Avisene og nye-nye-media
Internett vil ikkje klare å konkurrere ut lokalavisene, meiner
Johann Roppen, stipendiat ved Universitetet i Bergen/Høgskulen i
Volda. (Heimeside: Http://www.hivolda.no/amf/rop-heim.html, e-post: jr@hivolda.no).
Såkalla nye media har ein tendens til å bli fort gamle. For
ti-femten år sidan var nærradio eit nytt og sexy medium for
mange aviser. I dag er det Internett som får mange i avisbransjen
til å tenne eller sveitte.
Internett som nisjemedium
Alle diskusjonar om Internett vert litt meiningslause utan at ein dreg inn
forventingar til utbreiinga. Førbels er Internett ikkje eit massemedium,
men eit nisjemedium. Om Gallup har rett i at tre prosent av alle nordmenn
har tilgang til Internett heime, så er det eigentleg eit ganske lite
publikum samanlikna med aviser og kringkasting som når ut til 90 prosent
av folket. Kva tid veksten for Internett vil flate ut er det uråd
å seie i dag. Men ein gong må det jo stoppe. Det veks ikkje
Tre så høgt som til Himmels.
Innhaldet på nettet
Men om veksten likevel skulle bli såpass sterk og langvarig at Internett
tek til å likne på eit massemedium, så er det likevel
ikkje sikkert at nettet vert ein direkte konkurrent til avisene og fjernsynet.
Kva Internett vert brukt til, og kor det vert oppfatta er like viktig. Media,
erotikk og data er kanskje dei mest populære stoffkategoriane på
nettet, og alle tre er marginale stofftyper i allmennmedia som aviser og
kringkasting. At desse tre stofftypane scorar så høgt på
statistikken heng truleg saman med at i dag er langt dei fleste Internett-brukarar
menn, og dei fleste er mellom 15 og 30 år.
Med tanke på alt det mølet som fins på Internett verkar
det noko underleg at redaktør Torgrim Eggen i siste utgåve
av Internettguiden harselerer over avisene, og sukkar over at det står
så mykje tull i dei, og at 70 prosent av stoffet i Aftenposten er
uinteressant. Ein har nett det same valet på Internett som i avisene:
Ein kan hoppe over det ein ikkje ynskjer å lese. Kanskje kan ein seie
at avisa er eit medium med stere interaktive eigenskapar og god brukarkontroll?
Å formidle informasjon blir berre billegare og billegare. Her er Internett
uslåeleg. Men det kostar å lage informasjon. Og nokon må
betale prisen. Eit kjent slagord frå den diffuse nett-ideologien seier
at: Information wants to be free. Både fri og gratis. Det er ingen
særleg tradisjon for å ta betalt for nett-informasjon, og ein
del nettfolk kjempar då også mot kommersialisering av nettet
på prinsipielt grunnlag.
I sum fortel dette at Internett fyrst må auke talet på nye brukarar,
særleg blant kvinner, og dessutan hindre fråfall blant etablerte
brukarar. Vidare må stoffet på nettet få ein meir allmenn
profil.
Lokalstoff held stand
Alt dette kan skje. Og likevel kan dei fleste norske avisredaktørar
sove trygt om natta. Mange Internett-tenkjarar ser ut til å gløyme
at dei fleste norske aviser er lokalaviser. Det vil seie lokalt innhald
og lokal spreiing.
Det er nærast utenkjeleg at lokalavisa med sitt lokale stoffutval
skal få seriøs konkurranse frå Internett-publikasjonar.
Utfordrarar som tek mål av seg til å konkurrere på lokalstoff
må byggje opp like store redaksjonar som avisene har i dag, for å
få produsert same innhaldet. Distribusjonen vil naturlegvis vere langt
lettare og billegare på nettet enn på papir, men inngangsbilletten
blir likevel svært høg. For høg for dei fleste, trur
eg. Ingen vil vel heller tru at lesarane brått skal misse interessa
for lokalstoff.
