Det som skjer når dei fyrste lokalavisene no går på Internett er dette: Redaksjonens unge og datafrelste journalist har etter lang nok tids masing på ein eldre og tvilande redaktør klart å få gjennomslag for at avisa skal lage ei nett-utgåve, tilgjengeleg for eit par hundre millionar menneske. Investeringa er ikkje stor: Gjerne under 10.000 det fyrste året.
Så kan den unge datafrelste får utløp for ei av sine lyster, også i arbeidstida, og utover den betalte arbeidstida, avisa er forkant av utviklinga og kan skrive om seg sjølv, og får omtale frå datafrelste i andre aviser og kanskje på radioen, og før eller seinare vil så mange andre aviser vere på nettet at ein ikkje kan la vere. Og når han trur ingen ser på, lurer redaktøren seg til å prøve litt han også.
Innovatørane på nettet
Diffusjonsteorien er ein teori om korleis nyvinningar spreiar seg i ei sosial gruppe. Til dømes eit lokalsamfunn. Desse datafrelste kan etter diffusjonsteorien verte kalla innovatørar. Dei er utradisjonelle, har mange kontaktar utover lokalsamfunnet og er i liten grad tradisjonsbundne. Dei er fyrst ute med nye ting og introduserer nett-verda, cyberspace, for resten av redaksjonen - og kanskje får dei også resten med seg. Kanskje ikkje.
Det dei i alle fall vil oppdage er at dei førebels er einsame i lokalsamfunnet om å ha slike interesser. Det er ikkje mange andre lokale privatpersonar, verksemder eller organisasjonar som er på nett, i form av at dei har lagt ut sider på det som vert kalla World Wide Web - som i dag mest er synonymt med Internett.
Fire aviser på nettet
Det er i dag (med atterhald for at Kvasir og Origo ikkje er oppdaterte) fire lokale fådagsaviser som er på nettet, og åtte andre står i skrivande stund på spranget til å kome på nettet gjennom Lokalavisweb. Velkomne er dei. Nettfolka er glade for alle som oppdagar nettet og aukar informasjonsmengda som alt fins der. I tillegg er det vel ti større aviser som har nettutgåver. VG er den mest leste avisa, også på nettet.
For å kome på nett trengst ein datamaskin med modem, ei telefonlinje og ein avtale med ein internettleverandør. I tillegg må ein rekne med å bruke tid på å lære seg kva nettet er for noko. Det vert fort den største kostnaden. Folk som hoppar ut på nettet har ein tendens til å bli der. Lenge.
Innhaldet
Det er tre måtar aviser går på nettet på: For det fyrste kan ein legge ut informasjon om seg sjølv. Informasjon som telefonnummer, faxnummer, adresse, tilsette i avisa osv. Dette er eit nøkternt alternativ som ikkje krev store ressursar til oppfylgjing. Samstundes er det eit signal til omverda om at: "Vi er her, og vi kan det, men vi vil tenkje oss litt om". Dagens Næringsliv og Fdrelandsvennen er døme på aviser som nett no har ein slik strategi. Arbeidets rett og avisene på Lokalavisweb er også (førebels) avgrensa til å gjere dette.
Etterkvart som ein kjenner seg tryggare vil ein gjerne gå over til den andre måten å gå på nett på: Å legge ut nyhende- og annonsar frå avisa på nettet. - Tilgjengeleg for kanskje eit par hundre millionar menneske frå heile verda. I alle fall så lenge dei kan norsk. Og har interesse av kva som skjer på Røros eller Røyken.
Det tek straks til å koste litt også. Nokon må for kvar utgåve av avisa sette seg ned og legge ut på nettet dei siste nyhenda frå avisa. Somme gjer det berre ein gong i veka, andre før avisa kjem frå trykkeriet. Dei kjappaste hevdar at det kan ta heilt ned i ti minutt for dag å gjere dette. Men samstundes veit ein jo med data at sjølve arbeidet kan gå veldig fort og greit, men arbeidet knytt til dataen, drift og vedlikehald, har ein tendens til å ta tid.
