompliserande element i ein norsk samanheng er jo at alle universitets- og høgskuletilsett har Internett-tilkopling til sin skrivebords pc, og svært mange studentar har også vorte introdusert for Internett. Om diffusjonsprosessen eigentleg har kome lenger enn til den fyrste gruppa er altså muleg. Klart må det likevel vere at med ein såpass høg inngangsbillett som kr. 10-15.000, og med krava til kompetanse, så er det i dag svært mange som er forhindra frå å kople seg til nettet.

Finanisering av Internett

Det er nok grunn til å rekne med at kapitalinteresser vil styre denne utviklinga, slik me ser det i resten av medieverda. Informasjon, reklame og underhaldning blir då dei sentrale inntektskjeldene. Om brukarane må betale for informasjonen direkte eller om han blir heilt eller delvis reklamefinansiert, står att å sjå. Så lenge slagordet "information wants to be free" står vd lag på internett, så lenge brukarane ventar at Internett skal vere gratis i bruk, så lenge vil det vere vanskeleg å sjå at til dømes nyhendeformidling kan verte lønsam butikk. Det må i så fall vere svært spesialisert informasjon, til dømes til næringslivet, men kanalar for elektronisk formidling av slik informasjon har alt longe funnest. Reuter starta med elektronisk formidling av børsinformasjon alt i 1964, og treng ikkje Internett for å formidle dette.

Det offentlege eksperimenterer med å legge ut informasjon på nettet. Lund rapporten er truleg eit stjerneeksempel på at den nye teknologien har potenisale til å endre grunnleggande på informasjonsflyten i samfunnet.

Ein viktig skilnad mellom Internett bransjen og tradisjonelle media er at ein ikkje betalar for eit bestemt innhald, men tilgang til eit nokså brokut spekter av innhald. Å kjøpe tilgang til Internett kan samanliknast med å gjere ein avtale med Postverket om å få tilsendt post så mykje du vil, når du vil, men ikkje akkurat kva du vil. Ein gjer altså ikkje ein avtale direkte med ein innhaldsleverandør om levering i bestemte mengder eller til bestemte tider eller av eit bestemt innhald, men med leverandøren, postmannen. Postmannen kan rett nok ta med seg alt som finst, gjerne meir enn du klarer å få oversyn over, men korkje han eller nokon annan kan garantere at du får akkurat det du helst vil ha.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


UTDANNING OG UNDERVISNING

Ulike utdanningstyper vil vere relevante for ulike delar i høve til modellen av produksjonsprosessen. På dei aller fleste område vil det vere personar med ingeniør- og datafagleg kompetanse som best kan gjere jobben. Det einaste feltet der ingeniørane ikkje har den beste kompetansen, er på innhaldsbiten. Her er det vår utdanning kjem inn, med kompetanse på journalistikk, språk, visuell kommunikasjon, etikk og medieteori.

Det fins i dag ikkje norske utdanningar som har som spesialfelt å utdanne praktikarar for produksjon av digitale mediaprodukt. Telenor har sett i gong eigne kurs på feltet, i samarbeid med firmaet Aktiv opplæring.

Ingeniørutdanninga i Halden hadde det første høgskulestudiet i multimediautdanning. Studiet er eit fordjupingsår på den treårige datautdanninga. Hausten 1996 starta ingeniørutdanninga ved høgskulen i Hedmark også eit fordjupingsår i multimediaproduksjon.

Tilsette i bransjen har i stor grad vorte rekrutterte frå Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo.

Institutt for Medier og Kommunikasjon ved Universitetet i Oslo har også hatt eit miljø for multimediaproduksjon og Origo (Telenor) har tilsett kandidatar derifrå. Instituttet planlegg å opprette ei stilling som førsteamanuensis i nye media.

Nokre få i bransjen har multimediautdanning frå utlandet.

Gjøvik Ingeniørhøgskule er knutepunkt for grafiske ingeniørfag og tilbyr multimedia som ei av fordjupingane sine.

