Vitskapsteoretisk innlegg i samband med dr. polit. studium:
DOBBEL HERMENEUTIKK I TEORI OG PRAKSIS.
Av Johann Roppen, UiB/HVO
Lagt fram 1. november 2000
(I denne versjonen på Internett er einskilde grammatiske feil og faktafeil retta opp.)
Dette innlegget skal starte med ei lita forteljing henta frå Martin Eides dr. avhandling om VG:
"På desken forsøkte man tidlig å strekke grensene, og stadig mer selvbevisste populariseringsaktører nørte gjerne opp under forestillingen om den skruppelløse deskmedarbeider. Historien fortelles gjerne om hvordan VGs første deskfolk laget to versjoner av førstesiden, en som lå oppå bordet når redaktøren kom innom, og en som lå under bordet. Den under bordet var gjerne den som ble brukt. Både sannhetsgehalt og tidfesting er her omtvistet. [Redaktør] Hasselknippe benekter på det mest bestemte at noe slikt skjedde i hans redaktørtid." (Eide 1998:294)
Redaktør Hasselknippe var ein av redaktørane som skulle ha blitt lurt og er såleis ein av aktørane i forteljinga. Samstundes er han ei kjelde i denne forteljinga &endash; og svært mange andre stader i avhandlinga. Og Hasselknippe seier at forteljinga ikkje er sann. Dette skjedde ikkje.
Men på kva måte er det redaktør Hasselknippe prøver å avlive historia? Visste Hasselknippe at dette ikkje skjedde? Seier Hasselknippe at dette er feil, fordi det ikkje er i samsvar med hans oppfatning av VG-ånden? Trur Hasselknippe sjølv på at historia verkeleg er feil? Eide svarar ikkje på desse spørsmåla. Han viser til to andre kjelder som arbeidde på desken og deira ytringar tyder på at dette kunne ha skjedd.
Oskar Hasselknippe var ein av dei første journalistane som vart tilsett i VG då avisa vart etablert i 1945, og han er til no den som har vore lengst redaktør i avisa &endash; i 25 år frå 1953 til 1978. I denne samanhengen er det interessante med Oskar Hasselknippe at han er den fremste munnlege kjelda i Martin Eides dr. avhandling om VG. Men er han også ein aktør i VGs historie?
Om avhandlinga har Martin Eide skrive følgjande:
"I mine følgende forsøk på å gripe relevante figurasjoner i utviklingen av en norsk populæravis vil aktørers selvforståelse stå sentralt, og i så måte blir det fra forskerens side snakk om fortolkning av fortolkninger. (Eide 1998:75)
Slik eg les dette inneheld setninga ovanfor i fortetta form både ein lovnad om kva som skal kome seinare i avhandlinga, men Eide signaliserer også sin metodologiske ståstad.
Utgangspunktet for prosjektet var at VG i 1995 kunne feire 50 år som avis. I samband med dette skulle det skrivast ei bedriftshistorie og Martin Eide ved Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen fekk i oppdrag å skrive boka. Tittelen på boka vart: "Verdens Gang: Blod, sverte og gledestårer" (Eide 1995). I 1998 publiserte Eide dr. philos. avhandlinga: "Popularisering, modernisering, strukturering. En populæravis tar form. Verdens Gang i forvandling 1945-81", og dr. avhandlinga byggjer naturleg nok på arbeidet med VG-historia.
I kraft av teoretiske ambisjonar er Eide si avhandling viktig for norsk medieforsking og har status som eit eksemplarisk verk for framtidige medieforskarar. Arbeidet er også den første doktoravhandlinga som har ei einskild avis som ramme for framstillinga, og markerer slik sett ei tung fagleg oppgradering av avishistorie som fagfelt i Noreg. For det meste har slike arbeid vorte gjennomført av (tidlegare) journalistar, redaktørar eller lokalhistorikarar og verka har vore prega av relativt moderate faghistoriske ambisjonar:
"( ) pressehistorien har for lenge tatt preg av å være et con amore foretagende for pensjonerte journalister og redaktører." (Eide 1998:40-41)
Kommisjonen som vurderte avhandlinga sette henne høgt, og sa at arbeidet:
"ligger på et fagligt niveau som tilsiger at den vil blive en vigtig del af journalistik- och pressehistoriografiens videnskabelige litteratur."
Tidlegare har også Svennik Høyer fått sin dr. philos. grad på arbeid innan norsk avishistorie. Høyer er strukturelt orientert, og er i liten grad inne på dei samfunnsvitskaplege grunnlagsproblema som Eide i stor grad er oppteken av.
Som ei indirekte posisjonering andsynes Høyer har Eide i ei bokmelding sagt at Høyer i si pressehistorie leverer "( ) en forening av modellenes tyranni og detaljenes tyranni" (Eide 1997). I Eides dr. avhandling blir Høyers bok omtala slik:
"Hos Høyer (1995) ( ) er en myriade av detaljopplysninger supplert med noen sterkt økonomistiske og utvendige modeller f.eks. for avisspredning og konkurranse. Til tross for en lang rekke av aktøropplysninger, er det et slags strukturperspektiv som rår grunnen hos Høyer."
Same stad kritiserer Eide også Rune Ottosens journalisthistorie og kallar den "protokollstyrt fagforeningshistorie" (Eide 1998:41). Eide har fått svar på tiltale for sine "professorslakt", men dei debattane skal me ikkje gå nærare inn på her. Me kan nøye oss med å slå fast at Eide "etablerer stor fallhøgde", som kommisjonsmedlem Hallvard Tjelmeland sa det i sin opposisjon til Eides avhandling.
Når Eide så sterkt kritiserer andres historieskriving seier han indirekte også at hans måte å skrive på er den beste &endash; eller burde vere det. Det gjev grunn til å gå nærare inn på det teoretiske fundamentet og den empiriske utføringa av Eide sitt arbeid.
I dette innlegget er det meininga å studere korleis Eide samlar inn og bruker aktøranes sjølvforståing. No kan eg ikkje sjå at Eide i avhandlinga eksplisitt definerer kva som ligg i aktøranes sjølvforståing. Eg vil heller ikkje gå djupt inn på kva som ligg i omgrepet, men ei eller anna form for sjølvrefleksjon (eller mangel på dette) over eiga aktørrolle tek eg for gitt at omgrepet dekkjer.