Så får heller Internett-entusiastane halde seg med spesialtenester
på engelsk, som inneheld det meste, utanom lokalt stoff. Entusiastane
er både få i tal, og dei er truleg ikkje særleg viktige
som abonnentar av lokalviser heller.
Få aviser på nettet
Av dei ca. 220 norske avisene er det i dag under 20 aviser som er på
nettet, på ein eller annan måte. Og det er berre fem-ti av desse
20 som satsar sterkt på Internett-utgåver og nyhendeformidling.
Av desse fem-ti held dei fleste til i Oslo. Desse avisene har i lag med
Schibsted-Nett, Telenor og andre nett-leverandørar bestemt seg for
å henge med, koste kva det koste vil.
Andre aviser som har betre tid, kan dra lærdom av det desse leiande
i utviklinga gjer. Og medan dei funderer på kva dei skal gjere, kan
dei også ta seg tid til å gå ti-femten år tilbake,
til pionertida i norsk nærkringkasting. Lærdommane frå
prøvedrifta og drift av lokalmedia kan tene som kjølevæske
for isen ein måtte ha i magen.
Lærdommar frå prøvedrifta
Tidleg på 80-talet var det nærradio og nærfjernsyn, som
skulle gi avisene fleire bein å stå på. Mange aviser la
vekt på at dei var informasjonsbedrifter, og at dei ikkje i utgangspunktet
kunne vere låste til å formidle informasjon berre på papir.
Mange hadde då også søte draumar knytt til auka inntekter
frå nærkringkasting, som kunne drivast billeg ved å resirkulere
avisnyhende.
Av ulike årsaker vart det ikkje særleg flog over avisenes prøvedrift
med nærkringkasting. Innhaldet var ofte svært bra, men for små
inntekter og for store kostnader, kombinert med kraftige tilbakeslag på
annonsemarknaden på slutten av 1980-åra gjorde at interessa
for å subsidiere nærkringkasting kjølna sterkt, samstundes
som mange forstod at det er store skilnader mellom å drive avis og
å drive nærkringkasting. - Det er avis vi kan, vart det nye
slagordet.
Noko anna er at i dag har statlege lokalfjernsynsmonopol og støtte
frå dei store mediekonserna gitt mange aviser tilbake lysta på
å satse på nærkrinkasting/regional kringkasting.
Men den viktigaste lærdomen frå nærkringastingas barndom
var at avisene bør vere varsame med å gå tungt inn på
nye marknader der det er uvisst kvar inntektene skal kome frå, og
kor store dei kan bli. Det gjaldt i 1980-åra, og det gjeld også
i dag.
Internett som gåve?
Internett har den sympatiske eigenskapen at det er langt billegare å
få på lufta enn til dømes ein radiostasjon, for ikkje
å snakke om fjernsyn, og litt bør ein jo gjere for å
fylgje med i utviklinga. Det kan jo hende at Internett likevel skulle gå
til himmels.
Mitt private tips til lokalaviser som lurer på korleis dei skal forholde
seg til Internett, er å gje vekk ein PC og eit Internettabonnement
til ein Internett-interessert tilsett i avisa. Einaste forplikting bør
vere å heve sin eigen, og dermed avisas kompetanse på området.
Er ein skikkeleg lur lar ein den tilsette ha PC-en heime, slik at ho ikkje
nyttar arbeidstida til Internett-surfing, men si eiga fritid.
Ei slik ordning er kanskje ikkje i samsvar med avtalane i arbeidslivet,
men eg trur det kan fungere godt for båe partar. Ein lukkeleg tilsett,
og auka kompetanse for avisa.
Referanse til trykt utgåve:
Roppen, Johann (1996): "Avisene og nye-nye-media", i Dagspressen
nr. 5/1996, Oslo
Referanse for nettversjon:
Roppen, Johann (1996): "Avisene og nye-nye-media",
<a href="http://www.hivolda.no/amf/kronikdp.html">, Høgskulen
i Volda, Volda