Fagmiljø ved Statens Handverk og kunstindustri Høgskule har i mange år vore opptekne av multimedia som uttrykksform, utan at det fins ei eiga multimediautdanning ved skulen.

Ved Universitetet i Stockholm finst det eit studium som er kalla: Global Electronic Journalism, eit 10 vekttalsstudium knytt til journalistutdanninga. Studiet har ei fire-vekers teknisk innføring i lag med samfunnsteori knytt til globalisering og følgjer av det. Studentane skal seinare finne og produserer stoff på Internett.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


AVDELING FOR MEDIEFAG OG DIGITALE MEDIA

Utgangspunktet for denne utgreiinga er å vurdere digitale media i høve til det avdelinga i dag driv på med, og vårt synspunkt er at digitale media må stø opp under dette. Vi har i utgangspunktet hatt ei positiv haldning til digitale media og har vore opptekne av å finne ut korleis den nye teknologien kan gjere noverande studium betre.

Avdeling for mediefag representerer i sum det einaste verkelege multimedia-fagmiljøet i Noreg ved at både tekst og stillbilde (avis), lyd (radio), levande bilde (fjernsyn, dokumentar og animasjon) er aktivitetar innanfor avdelinga, men kvar på eigne studium i journalistikk og animasjon. Informasjonsstudiet er multimedialt på den måten at studentane i stor grad nyttar fleire medium, men utan å lage eigentlege multimedia-produksjonar.

Åra som kjem vil bli prega av hard kamp for å behalde ressursar og å bygge kompetanse. Nye stillingar kan ein ikkje vente utan at det vert starta nye studium. Nye studium andre stader enn i Volda tyder at konkurrerande fagmiljø styrkar seg, på kostnad av oss.

Det tekniske utstyret ved avdelinga har vore nokså godt utbygd, og ikkje minst har det at avdelinga har hatt teknikarar i staben gjort at avdeling for mediefag har hatt ein stor føremun framfor konkurrerande studium og har eit godt grunnlag for å gå i gang med eit multimediastudium. CD-med produksjonen vil gi røynsler og breiare kompetanse ved avdelinga.

Det har vore lansert fleire samlenemningar for aktiviteten ved avdelinga, men faktabasert formidling har gått igjen dei seinare åra. Dette omgrepet er dekkjande både for journalistikk (inkludert dokumentarfilm og fjernsynsreportasje) og informasjon, medan animasjon opnar noko meir for personlege uttrykk og kunstnarlege produksjonar.

I omgrepet faktabasert formidling ligg det ei forventing om at det ein formidler skal ha gått gjennom ein prosess der verkty som kjeldebruk og etikk skal tene til å kvalitetssikre produktet. Formidlingsmåtane er likevel svært viktige. Radioundervisning utan undervisning i stemmebruk er meiningslaust. Fjernsynsundervisning utan kunnskapar om filmklipping er meiningslaust. Avisundervisning utan kunnskapar om grafiske uttrykk og bildespråk er meiningslaust.

Forholdet mellom innhald og uttrykk er då også eit klassisk tema innanfor mange forskingsfelt. Medievitskapen og journalistikken har henta inspirasjon frå kunsthistorie, litteraturvitskap, statsvitskap og språkvitskap.

I produksjonar for digitale media vert det reist nye, og vanskelege, spørsmål til forholdet mellom uttrykk og innhald. Det nyttar ikkje å overføre uttrykksformene frå avis, radio og fjernsyn til ein dataskjerm, men det må utviklast eit nytt formspråk. Det må skje ved forsking, utvikling og eksperimentering.

Det som må ligge fast er at i digitale media produksjonar må avdelinga fokusere på innhaldet, og ikkje ta mål av seg til å byggje opp teknologisk spisskompetanse. Spisskompetansen må ligge på innhald og utforming av produksjonane.

Korleis skal så digitale media integrerast i aktivitetane ved avdelinga. Her kan det tenkjast to mulege måtar å gjere det på:

1) Innpassing i noverande studium.