Den tredje måten å gå på nett på er nok helst for dei aller største: Å opprette ein eigen sjølvstendig nett-redaksjon, meir eller mindre avhengig av avisa. Avisas nyhende kan her få ein mindre sentral plass, til fordel for stoff som er tilpassa nettet. Schibsted har forsåvidt gjort det ved at Schibstednett har ein eigen redaksjon og arbeider uavhengig av Aftenposten og VG (som har sine eigne nett-sider).
Dugnadsnettet
Og så har me naturlegvis eit tilfelle som ikkje passar etter noko form for klassifisering: Fjordingen i Stryn kom svært tidleg på nettet, takka vere ein lokalpatriot med namnet Svein Arild Bergset. Han studerer ved NTH og har i omlag eit år lagt ut Fjordingen på nettet. Som regel er det stoff frå framsida han legg ut, betalinga er eit gratisabonnement, og redaksjonen i Fjordingen har eigentleg ikkje så mykje med det heile å gjere.
Kva skal ein på nettet?
Eit spørsmål bør ein stille FØR ein går på nettet: Kvifor? Her er det mange svar:
For det fyrste: Å tene pengar. Då skal ein finne på noko skikkeleg lurt. Så godt som all informasjon på nettet er gratis, og det er folk vane med og det er vanskeleg å vite om det kjem nokon lett måte å få betaling for lesing av Internett-sider på.
Annonsar kan vere ein måte å få pengar på. VG sine nyhendesider på nettet har flest lesarar av alle norske Internettsider. Annonsane som står her skal visstnok kunne betale store delar av drifta av den fem mann store nettredaksjonen, litt avhengig av kva måte ein reknar på. Det er vel tvilsamt i dag om andre er i stand til å gjere dette betre enn VG .
Nordlys ser nett-satsinga i samanheng med at avisa også er Internett- leverandør og reknar med at sal og bruk av netttilkopling skal dekke ein del av kostnadene.
Ved enkle løysingar treng kostnadene heller ikkje bli store. Men då vert jo heller ikkje inntektene store. Det "alle" trur er at det i framtida, med fleire brukarar, vil det vere meir lønsamt å vere på nett-marknaden enn det er i dag.
For det andre: Å vere på forkant i den teknologiske utviklinga og å utforske kva nettet kan tilby. Dette er ein grunn som mange aviser oppgir som grunn til å vere på nettet. Det er ein grunn som etter mi meining er heilt legitim, og kanskje også den einaste fornuftige grunnen i dag til å vere på nettet. Som ein slags beredskap, kan ein seie.
For det tredje: Å yte betre service til lesarane. Tja, det vert no helst utanbygds folk som nyttar den servicen. Utflytte sambygdingar, studentar som kanskje er i utlandet, vert av fleire aviser nemnt som dei viktigaste lesarane av avisa på nettet. Dette er uansett marginale grupper som økonomisk sett betyr lite, men som kanskje set ekstra pris på servicen. Dei som er i stand til å lese avisa på nettet kan også på ein svært enkel måte også sende brev med tilbakemeldingar, lesarbrev, tips til avisa, og tinging av abonnement. Lesarkontakten vert dermed betra, og det er viktig for alle aviser. Eit poeng som vert nemnt av somme aviser er at dei på denne måten særskilt når unge. Ei gruppe som er viktig for avisa å nå tidleg for å sikre framtida.
For det fjerde: Betra kundekontakt. Annonsørane og reklamebyråa er på nettet i ymsande grad. Men kor viktig er det for dei at avisa, eller opplysningar om avisa er tilgjengelege på nettet? Langt dei fleste små lokalaviser har relativt faste kundar som lar seg imponere over heilt andre ting enn dette.
For det femte: Dette er kjekt å halde på med! Denne grunnen er ikkje fullt så legitim, men ligg mest alltid under på ein eller annan måte. Og det fins mykje moro som er dyrare og mindre nyttig enn dette ...
Lokale fådagsaviser er billege, nesten gratis, dei har stort sett fulldekning i sine heimestrok og er i stand til å levere ei vare som ingen kan konkurrere med dei om: Lokale nyhende og annonsar. Så lenge avisene gjer eit anstendig arbeid på det feltet, kan avisfolka sove trygt om natta. Og etterkvart vil Internett finne sin plass i mediebildet, slik som kinofilmen, radioen, fjernsynet, videofilmen og satellitt-fjernsynet har gjort det før: I skuggen av lokalavisa.