Norsk telegrambyrå (NTB):
Tener på TV


Av Johann Roppen, Høgskulen i Volda

Norsk Telegrambyrå (NTB) er det einaste norske nyhendebyrået. Byrået starta med formidling av utanriksnytt frå det tyske selskapet Wolffs i 1867. I 1890 starta NTB også med formidling av innanriksnytt og sidan 1918 har NTB vore organisert som aksjeselskap, eigd av norske aviser.

Norske aviser som har ei nasjonal og internasjonal nyhendedekning får det frå NTB. Det fins ingen konkurrentar som formidlar allmennt nyhendestoff, men fleire mindre pressebyrå som formidlar økonomisk og politisk stoff.

Eigarskap

Dei store aktørane i norsk presse har eigd og styrt NTB i fellesskap frå 1918. I 1988 måtte NTB tilførast ny aksjekapital og avisene gjekk då inn med ca. 10 millionar kroner. Frå I 1992 fekk NRK, TV2, TV Norge og Radio Nettverk aksjar i NTB gjennom ein retta emisjon. Både aviser og kringkasting har sidan då vore representerte i styret til NTB.

Schibsted eig i dag 21prosent, Orkla 24 prosent, A-pressen 20 prosent, NRK 11 prosent, andre aviser 23 prosent, tilsette 0,7 prosent og andre radio/fjernsynsselskap eig 0,5 prosent av aksjane i NTB. Blant andre aviser har dei tre store regionavisene Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Adressavisen 15 prosent til saman.

På einskilde område er NTB og eigarane i direkte konkurranse med kvarandre. Dette gjeld til dømes for Schibsted som eig Scanfoto - ein direkte konkurrent til NTB si fototeneste. Når dei elektroniske tekst-tenestene blir utvida og i sterkare grad kommersielt interessante er det duka for nye mulege konfliktar med eigarane. Dette gjeld til dømes elektronisk tekstarkiv, som både NTB og Schibsted tilbyr (jf. Källström 1995).

Personale

Dei siste fem åra har NTB hatt ca. 130 tilsette, og har ikkje auka talet på tilsette sjølv om omsetnaden og overskotet har gått opp. Sjølv om ikkje talet på tilsette har auka har dei tilsette arbeidd meir overtid og det har vorte nytta jamnt meir til reise, slik at personalkostnadene ikkje har gått ned. I 1994 var personalkostnadene ca. Nkr. 470.000 pr. tilsett, mot ca. 340.000 for 1989. NTB vil no stramme inn på reiser, overtid og dyre vakter for å nå budsjetta (Journalisten (no.) 1995).

I 1990 var årsomsetnaden pr. tilsett ca. kr. 700.000. I 1994 hadde årsomsetnaden pr. tilsett auka til ca. 970.000.

Løn og sosiale kostnader har i heile perioden utgjort rundt 50 prosent av dei samla kostnadene til NTB.

Det er freistande å fortelje at i same perioden har løna til sjefen gått opp frå kr. 451.609 i 1990 til kr. 730.000 pr. år (pluss firmabil) i 1994. Dagens sjef har bakgrunn både som redaktør og som næringslivsleiar i selskap utanom mediebransjen.

Av dei 130 tilsette arbeider ca. 80 som journaliststar (skrivande og fotograferande), medan resten er fordelt omtrent likt på administrasjon og teknikk (inkludert arkivpersonale). Redaksjonen er organisert i ein innanriksredaksjon (ca. 30 journalistar), ein utanriksredaksjon (12 journalistar) og ein sportsredaksjon (8 journalistar). NTB har 8 lokale korrespondentar spreidd rundt om i Noreg, dei har ein utanrikskorrespondent i New York og ein i Brussel. I tillegg har NTB utvekslingsavtalar med dei andre nordiske telegrambyråa.

Fotoavdelinga er delt i to. Den eine delen er NTB-foto som omfattar bildearkivet, laboratorieverksemd og sal. Den andre delen er integrert med resten av nyhendetenesta.

Kundane til NTB er eigentleg forplikta til å melde store nyhende til NTB og å hjelpe NTB med stoff, men i praksis vert dette fylgt opp berre i liten grad og det er lite NTB kan gjere med det.

Aktivitetar i dag

Størstedelen av aktiviteten og inntektene, er knytt til nyhendebyråa sine tradisjonelle oppgåver: Produksjon og formidling av nyhendetekst og foto. NTB tilbyr også elektronisk klipparkiv som ei forlenging av nyhendeteksten og fotoarkiv og nyhendegrafikk (inkludert verkartet) som ein del av fotoformidlinga. NTB sine fotokundar kan sjølve gå inn i fotoarkivet for å velgje ut bilda dei vil ha.