2) Oppstarting av nytt studium.

Nye studium kan ofte ta 3-4 år å få i gang. Planar skal godkjennast av departementet, og løyvingar til studia må bakast inn i budsjetta. Same kva modell ein vel å satse på bør avdelinga starte med å integrere digitale media i noverande studium.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Innpassing i noverande studium - kort sikt?

Utdanning i multimedia reiser i prinsippet dei same krav som undervisning i andre media: Faget må ha både ei praktisk og teoretisk side. Den teoretiske sida må kunne femne om både produksjonane i seg sjølve og multimediaproduksjonar sett i eit samfunnsperspektiv.

Når det gjeld den praktiske delen av utdanninga krev arbeid med multimediaproduksjonar eit visst teknisk dugleiksnivå hos dei som skal lage produksjonar. Multimediaproduksjon må reknast som eit vidaregåande studium på den måten at det krev store kunnskapar om bruk av andre teknikkar før ein kan ta til å lage multimediaproduksjonar. Kor store kunnskapar som trengst, og kor langt ein skal ta mål av seg å gå i retning av å lage profesjonelle produkt, må vurderast på same måte som ein i dag gjer med alle andre, tradisjonelle, media.

Informasjonsutdanninga

Informasjonsstudentane har eit fleksibelt opplegg (prosjektorganisering) som gir rom for å starte multimedia-produksjonar. Statens Informasjonsteneste tenkjer i dag fleirmedialt i sitt informasjonsarbeid. Det kan dermed sjå ut til at informasjonsstudentar tidlegare enn studentar frå andre liner vil møte krav om kunnskapar i multimedia.

Eit framlegg som har kome på bordet går ut på å gi studentane innføring i multimediaarbeid i andre semester, og å gjennomføre produksjonar i tredje semester.

Journalistutdanninga

Utdanninga er samansett av tre to-årige fagutdanningar i avis-, fjernsyn- og radiojournalistikk. Studentane har gjennom studiet ein større og større del spesialisering innanfor sitt medium.

Studiet er lagt opp med grunnleggande innføring i journalistikk i fyrste semester, fordjuping i undersøkande journalistikk i andre semester og fokus på formidlingsmåtar og personleg uttrykk i tredje semester. Fjerde semester er dominert av ekstern praksis og eksamensproduksjonar. Det vert dermed tredje semester som peikar seg ut som aktuelt for å eksperimentere med multimedia.

Det bør ikkje vere naudsynt å kjøpe inn mykje nytt, teknisk avansert utstyr for å starte ekseperiment med multimedia. Web-publisering er i prinsippet gratis. Alt som trengst er datamaskinar med Web-lesarar (Netscape er standard på HVO), og det er fleire av studentmaskinane utstyrte med.

Radio og fjernsyn har for tida under arbeid planar for bimedialitet. Det vil seie at radio- og fjernsynsstudentane arbeider i lag, samordnar og deler på arbeidet og i prinsippet er ein redaksjon med to tilgjengelege kanalar (radio og fjernsyn). Dette arbeidet bør fordjupingane få kome lenger på før ein blandar inn multimedia.

Det burde vere muleg å integrere multimediaproduksjon i studiet i avisjournalistikk. Avisstudentane har kunnskapar i å redigere grafiske element på dataskjerm gjennom programmet Page Maker. PM får no endringar som skal gjere det lett å nytte programmet til å lage web-sider.

Framlegg:

Den siste delen av intern praksis i 3. semester til hausten, lagar avis- og infostudentane felles web-sider. Avisstudentane legg hovudvekt på nyhendeformidling, medan informasjonsstudentane lagar informasjonsprodukt. Studentane bør aktivt få medverke i arbeidet med å legge rammer for arbeidet.

Animasjonsutdanninga

Animasjonsutdanninga er i gang med ein produksjon for Lægeforeningen, i samarbeid med Ottar Rekdal. Prosjektet bør evaluerast nøye med tanke på å dra lærdommar på lang sikt. Det grafiske uttrykket er svært viktig i multimediaproduksjonar, og nemnda vurderer det å ha eit animasjonsstudium som ein voldsom styrke for avdelinga i denne samanhengen.