Forskarens fortolkingar &endash; og andres
I det før nemnde sitatet seier Eide at forskarens oppgåve er å forholde seg til fortolkingar av fortolkingar. Han er då i ein posisjon der det vert hevda at samfunnsforskaren må nærme seg forskingsobjekta på ein hermeneutisk, fortolkande, måte.
I møtet med andres fortolkingar har forskaren ulike strategiar til rådvelde. Gilje og Grimen presenterer to alternative tradisjonar i synet på korleis forskaren skal forholde seg til aktøranes "beskrivelser av seg selv og sine egne aktiviteter":
"Den ene tradisjonen går inn for at samfunnsforskere skal se bort fra de sosiale aktørers beskrivelse av seg selv og sine aktiviteter, fordi slike beskrivelser som oftest er feilaktige, og begrepene som blir brukt, uvitenskapelige. Den andre tradisjonen mener at disse beskrivelsene er av fundamental betydning, blant annet fordi det er aktørenes egne oppfatninger av hva de gjør, som gir dere handlinger mening og identitet. Samfunnsvitenskapelig forskning må derfor bygge på de sosiale aktørenes beskrivelser."(Gilje og Grimen 1993:145).
No er det ikkje Gilje og Grimen sitt ærend å ta stilling til dei to tradisjonane. Dei presenterer i staden Giddens sitt omgrep "dobbel hermeneutikk", som søkjer å bygge
bru mellom dei to tradisjonane. I omgrepet ligg det at forskaren på den eine sida må få kunnskapar om kvardagslivet &endash; det som skal studerast, på same måte som alle andre som er vanlege deltakarar i det same utsnittet av kvardagslivet. På den andre sida må forskaren også vere forskar &endash; og vere ein del av forskarsamfunnet og forholde seg til forventingar om forskarens rolle og (sosiale) kunnskapar.
I ei "ordliste" heilt til slutt i boka "The Constitution of Society" forklarar Giddens omgrepet slik:
"Double hermeneutic The intersection of two frames of meaning as a logically necessary part of social science, the meaningful social world as constituted by lay actors and the metalanguages invented by social scientists; there is a constant slippage from one to the other involved in the practice of the social sciences."(Giddens 1991:374)
Med omgrepet dobbel hermeneutikk vender Giddens seg eksplisitt til samfunnsforskinga som ein særmerkt sosial praksis. Det unike ved samfunnsforskinga er at den har kvardagslivet som sitt råmateriale, men har særeigne måtar å forholde seg til det same kvardagslivet på. Kvardagslege omgrep vil i samfunnsforskinga få nye tydingar og desse nye tydingane vil så vedvarande bli tilbakeført ("slippage") til kvardagslivet og dermed endre samfunnsforskinga sitt råmateriale.
Andre stader i same boka skriv Giddens om kvifor omgrepet er naudsynt:
"The sociologist has as a field of study phenomena which are already constituted as meaningful. The condition of entry to this field is getting to know what actors already know, and have to know, to go on in the daily activities of social life. (...) The appropriatness of the term derives from the double process of translation or interpretation which is involved. Sociological descriptions have the task of mediating the frames of meaning within which actors orient their conduct. But such descriptions are interpretative categories which also demand an effort of translation in and out of the frames of meaning involved in sociological theories." (Giddens 1991:284)
Forskaren må altså både kjenne kvardagslivets koder &endash; og samfunnsforskingas.
Jerdal presenterer i norsk språkdrakt Giddens oppfatning av forsking som ein tostegsprosess:
1) "Han eller hun [forskaren] må gjøre til sin egen den meningsrammen som gjelder for dette samfunnet. (...) 2) Gitt at vi faktisk har tilegnet oss adekvat forståelse av et meningsunivers, er neste oppgave å "omdanne" denne til en vitenskapelig fremstilling." (Jerdal 1994:35)
Det er desse to sidene som i sum vert den doble hermeneutikk. Den første hermeneutiske prosessen går ut på at forskaren tileignar seg meiningsrammene i det aktulle forskingsobjektet (kvardagslivet). Den andre går ut på at forskaren set desse meiningsrammene inn i nye meiningsrammer, henta frå forskarsamfunnet. Og resultatet av denne andre prosessen kan igjen tilbakeførast til kvardagslivet.
Forskaren og kvardagslivets aktørar
Korleis kan så ein hermeneutisk orientert forskar forholde seg til kvardagslivet og aktøranes beskrivelsar av seg sjølv og sine eigne aktivitetar? Her skal det presenterast tre ulike perspektiv på dette.
1) Aktør-orientert: Schutz adekvanspostulat
Schutz (1963) krev i sitt adekvanspostulat ("Postulate of Adequacy") at samfunnsvitskaplege modellar og teoriar ("constructs") er konsistente med røyndomsoppfatninga til kvardagslivets aktørar.
Adekvanspostulatet formulerer Schutz slik:
"Each term in a scientific model of human action must be constructed in such a way that a human act performed within the life-world by an individual actor in the way indicated by the typical construct would be understandable for the actor himself as well as for his fellow-men in terms of common-sense interpretation of everyday life." (Schutz 1963:343)
Postulatet er eigentleg det tredje og siste av Schutz sine postulat der han stiller krav til vitskaplege modellar og teoriar. Det første postulatet handlar om logisk konsistens og det andre om subjektiv tolking. Logisk konsistens ("fully compatible with the principles of formal logic") er det som skil vitskaplege modellar frå "common-sense thinking in daily life which they have to supersede" (Schutz 1963:342).
Postulatet om subjektiv tolking seier forskaren må legge til grunn at handlingar subjektivt sett er forståelege og gjev meining for "an individual mind". Det at ein modell eller ein teori er i samsvar med postulatet om det adekvate er altså i seg sjølv ikkje nok til at ein modell eller ein teori kan kallast vitskapleg.
