Service-journalistikken som forfallsteikn



- Norsk journalistikk har forfalle dei siste 20-30 åra, seier Jo Bech-Karlsen i pamfletten Ubehaget i journalistikken . Dette forfallet gjer at forfattaren ikkje føler seg heilt vel med faget sitt, og forfallet går ut på at journalistikken har endra synet på publikum; Frå samfunnsborgarar som skal opplysast, til konsumentar som skal få kjøpsinformasjon. Fremst syner dette seg ved framveksten av service-journalistikken, særleg i dei største avisene den siste tida.

Det er ikkje nødvendigvis noko gale med service-journalistikken i seg sjølv. Men konsument-synet på publikum er i ferd med å spreie seg til nye område, der det ikkje har noko å gjere. Det er eigarane som skuvar utviklinga i denne retninga, men journalistane har ikkje prøvd å endre reteninga, noko dei kan og bør gjere, i følgje Bech-Karlsen.

Det overordna teoretiske resonnementet står i gjeld til Habermas sin teori om offentleg samtale, men tilpassinga av teorien til norske forhold er ikkje godt nok gjennomarbeidd. Bech-Karlsen argumenterer for at det i førre hundreåret fanst ei slags rein oppfatning om kva journalistikken burde og skulle gjere, men han hoppar så bukk over dei neste hundre åra med partipresse-historie. Partieigde aviser er ein uting etter teorien om offentleg samtale, men samstundes svært viktig for å forstå historia til norsk journalistikk. Denne mangelen gjer at det overordna resonnementet i boka ikkje kan reknast som fullført.

Ein del opplagte referansar manglar, som til dømes Offentleg samtale av Jan Inge Sørbø. Eklektisme vert jo rekna som eit teikn på postmodernisme, og det svært selektive utvalet av kjelder gjer at forfattaren på dette punktet kan skuldast for å vere langt meir postmodernistisk enn Hans Fredrik Dahl nokon gong har vore. Samstundes som Bech-Karlsen sterkt argumenterer mot Dahls tilslutning til postmodernistiske tankar.

Det trengst ein brei bak for å sitje på to stolar. Forfattaren hadde tent på å sette seg godt til rette på ein av stolane; Anten konsentrere seg endå meir om den faglege journalistikk-kritikken, eller å gjennomføre det vitskaplege arbeidet på ein grundigare måte.



***
Av Johann Roppen


****

Jo Bech-Karlsen:
Ubehaget i journalistikken. En pamflett , Forum (Aschehoug), 105 sider