Denne marknaden er i Noreg stort sett metta. Det kjem ikkje fleire aviser og mest truleg heller ikkje nye kringkastingsstasjonar som kan vere aktuelle som NTB kundar. I denne situasjonen vil NTB 1) Vedlikehalde og utvikle nyhendetenesta for å halde på kundane, og 2) nå nye kundar, om nødvendig med nyeprodukt (årsmeldinga for 1994).

Men NTB formidlar også tippe- og lottostoff (tippe- og travtips), tekstarkiv, fax-avis (A4 side med innanriksnytt på fax eller som e-post), pressemeldingsteneste, avisa Klar tale (lettlest avis på papir, som lydavis og punktskrift), økonomiske tenester (børskursar, børskommentarar og råvareprisar), kultur- og underhaldningsstoff, temapakkar (fleire artiklar om same tema), NTB-kalendaren (oversyn over kjende hendingar), personaliateneste (åremål og tilsettingar), radio- og tv stoff (programsider og omtalar), formidling av stoff for andre pressekontor (Nynorsk Pressekontor, Kristelig pressekontor, IPS, A-pressens Oslokontor osv). Avisa Klar Tale kom i 1990. Dei andre aktivitetane dreiv NTB også før 1990. Aktivitetar som har kome til seinare er produksjon av CD-plater og bøker (jf. årsmeldiga for 1993, side 21). No vurderer NTB å nytte satellitt systemet sitt til å formidle annonsar (Årsmeldinga for 1994, Källström 1995).

Dette er i sum ei stor breidde av aktivitetar og bidrog i 1994 med inntekter på ca. 15 millionar av samla driftsinntekter på ca. 128 millionar kroner (ca. 11 prosent).

Utviklinga i NTB går delvis i retning av å utvikle nye produkt, men langt på nær så langt i retning av ekspansjon, differensiering og avhenge av andre tenester enn nyhende som dei to største transnasjonale nyhendebyråa har vore gjennom (Alleyne and Wagner 1993, Gustafsson 1993).

Teknikk

Frå 1932 kunne Oslo-avisene ta inn NTB sitt stoff på fjernskrivar, medan aviser i resten av landet måtte ta inn NTB via radio. Frå 1965 vart NTB pr. fjernskrivar tilgjengeleg over heile landet. I 1990 tok NTB i bruk satellittbasert sendesystem for tekst og foto. Systemet har i følgje NTB vore stabilt og gitt god kvalitet på sendingane. Satellittsystemet gjer også at NTB kan styre utsendingane av stoff til kvar einskild mottakar - slik at kvar kunde får akkurat den tenesta han betalar for.

NTB har i fleire år slite med å få til effektiv formidling av digitale foto. NTB prøvde å innføre AP-systemet Leaf frå 1992, men måtte i 1994 gi opp på grunn av for ustabile resultat overfor kundar som nytta Hasselblad utstyr. NTB kom opp med sitt eige system NTB-link i april 1995 (basert på AiLink), og i fylgje NTB verkar dette systemet svært bra. NTB har plassert ut sine eigne terminalar i redaksjonane for å motta digitale foto. Den kjemi-baserte foto-laben vart lagt ned i 1993.

Økonomi

NTB er eigd av kundane, og bør dermed ikkje tene mest muleg pengar. Idealet er vel helst å tene litt, slik at tilbodet kan oppretthaldast og helst bli betre, samstundes som eigarane kan få utbyte av aksjane. I åra 1990 til 1994 har NTB betalt utbyte kvart år: I 1990, 1991 og 1992: 5 pst., 1993: 7 pst. og 1994: 6 pst. Styret i NTB har sagt at alle aktivitetar skal gi overskot, og kravet er minst 20 prosent forteneste.

Kundane kan også vere nøgde med at gebyra har auka lite dei siste seks åra. Gjennomsnittleg gebyrauke var på 3 prosent for åra 1989-1994.

Eigenkapitaldekninga (eigenkapital i prosent av gjeld og eigenkapital) er i 1994 på 65 prosent, noko som må reknast som særs godt. Det høyrer her også med å fortelje at verdien av fotoarkivet er sett til kr. 1,- . «Det foreligger her utvilsomt en reserve» vert det konstatert i årsmeldingane. Fotoarkivet er det største i Noreg med ca. 6 millionar bilde.