Ei opplagt innvending vil vere at ulike aktørar kan ha ulike røyndomsoppfatningar. Om ein skal tenkje innanfor Schutz sine rammer, så kjem han kanskje rundt dette problemet &endash; eventuelt blir det definert bort &endash; gjennom hans bruk av omgrepet livsverd. Etter Schutz så må tolkande og forklarande vitskapar ha sitt utgangspunkt i ein beskrivelse av dei grunnleggande, førvitskaplege strukturane:
"[T]he reality which seems self-evident to men remaining within the natural attitude. This reality is the everyday life-world." (Schutz og Luckmann 1973:3)
Schutz legg vidare til grunn at denne førvitskaplege livsverda er sosial ved at det er denne livsverda aktøren og andre aktørar lever i og aktivt formar, og at aktørane kan kontrollere kvarandres røyndomsoppfatning:
"The world of everyday life is consequently mans fundamental and paramount reality." (Schutz og Luckmann 1973:3)
2) Forskar-orientert: Mistankens hermeneutikk
Ei retning som bryt totalt med kravet til Schutz er teoriane som kan samlast i det Riceour har kalla Mistankens hermeneutikk. Freud, Marx og Nietzsche er i følgje Ricoeur dei fremste eksponentane for dette synet.
"Går vi tilbake til den hensikt de (dvs. Marx, Nietzsche og Freud) hadde felles, finner vi en beslutning om primært å betrakte hele bevisstheten som "falsk" bevissthet."
I praktisk forsking vil mistanken om at ein er underlagt eit falskt medvit rette seg ikkje berre mot sosiale aktørars eigne fortolkingar, men også mot politiske og ideologiske motstandarar og deira intellektuelle integritet.
Freud prøvde på si side gjennom det umedvitne å kome på sporet av indre spenningar som subjekta hans ikkje sjølve var klar over eksisterte &endash; Freud ville seie dette var fortrengt, men gjennom tolking av pasientsamtalar kopla med teoretisk kunnskap kunne Freud finne ut korleis ting EIGENTLEG hang saman.
Marx (og etterfølgjarane hans) kan også seiast å vere fanga av ein mistankens hermeneutikk når det vart sagt at arbeidarklassen ikkje var i stand til å forstå kor fælt dei eigentleg hadde det på grunn av laget av falskt medvit som skuggar for den rette verdsoppfatninga.
Nietzsche kritiserer på si side fornuftsfilosofien og sanningsproblematikken &endash; men endar dermed i ein posisjon som Skjervheim kallar "sjølvrefererande inkonsistent".
Hans Skjervheim har i essayet "Kritikk av mistankens hermeneutikk" (Skjervheim 1980) analysert mistankens hermeneutikk som ein slags ideologi i seg sjølv. Og den same mistanken som dei tre "stormeistrane" rettar mot andre ideologiar kan naturlegvis rettast også mot stormeistranes eigne ideologiar.
Skjervheim meiner det ikkje kan kome så mykje godt ut av at ein går rundt og mistenkjer alt og alle heile tida:
"Den generelle kritikken som dei nye filosofane rettar mot Makta og Herredømmet, er overdimensjonert, og denne kritikken fortrenger spørsmålet om eit fornuftig herredømme: Spørsmålet er om det finst institusjonar som vi kan akseptera og kjenna oss att i." (Skjervheim 1992:30)
Hammersley og Atkinson skil mellom to ulike tilnærmingsmåtar til aktørar sine ytringar. Den eine av desse vert kalla informasjonsanalyse, der ein tek aktøranes opplysningar på alvor og prøver å finne ut om det er rett eller feil. Ein annan strategi er å sjå på ytringane som symptom på ein tenkjemåte eller psykiske tilstandar hjå einskildpersonar eller grupper. Dette vert kalla ein perspektivanalyse. Ut frå denne begrepsbruken vil ein perspektivanalyse ligge til grunn for forsking som einsidig har ei form for mistankens hermeneutikk som tolkingsramme: Det folk seier er ikkje interessant i seg sjølv &endash; det er berre interessant som symptom på til dømes falskt medvit. Eit informasjonsanalytisk perspektiv vil kanskje ligge nærare Schutz sitt adekvanspostulat.
Gilje og Grimen meiner at ein sjølv innanfor ein mistankens hermeneutikk ved ein kombinasjon av informasjonsanalyse og perspektivanalyse kan oppfylle det såkalla "barmhjertighetsprinsippet", som går ut på at ein alltid skal ha som utgangspunkt at alle personar i utgangspunktet er fornuftige og at ytringane deira forsøksvis må tolkast slik at dei verkar mest muleg fornuftige (Gilje og Grimen 1993, side 202).
3) Ein kommunikativ mellomposisjon? Skjervheim og Habermas
Medan Schutz (blant anna!) krev at aktøren skal kunne kjenne seg igjen i forskarens beskrivelsar, vil Marx og Freud sjå heilt vekk frå dette kriteriet. Habermas brukar blant andre Skjervheim til å formulere ein mellomposisjon.
Hans Skjervheims kjende formulering deltakar og tilskodar kan vere eit utgangspunkt for resonnementet. Forskaren er både deltakar og tilskodar når han går inn i ein kvardagsleg sosial praksis. Forskaren gjer dette for å meistre den sosiale praksisen og er då deltakar &endash; men han gjer det også for å få materiale til forskinga si og er då samstundes tilskodar.
Skjervheim seier forskaren kan ha to haldningar til kvardagslivet og til aktøren: Anten er dette objekt for forskinga, der det som blir sagt blir registrert og ferdig med det. Eller utsegnene kan bli behandla som "gyldighetskrav" (knowledge claim) &endash; som kan vere rette eller feile. Men så lenge ein er i ein kommunikativ situasjon vil subjektet verte oppfatta som "a fellow subject who concerns me as one on an equal footing with myself, in that we are both concerned with our common world" (Skjervheim sitert av Habermas 1984:1:113).
Habermas meiner likevel at forskaren sjølv når han er i innsamlingsfasen ("gathering communicative experiences") ikkje kan legge til grunn "the utterance of his opposite number as a mere fact" (Habermas 1984:1:113)
I dette kommunikative aspektet ligg også at både aktør og forskar (deltakar og tilskodar) gjensidig kan vurdere kvarandre sine gyldigheitskrav &endash; også i livsverdslege samanhengar. Som ei følgje av at forskaren underkastar seg ein kommunikativ reasjonalitet vil også forskaren måtte gje opp sin opphøgde posisjon som "rein" observatør og at forskarens tolkingar også blir underkasta dei same gyldigheitskrava som vert stilt til all annan kommunikasjon. (Jf. også Habermas 1980:36).