Dokumentarfilm- og fjernsynsproduksjon

Studiet er meint som ei spesialisering innanfor eit medium, og det er truleg ikkje klokt å fokusere vidare enn det vert gjort i dag. Vi meiner difor at multimedia ikkje bør vere nokon viktig del av studiet.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Eigne studium i digitale media

Det kan tenkjast to ulike måtar å starte eigne studium i digitale media på. Anten ei eiga 2-årig utdanning, eller eit 3. påbyggingsår.

Her står eit framlegg til studieplan for 3. påbyggingsår. Det er ikkje laga planar for ei eiga 2-årig utdanning, men eit eventuelt slikt studium vil ha store delar av opplegget felles med andre studium.

Eit slikt nytt studium vil kreve auka ressursar, både når det gjeld utstyr og lærarar. Sjå eige kapittel for ustyrsbehov.

Ein lærar i digitale media bør ha kunnskapar gode nok til å ha full kontroll over produksjonar, utan at det trengst særleg ekstra ressursar til ferdiggjering. Avdelinga bør vidare ta omsyn til at det i dag ikkje finst folk med formell datakompetanse på avdelinga. Utstyret vert stadig meir komplisert. Det vert bygd ut nettverksløysingar både i redaksjonane, for avvikling av radio og samordning av dei grafiske arbeidsplassane. Det spørs om me kan ta sjansen på at skulen sine datakunnige held systema i gang for oss. Det er dyraste er likevel at utstyret ikkje vert brukt.

Forsking og utvikling

Sentrale forskingsmiljø på området er fyrst og fremst Institutt for medier og kommunikasjon i Oslo og Norsk Regnesentral. Dette er fagmiljø som vi til no har hatt lite med å gjere, men kanskje kan arbeidet på feltet føre til betre kontakt.

Same kva modell som vert vald for å satse på digitale media, så er satsinga avhengig av at området vert peika ut som satsingsområde i plansamanheng, og at det deretter vert styrt ressursar til området. Ressursar i form av interne prosjekt, reiser, seminar, vikarstipend osv.

Avdelinga har satsa ressursar på området ved å la Torill Mortensen få forskingsfri til å arbeide med dataspelet «Det store manndomsspranget». Røynslene frå CD-med prosjektet som fleire av dei tilsette ved avdelinga har arbeidd med, bør også kunne kome inn under forskingsparaplyen. Ein må rekne med å sette av nye ressursar i framtida for å skolere tilsette både i teoretiske og praktiske sider ved digitale media.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside

Utstyrsbehov

Maskinvare

I bransjen vert det i dag nytta fleire ulike system. Dei dyraste systema er UNIX-løysingar, der marknadsleiar er Silicon Graphics. Elles vert både Mac-basert og Windows løysingar nytta. Amiga ser ut til å ha ei noko meir uviss framtid, med fleire eigarskifte dei siste åra. Det er ikkje nødvendig å nytte UNIX utstyr for å oppnå profesjonell kvalitet på produkta.

Om digitale media skal vere ein del av eksisterande studium kan truleg HVO sin eksisterande maskinpark nyttast, då det fins multimedia-maskiner av nyare dato ved avd. Kaarstad.

Skal det startast eit eige studium er det eit ufråvikeleg krav at kvar student har sin eigen maskin. Ein snakkar her om ei investering i maskinar aleine på kr. 250.000. Det trengs også eigne undervisningslokale, noko som kanskje kan vere eit like stort problem som å skaffe pengar til utstyr, før det nye høgskulebygget står ferdig i 1998. Tilleggsutstyr som scannerar, skrivarar og serverar fins alt ved avdelinga og kan truleg nyttast.