Omsetnad og driftsresultat

I åra 1984-1987 gjekk NTB med underskot, på det verste var underskotet 4 prosent av omsetnaden. Sidan har NTB gått med overskot, særleg var åra 1991-1993 gode år med eit overskot på fire prosent av omsetnaden.

I perioden 1989 til 1994 har NTB hatt auke i omsetnaden kvart år. Omsetnadsauken har ymsa frå 2 til over 10 prosent sett i høve til året før og har såleis ligge klart over prisauken.

Gustafsson (1989) har studert den norske reklamemarknaden 1980-åra. I åra 1980-1987 voks den norske reklamemarknaden med 10-15 prosent, men ved inngangen til 1987 var det tydlege teikn på at veksten var stogga. Nedgangen kom fyrst nokre månader inn i 1988, og i 1988 minka annonsevolumet i dagspressa med ca. 7-8 prosent. Avisene sette ikkje opp prisane på abonnement og laussal. Dei neste åra vart også tunge år for norske aviser.

Dei siste åra har NTB fått mange nye og betalingsføre kundar i elektroniske media. TV2, TV 3, TV Norge, P4 og Radio Nettverk tilfører NTB i alt inntekter over 10 millionar kroner - utan at NTB har lagt om eller auka aktiviteten i særleg grad.

Desse nye kundane kan vere problematiske for avisene. Dei formidlar stoff frå NTB opptil eit døgn før avisene har høve til å kome ut med det, og det er noko avisene stundom uttrykkjer skepsis til (Omdal 1995).

Inntekter frå ulike område

I årsrekneskapen har NTB i heile perioden 1989-1994 ordna inntektene i tre hovudgrupper: Nyhende, foto og spesial. På grunn av litt ulike måtar å sette opp rekneskapen på er det vanskeleg å samanlikne tala direkte frå år til år.

Nyhende er den tradisjonelle tekst-baserte nyhendeformidlinga og er igjen delt inn etter områda aviser, kringkasting og andre. Andre kundar er til dømes regjeringa og departement og finansinstitusjonar. I perioden har inntektene frå nyhende gått ned frå 68 til 57 prosent av driftsinntektene.

Fototenesta er sterkt dominert av dei tradisjonelle kundane avisene. NTB formidlar berre stillbilde. Foto har utgjort litt over 20 prosent av driftsinntektene alle år frå 1990-1994.

Spesialtenestene utgjorde i 1992 heile 18 prosent av totalinntektene til NTB, men har sidan minka og utgjorde i fjor 11 prosent av samla inntekter.

I valår får NTB ca. 7 millionar i tilskot frå staten for å samle inn og formidle valresultatet. Mesteparten av desse pengane går ut att til IBM som står for databehandlinga av valmaterialet. Desse tala har status som valresultat fram til alle valstyre har sendt inn sine valoppgjer lang tid etter valet.

Driftsinntekter frå ulike media

Eg har også prøvd å ordne rekneskapstala slik at det går fram kva media NTB får inntektene sine frå. Inndelinga eg har nytta har vore avis, kringkasting og andre. «Andre» omfattar også verksemder som ikkje direkte driv i mediebransjen.

I årsmeldinga for 1993 skriv dåverande sjefredaktør/adm.direktør Hans Erik Matre at frå 1988 til 1993 har NTB hatt svært stor vekst i elektroniske media (radio/fjernsyn). I 1988 var NRK einaste krinkgastings-kunde, medan NTB i 1993 hadde nesten dobbelt så mange radiokundar som aviskundar. (NTB 1993). Dei fleste radiokundane er små nærradioar som abonnerer på tenester frå Radio Nettverk. Radio Nettverk produserer nyhendebulletinar for nærradioar, og får som motyting selje reklametid i dei same nærradioane. Så dei største og viktigaste kundane er framleis dei store avisene.

I årsmeldingane for 1991-1993 er det då også kvart år sagt at fråfall av aviskundar har vorte kompensert gjennom auka inntekter frå elektroniske media.

I 1990 utgjorde sal til kringkasting 15 prosent av inntektene til NTB. I 1993 fekk NTB 20 prosent av inntektene frå sal til kringkastingsstasjonar. Dette kan tolkast som at kringkastingsstasjonar blir stadig viktigare som kunde for NTB, men bildet er ikkje eintydig. I 1980 stod kringkasting (NRK) for 20 prosent av driftsinntektene til NRK. Så når kringkasting aukar sin del av NRKs driftsinntekter har også gebyrpolitikken ein del å seie. Sjølv om elektroniske media har auka ein del dei siste åra, står avisene framleis for størstedelen av NTB sine inntekter. Dette bildet vil truleg ikkje endre seg særleg i åra som kjem.