Jon Hellesnes har i ein artikkel gjeve eit (tenkt?) døme på korleis teorien kan nyttast i praktisk analyse av kvardagslivet, nærare bestemt i "Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas, eller om formalpragmatikkens grunnlag"
(Hellesnes 1985). Aktøranes livsverda kan etter Hellesnes delast inn i ei objektiv, sosial og subjektiv verd &endash; og gyldigheitskrav kan også vurderast i høve til desse tre.
I den første, objektive, verda vil ytringar bli vurderte i høve til om dei gjer krav på vere sanne: Var det sant at deskjournalistane gøymde skissene for redaktørane?
Eide følgde opp den innleiiande forteljinga i høve til den objektive verda, ved at han på klassisk kjeldekritisk vis set Hasselknippes oppfatning av det som har skjedd opp mot to andre kjelder sine forteljingar om same saka. Dei to andre kjeldene er kanskje mest truverdige. Dei to er nemleg deskmedarbeidarar som for det første påstår at dei hadde ulike versjonar av førstesida, og at dei ikkje blei oppdaga. Eller er det berre skryt?
I den andre, sosisale verda, er spørsmålet om ytringar er i samsvar med sosiale normer: Kva var mest i samsvar med VG-ånden; at deskjournalistane gøymde skisser, eller at dei ikkje gjorde det?
I den tredje, subjektive verda, er spørsmålet om den som framfører ytringar sjølv trur på det han seier: Snakkar Hasselknippe sant når han nektar på at deskjournalistane gøymde skissene?
Hellesnes understrekar at det vil kunne finnast døme på alle slags kombinasjonar av dei tre verdene.
Gilje og Grimen meiner at denne formen for analyse av ytringar er å setje "barmhjertighetsprinsippet" ut i livet i praktisk forsking (Gilje og Grimen 1993:202). Det kan også seiast at Hammersley og Atkinsons informasjonsanalyse er knytt til den objektive verda, medan perspektivanalyse vil ligge til grunn når forskaren vurderer ytringar i høve til den sosiale og subjektive verda.
Sjølv om forskaren veit at det folk seier objektivt sett er feil, så kan det likevel hende at han må la det passere for å kome vidare i analysen. Forskaren må skilje mellom autentisitet og validitet. Forskaren kan godt la vere å sjølv tru på trolldom og magi, men akseptere at dette er viktige storleikar i meiningsramma i eit sosialt system. Forskaren vil då sette parentes ("bracketing") rundt si objektive oppfatning av trolldom og magi for å fatte heilskapen i aktøranes meiningsramma (Jerdal 1994:35-38). Nettopp ved å operere med slike parentesar og vere i stand til å akseptere innhaldet i parantesen på eit slags praktisk medvitsplan er det at forskaren opptrer som forskar og ikkje berre som ein aspirant til å bli teken opp i stammen. Innhaldet i parentesane vert så seinare hans materiale som forskar.
Skjervheim kallar dette for "nøytralitetsmodifikasjon" (Skjervheim 1992:25-26) og syner at i praksis er det umuleg for forskaren å gå inn ein tilstand av total nøytralitetsmodifikasjon.
Giddens og Eide
Omgrepet dobbel hermeneutikk er ein integrert del av Martin Eides teoretiske arbeid om nyhendejournalistikk, "Nyhetens interesse" (Eide 1992). Eide seier i boka at medieforskaren på den eine sida må kjenne den sosiale verda som ein nyhenderedaksjon representerer. For å vere i stand til å beskrive journalistane og dei andre aktørane sine handlingar "på en forsvarlig måte" må forskaren forstå journalistane sine handlingar og "tenke seg muligheten av å delta i disse handlingene". På den andre sida må forskaren heller ikkje gløyme si rolle som forskar og at han er ein del av eit forskarsamfunn med eigne omgrep, språk og praksisformer (Eide 1992:49). Dette er tydelege ekko frå Giddens "New Rules of Sociology" (Giddens 1976:169&endash;170).
Ein annan stad i boka seier Eide det slik:
"For medieforskeren gjelder det å komme tett inn på studieobjektet, men ikke så tett at omverdenen tapes av syne. Det handler også om å få et grep om aktørenes kompetanse og å utvikle egen kommentatorkompetanse; det handler om den doble hermeneutikk." (Eide 1992:160)
Seinare har Eide kome med fleire arbeid på eller i tilknyting til nyhendejournalistikk, der det i forskingssamanheng viktigaste er dr. philos avhandlinga om VGs historie (Eide 1998), der han igjen referer til omgrepet:
"Den doble hermeneutikk er betegnelsen Giddens (1982, 1984) bruker for den fortolkningsoppgave det for det første er å forstå handling som framstår som meningsfull for aktørene, for det annet å fortolke dette innenfor en vitenskapelig kontekst."(Eide 1998:75)
Omgrepet er ikkje som omgrep drøfta nærare &endash; men teke for gitt. I den empiriske delen går så Eide detaljert til verks for å identifisere og vurdere aktørane i VGs populariseringsprosess.
Avhandlinga sitt kapittel "Metodologiske overveielser og presiseringer" startar då også med eit Giddens-sitat der Giddens seier at dei abstrakte teoriane må brukast i "the actual context of interaction" (Eide 1998:71).
Eides undergrunns helt
I hovudkapitlet "En avis av en ny art"" (ut)nemner Eide fire personar til særleg sentrale aktørar i etableringa av VG. To av desse var var også sentrale aktørar i VGs populariseringsprosess. Denne er omtala i hovudkapitlet: "Kampen om avisens sjel" der Eide skriv korleis VG tok opp kampen med Dagbladet.
Dei to sentrale aktørane var avisas ansvarlege redaktør Chr. A. Christensen og disponent Martin Wathne. Christensen var ansvarleg redaktør frå 1945 til han døydde i 1967. Wathne vart i 1945 tilsett som kontorsjef &endash; og frå 1947 til 1966 var han disponent i avisa.
Oskar Hasselknippe vert ikkje i eksplisitte rankinglister i boka nemnt på linje med andre sentrale aktørar. I 25 år &endash; frå 1953 til 1978 var han ansvarleg redaktør i avisa. Ingen andre har hatt så lang tenestetid som ansvarleg redaktør i VG.