Programvare

Studiet vil trenge eit breidt spekter av programvare. Det meste finst alt i HVO systemet, som til dømes Office-pakken. Animasjonsstudiet nyttar alt i dag dei vesentlegaste programma, og det fins høg kompentase lokalt på program som Macromedia Director, Adobe Illustrator, Photshop og Page Maker/Quark Express så vel som eit visst kjennskap til HTML-tagging. Til den siste typen program er det muleg å nytte gratis-versjonar av profesjonelle program, noko som har vorte gjort ved studiet i Global Electronic Journalism ved Stockholms Universitet.

Det vantar kompetanse på område som meir spesialisert programmering (C++ og Visual Basic), men utviklinga går i retning av at dette blir mindre viktig i framtida.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


MULEGE SAMARBEIDSPARTNERAR

Det er naturleg å skilje mellom samarbeidspartnerar på det teoretiske og praktiske området.

Akademiske institusjonar og einskildpersonar

Alle utdanningar bør i prinsippet vere aktuelle samarbeidspartnerar, og det er alt ein viss kontakt med fleire av desse:

 

Bransjen: Innhaldsprodusentar

Den norske multimediabransjen er under oppbygging. Finansinstitusjonar og store mediebedrifter er inne med kapital fordi dei ventar at området vil vekse. Til no har det truleg vore lite pengar å tene for dei som produserer multimediaprodukt for den norske marknaden.

Mogul Media

Firmaet har sterke band til Institutt for Informatikk (IFI) ved Universitetet i Oslo. Fleire tilsette har vore tilsette eller studentar ved IFI. Orkla Media kjøpte i fjor 30 prosent av selskapet, og styreformann (og deleigar) er den tidlegare sjefen i Norsk Data, Rolf Skår.

Mogul gjennomførte i fjor to desiderte prestisjeprosjekt innan norsk multimedia: Ein CD-rom for Kon-tiki museet (no omsett til mange andre språk) og VG si etter-krigshistorie: VG i Tid og rom. Begge CD-ane har vunne prisar, og VG sin CD-rom fekk i januar gullplate etter å ha selt i over 25.000 utgåver.

Firmaet har ca. 20 tilsette.

New Media Science

Starta sommaren 1995 av tidlegare tilsette i Mogul Media. Satsa opphavleg på CD-ROM produksjon, men det ser ikkje ut til at dei fekk kontraktar og har i staden hatt mange, helst mindre, web-produksjonar. Tilsette sommaren 1996 Erling Maartman Moe, tidlegare direktør ved Norsk Regnesentral. I fylgje eigenreklamen (på web, sjølvsagt) har selskapet i desember 1996 25 tilsette og i følgje Nettavisen 7. januar 1997, så gjekk selskapet med eit solid overskot i 1996.

I tillegg fins det ei rekkje større og mindre selskap, ofte berre med ein (deltids)tilsett som lagar web-produksjonar. Lokalt er næraste profesjonell web-miljø ved Mimer og I&M reklamebyrå (begge Ålesund) og Digital Hverdag (Molde).

Bransjen: Internetttilbydarar

Scandinavia Online (Telenor-Schibsted)

Fyrst kom Oslonett, som vart kjøpt opp av Schibsted og omdøypt til Schibstednett. Seinare vart Schibstednett slått saman med Telenor sitt nettselskap, og alt saman heitte frå 7. januar Scandinavia Online Selskapet har truleg nærare 80 prosent av alle privatkundar på internett og er under vurdering i høve til konkurransereglane.

Riksnett

A-pressen si internett-satsing. Satsar på Internett med ein lokal profil ved å samarbeide med mange mindre, lokalt baserte aktørar. Har knappar for kvart einskild fylke, men har svært ujamne lokale tilbod og ingen tilbod (-søker etter samarbeidspartner) i ein del fylke. Planen er å bygge ut tilbodet til å også levere lokale nyhende i kvart fylke. Mimer i Ålesund er tilknytt Riksnett.

EU-nett

Internett-tilbydar som fyrst og fremst satsar på bedriftskundar. Nettvik.

Hjem-net (kjem snart ...)