Kvifor går NTB betre enn dei andre byråa?

NTB har svært god økonomi samanlikna med dei andre nordiske nyhendebyråa. Eigenkapitaldekninga er svært god, og omsetnaden pr. tilsett er også svært høg samanlikna med dei andre nordiske byråa. NTB har nesten dobbelt så stor omsetnad pr. tilsett som TT og FNB, og også klart større omsetnad enn RB. Det kan peikast på fleire grunnar til det.

NTB har tilsynelatande ingen konflikter med eigarane sine om kva aktivitetar NTB skal få lov til å drive på med. Tilsynelatande kan Schibsted leve med at NTB konkurrerer om pressefoto og elektronisk arkiv. Dette er aktivitetar som Ritzaus bureau ikkje får halde på med.

Det har ikkje vore misnøye med kvaliteten på produktet dei siste åra. Det verkar ikkje som om norsk presse er misnøgde med produktet - medan både TT og RB har fått større og mindre trugsmål om at eigarar vil slutte å abonnere og kanskje starte med konkurrerande verksemd (Andersson 1995). NTB har ingen seriøse konkurrentar på den norske nyhendemarknaden. Kundane har også kunne glede seg over at prisauken på NTB sine tenester er svært lav.

Det er muleg at NTB profiterer på satellitteknologien som dei sidan 1990 har valt som formidlingsmåte. Ved å kutte ut det jordbundne nettet har NTB tilsynelatande hatt eit svært stabilt og teknisk avansert system. Satellitt teknologien ligg også til grunn for at NTB kan tilby eit breidt spekter av tenester - og tene pengar på dei.



Omsetnad og resultat for NTB 1984-1994
År Driftsinntekter Resultat
1984 48,4 -0,4
1985 58,2 -2,3
1986 63,9 -2,8
1987 74,3 -1,3
1988 79,9 1,7
1989 83,8 1,5
1990 90,9 1,2
1991 105,1 3,4
1992 108,6 4,6
1993 120,6 5,3
1994 127,7 2,6
Alle tal i millionar NKR. Tala for 1984-1988 er henta frå Gustafsson (1991).

NTBs driftsinntekter (i millionar kroner) og
fordeling av inntekter på hovudgrupper (prosent).
År Driftsinnt. Nyhende Foto Spesial Andre
1989 83,0 68% 18% 9% 5%
1990 90,9 63% 20% 13% 4%
1991 105,1 56% 23% 14% 7%
1992 108,6 54% 24% 18% 4%
1993 120,6 57% 21% 12% 9% 1)
1994 127,7 57% 22% 11% 10% 1)
1) Auken for «andre» intekter i 1993 og 1994 kjem frå posten «tilskot valet»








NTBs driftsinntekter (i millionar kroner) og
fordelinga av NTB sine inntekter på medietypar (prosent)
År Driftsinnt. Avis Kringkasting Andre inntekter
1989 83,0 69% 15% 16%
1990 90,9 67% 15% 18%
1991 105,1 63% 17% 20%
1992 108,6 64% 19% 17%
1993 120,6 57% 20% 23%
1994 127,7 57% 20% 23%
Tala er sett saman frå notar til NTB sine årsrekneskap. Prinsippa har endra seg, sist i 1993.

Referansar:



Alleyne, Mark D. and Janet Wagner (1993): «Stability and Change at the «Big Five» News Agencies», i Journalism Quarterly nr. 1/1993

Andersson, Leif (1995): «Danska etermedier hotar med att lämna Ritzau», i Pressens Tidning 14/95, Stockholm

Gustafsson, Karl Erik (1989): «Medieföretagen och reklamkonjunkturen», rapport 21, Informations- och massmediegruppen, Handelshögskolan vid Göteborgs Universitet, 1989

Gustafsson, Karl Erik (1991): «TT och dess möjligheter» i Pressens Tidning nr. 11/1991, Stockholm

Gustafsson, Karl Erik (1993): «Nyheter från Reuters», i Pressens Tidning nr.1/1993, Stockholm

Källström, Christer (1995): «NTB söker nya marknader», i Pressens Tidning 14/95, Stockholm

NTB: Årsmeldingar med årsrekneskap for åra 1990-1994

Omdal, Svein Egil (1995): «Gammelt nytt, hovedsaklig fra NTB», i Dagspressen (utgjeve av Norske Avisers Landsforening), nr. 9, 1995, Oslo