Hasselknippe hadde militær flygarskule og oppnådde kapteinsgrad i flyvåpenet. Før og etter militærtenesta arbeidde han som pressemann. Han var journalist og redaksjonssekretær i dei borgarlege avisene Velgeren og Ringerikes Blad. Frå 1943-1945 var han distriktssjef i Milorg. I 1945 vart Hasselknippe tilsett som journalist i VG, i 1947 vart han redaksjonssekretær og i 1951 reportasjesjef (Pressefolk 1997:137).
Hasselknippes som aktør vert av Eide ofte sett i ein anekdotisk kontekst. Det vert fortalt at ein gjest i VG spurte etter redaktøren, og fekk vite at "Han står på hue i dassen". Noko som stemte &endash; han fiksa ting sjølv i staden for å betale for ein rørleggar. Eide presenterer dette som eit eksemplarisk døme på VG-anden med "samhold og samarbeid på tvers av avdelinger og ranghierarkier" (Eide 1998:164). Også andre stader vert Hasselknippe presentert som ei slags ikjøting av VG-anden &endash; han hadde sin faste plass ved desken (sjå særleg side 217). I andre samanhengar vart han presentert som teknologifantast, UFO-skeptikar eller som ein illustrasjon av "den opplysningsbaserte popularisering".
Dei fire første ansvarlege redaktørane i VG var Chr. A. Christensen, Knut Greve, Oskar Hasselknippe og Vegard Sletten. Dei to første administrative leiarane var Ola Kirkvaag og Martin Wathne. Av desse seks svært sentrale avisleiarane var det i Eides prosjektperiode i 1993-1994 berre Hasselknippe som ikkje var død. Sjølv om han i 1993 var 82 år gammal var han likevel tilgjengeleg som kjelde.
Eide hadde fleire intervju med Hasselknippe våren 1993 og "ukentlige samtaler høsten 1993 og våren 1994" (Eide 1998:372) Hasselknippe har også forsynt Eide med brev og notat. Hasselknippe har sjølv skrive ei bok om etableringa av VG. (Hasselknippe 1985). Som andre sentrale aktørar er Hasselknippe representert i interne notat og brev og opptrer også i referat frå sine 25 år som redaktør i VG. Ingen andre sentrale aktørar kjem i nærleiken av Hasselknippes breidde og omfang når det gjeld å levere kjeldemateriale til Eide. Hasselknippe står indirekte og direkte fram som fortolkar av andre aktørars perspektiv.
I Eides avhandling framstår Hasselknippe først og fremst som kjelde. Han har hatt særleg interesse for (og sikkert også tid til) Eides prosjekt. Han er i avhandlinga berre i liten grad ein sentral aktør enn 25 års teneste som VG-redaktør skulle tyde på. Dette skal eg gå nærare inn på litt lenger nede.
Grunnlaget for analysane er naturlegvis avhandlinga. På grunn av eit svært godt noteapparat, stor breidde i kjeldebruken og ei klar framstilling er det råd å kikke Eide i korta &endash; og det vil her bli forsøkt.
Hasselknippe på orkesterplass - eller som dirigent?
Av avhandlinga går det fram at Hasselknippe spelte ei viktig &endash; men ikkje avklara &endash; rolle i avgjerande hendingar og prosessar i VGs historie. Dette var for det første uroa rundt redaktørtilsettingane i 1953, som enda med at Hasselknippe vart tilsett som ansvarleg redaktør. Den andre situasjonen var omlegginga til middagsavis og hans rolle i populariseringa av VG. Den tredje var forholdet til Schibsted som forretningspartner og seinare eigar.
a) Redaktørtilsettingane i 1953
I 1953 var redaksjonssjef Hasselknippe påtenkt som ny redaktør sideordna Christensen. Redaktør Christensen og disponent Wathne gjekk først inn for dette, og la blant anna vekt på at han hadde full stønad frå dei yngre journalistane, tenkte økonomi og hadde sterk lojalitet til VG. I staden vart Knut Greve tilsett som Libertas mann i VG. Redaksjonen reagerte sterkt på den nye redaktøren, og ei rekkje sentrale medarbeidarar, blant andre Hasselknippe, sa dei ville slutte om ikkje Greve slutta. Styret bestemte seg for å ofre Greve. Greve på si side var etterkvart mykje borte frå avishuset. Då han ein ein gong kom innom snakka han berre med Hasselknippe &endash; ikkje med disponent Wathne. Frå denne samtalen er det kjent at Hasselknippe sa han ville slutte om ikkje Greve slutta som redaktør. Styret hadde alt bestemt seg for at Greve måtte bort, men hadde ikkje formidla det til han. Dei bad fleire gonger om eit møte med Greve &endash; men fekk ikkje kontakt med han.
Få dagar etter møtet med Hasselknippe døydde Greve. Hasselknippe vart straks konstituert som ansvarleg redaktør etter Greve, og vart seinare fast tilsett.
I denne situasjonen nådde altså Hasselknippe i første omgang ikkje fram som redaktør, fordi Christensen og Wathne lot seg presse til å ta i mot Libertas-kandidaten Knut Greve, noko som synte seg å vere feil mann på feil stad.
Det hadde ut frå dette vore relevant å fått vite meir om Hasselknippes sjølvforståing i denne situasjonen. Til dømes kan ein spørje både kvifor han ikkje slutta på flekken då avisleiinga let seg presse til å ta i mot ein politisk motivert redaktør utanfrå, eller at han seinare var viljug til å samarbeide med Christensen og Wathne &endash; som jo hadde gjort dette. Ikkje berre hadde dei to svikta han som kandidat. Dei hadde også late VG som avis bli presse av Libertas.
Og kva meir sa han til Greve i samtalen dei to hadde seg i mellom?