Orkla si internett-satsing, ved sidan av Drammensnett. Startar opp i 1. halvår 1997 og skal profilere seg som ein internett leverandør retta inn mot heimemarknaden.

Mediebedrifter på nettet

NRK var truleg den fyrste norske mediebedrifta som kom på nettet. Fyrst indirekte ved at radioprogrammet Irma 1000 (no nedlagt og erstatta av "Herreavdelingen") var å finne på News (alt.no.irma-1000). Seinare kom Rondo (Første norske fjernsynsprogram på nettet) og skapte Noregs fyrste multimediakjendis (?) Synnøve Svabø (student HVO 1988-1990).

Tradisjonelle mediebedrifter har vore på nettet med nyhende sidan 1994. Brønnøysunds avis og Dagbladet kom på nettet omlag samstundes. Sidan då har VG kome etter og har i dag dei mest leste web-sidene i Noreg. Dette kan ein lese om i Kapital Data som melder at VG vert mest lest på Internett av dei norske sidene vel å merke.

Dei store internett-leverandørane har alle oversyn over kva bedrifter som er på nettet.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


DIGITALE MEDIA OG KNUTEPUNKTFUNKSJONEN

Nedanfor står ein del argument som alle talar for at avdelinga bør gjere noko innan multimedia, også med tanke på knutepunktsfunksjonen. Motargument får andre kome med.

1) Sterkt profilert

Dette kan verte eit sterkt profilert studium fordi digitale media er eit mykje omtala tema. Det kan gi AMF auka PR både internt og eksternt og høve til å knyte nye kontaktar. Også internasjonalt. Skal ein vere leiande innan mediefag må ein også vere budd på å gå i front for å innføre nye ting.

2) Billeg studium

For det andre er dette eit studium som i svært stor grad kan dra vekslar på noverande fagtilbod - det kan vere eit billeg studium å starte (sett vekk frå utstyrsbehovet).

3) Passar best hos oss

Dette er eit studium som få eller ingen andre høgskular/universitet kan få i stand - men AMF har både personale, utstyr og røynsle med alle typer media. Kanskje med unntak for stillbilde.

4) Møter behov på arbeidsmarknaden

Det verkar som om det er i ferd med å vekse fram ein arbeidsmarknad for kandidatar med slik bakgrunn. Kandidatar med utdanning i digitale media vil truleg ha gode sjansar til å få relevant arbeid etterpå.

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


KJELDER:

Faglitteratur:

Gundersen, Håkon (1994?): Den digitale revolusjonen, KUD, Oslo
Negroponte, Nicholas (1995): Being Digital. The Road Map for Survival on the Information Superhighway, Hodder & Stoughton, London
NOU 1995: 3 Mangfold i Media, KUD, Oslo
Rudihagen, Torstein m.fl. (1996): Den norske IT-veien. Bit for bit., rapport fra Statssekretærutvalget for IT, Oslo
Schwebs, Ture og Helge Østbye (1995): Media i samfunnet, Det norske samlaget, Oslo
Stoll, Clifford (1995): Silicon Snake Oil. Second Thoughts on the Information Highway, Doubleday, New York
Weibull, Lennart og Karin Björkqvist (1990): Den lokala dagspressens publik, i Karl Erik Gustafsson (red.): Lokal mediestruktur och lokal medieutveckling, Rapport från ett symposium den 10-11 januari 1990 på Handelshøgskolan ved Göteborgs Universitet, Göteborg

Papirbaserte kjelder:

Computerworld Norge
Kapital Data

Munnlege kjelder:

Flaten, Erland, Schibstednett, Web-journalist
Krumsvik, Arne Håskjold, VG, prosjektleiar for VG på nettet
Siljubergsåsen, Per, utviklingssjef, Mogul Media,
Feen, Cecilie, Schibstednet, Web-journalist

 

[Utkast! Må ikkje siterast!]

Tilbake til toppen | Tilbake til Avdeling for Mediefag | Attende til Johann Roppen si heimeside


Lagt ut av Johann Roppen, 20. desember 1996