Ein kan vidare spørje seg korleis maktforholda var mellom dei ulike aktørane i toppleiinga i VG og mellom ulike grupper i avishuset. Det ville vere merkeleg om ikkje den mislukka Greve-episoden førte til endringar av nokon maktposisjonar.
b) Omlegginga til populær middagsavis
Internt i avisa var det to konkurrerande synspunkt på korleis VG tidleg på 1950-talet burde endre seg for å betre marknadsposisjonen:
"Om graden av omlegging hersker det altså klart ulike oppfatninger. Redaktøren foreslår en moderat omlegging, salgssjefen og disponenten en radikal." (side 193)
Det var altså to hovudsynspunkt i avisa på kva som måtte gjerast. Dei "seriøse idealistane" som ville drive avisa ut frå H. O. Christophersen ånd, og dei "moderne populistane" som med inspirasjon frå svenske opplagssuksessar både ønskte å legge om avisa, og samstundes såg på dette som ein måte å få avisa ut av det økonomiske uføret på? Dei to ansvarlege redaktørane stod i utgangspunktet på kvar si side &endash; med Hasselknippe på den vinnande sida då sjelskampen enda opp med ei schizofren middagsavis &endash; framleis tufta på avisprogrammet frå 1945 (jf. side 312).
Denne tilsynelatande klare motsetnaden blir seinare viska ut av Eide som antydar at både Wathne og redaktør Christensen eigentleg stod for ei tredje linje:
"Denne falanks bestod trolig av et flertall i redaksjonen, et flertall som ville legge om kursen, men ikke ukritisk hoppe på en popularitetslinje med store overskrifter og sensasjoner." (side 195).
Seinare skriv Eide om tida etter at Hasselknippe hadde vorte redaktør:
"Disponent Wathne tok seg gjerne runder i redaksjonen og ba journalistene støtte opp om moderniseringen av avisen. Han ba journalistene backe opp Hasselknippes satsing på en aktiv reportasjelinje, en linje også Christensen støttet opp om. Dette var en linje det ikke var vanskelig å oppnå konsensus omkring." (side 225)
Det ikkje oppgjeve noko kjelde for det som vert hevda i dei to avsnitta ovanfor. Kva var så eigentleg Hasselknippes posisjon? Eide skriv (side 198) at Hasselknippe alt før han vart tilsett som redaktør hadde markert seg med synspunkt på korleis avisa burde endre seg. Men det går ikkje fram kva synspunkta gjekk ut på, eller om dei vart endra etter at han vart redaktør.
Etter at Hasselknippe vart redaktør la han fram eit program som konkretiserte populariseringsprosessen.
Når det gjaldt innhaldet ynskte Hasselknippe å halde fram med populariseringslinja. Det betydde blant anna at alle artiklar skulle bli kortare, bilda skulle bli større, helst skulle det vere sportssaker på framsida kvar dag og kulturstoffet skulle også formidlast gjennom aktuell reportasje. Presseetisk sett skulle avisa ikkje gjere overtramp &endash; dette var då heller ikkje salsfremjande.
Populariseringa skulle ikkje føre til at VG vart så uvøren som Dagbladet &endash; men skulle vere meir sakleg.(side 224).
Stundom måtte ivrige journalistar staggast av ansvarlege redaktørar, og i dette arbeidet kallar Eide Hasselknippe ein balansekunstnar (side 225-226). Denne stagginga kan det sjå ut til at han heldt fram med resten av karrieren (jf. side 294 og 307).
Når det gjaldt økonomi og adminstrasjon så skulle redaksjonen og forretningsavdelinga ha tettare samarbeid, for å få betre kontroll over disponeringa av midlane. Som (redaksjonell)avisleiar var Hasselknippe særleg oppteken av økonomi:
"Og så hadde avisen i Oskar Hasselknippe en redaktør som hadde sine regnestykker klart for seg, som drev effektiv kostnadskontroll på rutepapir. En side skulle koste det den skulle koste, ikke mer." (side 297)
Sjølv etter at VG hadde vorte kjøpt av Schibsted og millionane byrja å vise resultat var Hasselknippe varsam med kronene. Då det i 1967 var tale om å lage ein fest for personalet gjekk Hasselknippe i mot, då det kunne gje eit "feilaktig inntryk av pekuniær overflod." (side 255). Og etter at avisa byrja å tene pengar kunne Hasselknippe seie: "Pengene som blir båret over gaten er vår uavhengighet" (side 260).
Med orienteringa mot økonomi kan ein seie at Hasselknippe og Wathne forstod same språk, og det er vanskeleg å sjå at det er store skilnader mellom Hasselknippes og Wathnes idear om korleis avisa burde endre seg.
Kva var Hasselknippes oppfatning av eiga rolle i denne prosessen? Han er ikkje brukt eksplisitt som kjelde, trass i at han som "vinnar" av den ulukksalege Greve-episoden, med forsterka journalistisk, moralsk og organisatorisk eigenkapital i ny posisjon som redaktør legg fram eit nytt program &endash; og så gjennomfører det i praksis.
I si eiga bok om VGs første år skriv han (i 1985) dette om omlegginga:
"Det er ikke så lite frustrerende &endash; nå etterpå &endash; å lese i protokollene fra styre- og rådsmøter om stadige henstillinger til redaksjonen om å lage en mer leservennlig avis. Det var jo nettopp det vi ville &endash; men ikke hadde råd til.
Et velment &endash; men halvhjertet &endash; forsøk ble gjort i 1952 da vi gikk over til å bli middagsavis [Mi utheving, JR], og det ble tegnet en million i ny kapital &endash; halvparten av det som hadde vært nødvendig." (Hasselknippe 1985:46)
No var det først og fremst starten og ikkje den vidare historia til VG som var Hasselknippes ærend med denne boka. Sitatet ovanfor opnar for fleire tolkingar. For det fyrste kan ordet halvhjerta både peike på at det var berre halvparten av den nødvendige kapitalen som vart stilt til rådvelde for avisa. Underforstått var VG alt frå starten av den same avisa, og det var berre litt meir pengar som skulle til for at marknaden ville få augene opp for avisa.
Men halvhjerta kan også vere ein meir generell omtale av omlegginga til middagsavis &endash; både økonomi og endring i innhald &endash; begge deler kunne vere halvhjerta. Sitatet i Hasselknippes eiga bok gjer det altså ikkje klarare korleis han stod i omlegginga tidleg på 1950-talet. Det er også interessant i seg sjølv at han er uklar.
c) Forholdet til Schibsted
Då VG vart kjøpt av Schibsted betydde det at dei tidlegare aksjonærane måtte gje frå seg aksjane sine utan vederlag. Andre løysingar vart også diskutert. Kva desse går ut på er ikkje opplyst. Eide noterer i ein fotnote: "Uten å ville gå i detaljer, har Hasselknippe i en rekke samtaler med forfatteren omtalt slike forsiktige framstøt." (side 248).
I 1967 var Schibsted-familien på plass som ny eigar, og redaktørkabalen skulle leggast på nytt både på grunn av eigarskiftet og fordi redaktør Christensen brått døydde. Den nye eigaren hadde planar om å installere Trygve Ramberg frå Aftenposten, men dette gjekk ikkje gjennom. Sentrale personar i VG-redaksjonen gjekk sterkt i mot dette &endash; blant andre Hasselknippe som i lag med fleire hadde signalisert at han ville gå om Ramberg vart tilsett. Det heile enda med at VG-journalist Vegard Sletten vart ny politisk redaktør sidestilt Hasselknippe. I tillegg tilsette Schibsted Arne Bonde som nyhenderedaktør &endash; utan å informere Hasselknippe (side 259-260).
Hasselknippe var også kritisk til Schibsteds planar om å tilsette Andreas Norland som ny redaktør då han sjølv skulle gå av for aldersgrensa. Dette var først og fremst ut frå ei vurdering av Norlands politiske orientering (side 263)
Eit hovudpoeng hos Eide er at grunnlaget for VGs framgang som populæravis var lagt alt på 50-talet der omlegginga til ettermiddagsavis og ulike grep gjort i samband med det var særleg viktige. For Schibsted var dette nærast som å å kjøpe ein bensintom bil til spottpris, fylle på med nødvendig drivstoff, og vips så var målet i sikte. Ein kan tidvis få inntrykk av at Tinius Nagell-Erichsens rolle i VG berre gjekk ut på å skaffe til veges dei nødvendige millionane:
"Med en representant fra eierne i disponentstolen var beslutningslinjene korte og svarene på forespørsler fra VGs øvrige ledere kom raskt. Som regel var svaret ja." (side 258)
I Hasselknippes bok om VG ordlegg han seg slik om Schibsted:
"Litt vemodig å tenke på at vår forutsigelse &endash; at en økonomisk og ressursmessig investering ville gjøre VG til den store suksess &endash; til slutt gikk i oppfyllelse. Det var altså 20 år etter starten, da Aftenpostens eiere ga oss disse ressursene." (Hasselknippe 1985:46)
"vår" og "oss" i setningane ovanfor viser attende til VG. Staben i VG har altså hatt ein spådom. Spådomen gjekk i oppfyllelse då VG ikkje vart kjøpt, men vart GJEVEN pengane som var nødvendige for at avisa skulle bli ein suksess.
Hasselknippes haldning til Schibsted som eigar er interessant. Hasselknippe var ansvarleg redaktør frå Schibsted kjøpte avisa i 1966 og fram til 1978. på desse åra vart opplaget tredobla, frå i underkant av 50.000 til over 150.000. Men Hasselknippe hadde nesten 20 års karriere i VG frå tida FØR avisa vart kjøpt av Schibsted. Og både ved første endring i redaktørkollegiet, og då han gjekk av som redaktør var han usamd med Schibsted. Første gongen fekk han det som han ville. Ved sin avgang fekk han ikkje det.
Avslutning
I teoridelen av avhandlinga kjem Eide med ein varedeklarasjon; dette skal avhandlinga innehalde:
"I mine følgende forsøk på å gripe relevante figurasjoner i utviklingen av en norsk populæravis vil aktørers selvforståelse stå sentralt" (Eide 1998:75)
I noko som smakar av metodekritikk omtalar Eide problematiske sider ved sitt eige prosjekt, og då særleg knytt til aktør-perspektivet:
"I en historisk anlagt studie framstår dette [aktøranes eigenforståing og kunnskap] som mer problematisk enn i en mer synkron samfunnsvitenskapelig studie. Men i mange tilfeller vil også samtids- og samfunnsforskeren være avhengig av å rekonstruere aktørenes refleksjon m.v. i ettertid. Enkel og uformidlet tilgang til aktørenes praktiske- og diskursive bevissthet er om ikke umulig så ihvertfall særdeles vanskelig å realisere i praksis." (Eide 1998:349-350)
Eide meiner kort sagt at han har gjort det beste ut av eit godt kjeldemateriale, og at problema han har støtt på vanskeleg kan løysast på betre måtar. Sjølv seier han det slik:
"( ) vårt kildemateriale holder en mer enn tilstrekkelig standard. Jeg vil mene at det har latt seg gjøre få en forsvarlig tilgang til viktig aktørkompetanse gjennom skriftlige kilder og intervjuer." (Eide 1998:350).
Som ein generell kommentar kan det seiast at avhandlinga formidlar eit bilde av toppleiinga i VG (og ofte heile avisa) som ein slags harmonisk familie eller eit bukollektiv med sterk indre lojalitet &endash; i kamp mot trugande ytre krefter: Nølande aviskjøparar, rike grupper med politiske ambisjonar som ynskjer kontroll over avisa og ein tilsynelatande usårleg hovudkonkurrent i Dagbladet som hadde dobbelt så stort opplag som VG på den tida.
I kva grad har aktøranes sjølvforståing vorte formidla? Hasselknippe var ein av dei viktigaste aktørane. Men han framstår i avhandlinga ikkje som ein aktør &endash; han er ei kjelde. Hans sjølvforståing som aktør vantar. I den grad han har vore ein aktør, så ser det ut til at det er samsvar mellom avhandlinga og Hasselknippes perspektiv på kva som skjedde i VG.
Hasselknippe har formidla sine opplysningar. Har somme stader ikkje vore viljug til å seie noko. Og har andre stader kanskje ikkje fått alle spørsmåla han burde ha fått. Hasselknippe som person vert først og fremst sett i perspektiv som ei ikjøting av VG-anden. Han vert ikkje sett i perspektiv som ein handlande aktør med tydelege meiningar om ting som skjedde. Ikkje nokon stad framstår Hasselknippe som ein handlande aktør &endash; ting skjer, men andre er aktørar. Libertas er til og med ein skummel aktør.
Dei andre sentrale personane har stort sett den kjeldekritiske eigenskapen at dei er døde. Dette gjer forskaren endå meir avhengig av den gjenlevande kjelda &endash; men fritek heller ikkje forskaren frå å gjennomføre sitt annonserte prosjekt.
Kva fortel så framstillinga av dei tre situasjonane om Eides bruk av Hasselknippe som kjelde i høve til tilnærmingane som er diskuterte ovanfor. Eide ligg i behandlinga av aktøren Hasselknippe nært opp til Schutz sitt adekvanspostulat &endash; det er vanskeleg å sjå at det er moment i framstillinga som ikkje ein sentral aktør som Hasselknippe vil ha problem med å kjenne seg igjen i og faktisk vere samd i.
Det må kunne seiast at Eide ligg langt unna strategiar som minner om mistankens hermeneutikk. Til dømes kunne VGs rekruttering frå ikkje-sosialistiske miljø og seinare stønad til NATO vorte brukt som inntak til eit slikt ideologisk resonnement. Eide gjev opp to andre kjelder som motseier Hasselknippes kategoriske avvising av at deskjournalistane lurte han. Kva kan det kome av at Hasselknippe så sterkt ("kategorisk") benektar dette? Er det hans eige ettermæle det handlar om? Er det redaktørinstituttets status som står på spel? Kva seier han konfrontert med Knut Haavik si påstand? Dette vantar. Det kunne ha vorte spurt om. Det kunne ha vorte formidla.
Eit arbeid som Martin Eide kallar for eit ambisiøst bidrag til en genuint samfunnsorientert journalistikkhistorie er Ekecrantz og Olssons bok "Det redigerade samhället". Eide meinte likevel at deira tekstbaserte analyse til journalistikkhistorie ikkje går langt nok og at "De journalistiske hendelsene og den journalistiske praksis kan følgelig ikke bli situert i en institusjonell kontekst." Likevel har Ekecranz og Olsson gjor ein observasjon om den moderne (svenske) journalistikken som også kan tene som sluttord i dette innlegget:
"I beskrivningen av makten har aktörerna blivit otydliga."
Notar:
Litteraturliste:
Eide, Martin (1997): "Af alle Slags Indhold", bokmelding av Svennik Høyer (1995): Pressen mellom teknologi og samfunn i Historisk Tidsskrift bind 76 nr. 4 (side 558-563), Universitetsforlaget, Oslo
Eide, Martin (1992): Nyhetens interesse. Nyhetsjournalistikk mellom tekst og kontekst, Universitetsforlaget, Oslo
Eide, Martin (1995): Verdens Gang 1945-1995. Blod, sverte og gledestårer, VG, Oslo
Eide, Martin (1998): Popularisering, modernisering, strukturering. En populæravis tar form. Verdens Gang i forvandling 1945-1981, Rapport nr. 40, Institutt for medievitenskap, (dr. philos avhandling) Universitetet i Bergen, Bergen
Eide, Martin og Karl Knapskog (1994): "Samfunnsforsking mellom Cambridge og Dikemark", i Sosiologi i dag, nr. 1/1994, side 53-65, Novus forlag, Oslo
Fauske, Halvor (1994): "Sosialteori for det neste århundre? En sammenligning av Giddens og Parsons", i Sosiologi i dag, nr. 1/1994, side 53-65, Novus forlag, Oslo
Gadamer, Hans-Georg 1960 (1997): Truth and Method. Second, Revised Edition, Continuum, New York
Giddens, Anthony 1976 (1993): New Rules of Sociological Method, Stanford University Press, Stanford
Giddens, Anthony 1983 (1991): The Constitution of Society, Polity Press, Oxford/Cambridge
Gilje, Nils og Harald Grimen (1993): Samfunnsvitenskapenes forutsetninger. Innføring i samfunnsvitenskapenes vitenskapsfilosofi, Universitetsforlaget, Oslo
Glasser, Barney G. og Anselm L. Strauss (1967): The Discovery of Grounded Theory. Strategies for Qualitative Research, Aldine de Gruyter, New York
Guneriussen, Willy (1996): Aktør, handling og struktur. Grunnlagsproblemer i samfunnsvitenskapene, TANO, Oslo
Habermas, Jürgen 1980 (1988): "Förstående kontra rekonstruktiv samhällsvetenskap", i Anders Molander (red.): Jürgen Habermas. Kommunikativt handlande. Texter om språk, rationalitet och samhälle, Daidalos, Göteborg
Habermas, Jürgen (1984): The theory of Communicative Action (Volume one). Reason and the Rationalization of Society, Beacon Press, Boston
Habermas, Jürgen (1984): The theory of Communicative Action (Volume two). The critique of Functionalist Reason, Polity Press, Oxford/Cambridge
Hellesnes, Jon (1985): "Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas, eller om formalpragmatikkens grunnlag", Syn og Segn nr. 3/1985, Det Norske Samlaget, Oslo
Høyer, Svennik (1995): Pressen. Mellom teknologi og samfunn, Universitetsforlaget, Oslo
Jerdal, Else (1994): "Anthony Giddens &endash; kritisk sosiolog eller samfunnsfilosof", i Sosiologi i dag, nr. 1/1994, side 53-65, Novus forlag, Oslo
Schutz, Alfred (1963): "Common-Sense and Scientific Interpretation of Human Action", i Maurice Natanson (ed.): Philosophy of the Social Sciences. A Reader, Random House, New York
Schutz, Alfred (1967): Collected Papers. I. The Problem of Social Reality, ed. Maurice Natanson, Martinus Nijhoff, The Hague
Schutz, Alfred & Thomas Luckmann (1973): The Structures of the Life-World. Volume 1, Northwestern University Press, Evanston
Schwandt, Thomas A. (1998): "Constructivist, Interpretivist Approaches to Human Inquiry", i Norman K. Denzin & Yvonna S. Lincoln (editors): The Landscape of Qualitative Research, Sage, Thousand Oaks &endash; London &endash; New Delhi
Skjervheim, Hans 1980 (1992): "Kritikk av mistankens hermeneutikk" i Hans Skjervheim: Filosofi og dømmekraft, Universitetsforlaget, Oslo
Skjervheim, Hans 1986 (1992): "Invitasjon til (kulturelt?) sjølvmord", i Hans Skjervheim: Filosofi og dømmekraft, Universitetsforlaget, Oslo
Tjelmeland, Hallvard (1998): Opposisjon til Martin Eide: "Popularisering, modernisering, strukturering. En populæravis tar form. Verdens Gang i forvandling 1945-1981", disputas Bergen oktober 1998