Johann Roppen
«Tjuvar på same marknad»?
Ei samanlikning av innhaldet i Dagbladet, Verdens Gang, Se og Hør og Hjemmet.
NB! Tabell 3.2.3 og 3.5.1 i papirutgåva inneheld feil, som er
retta her.
Høgskulen i Volda Møreforsking Volda
1998
SAMANDRAG:
Det har vorte hevda at laussalsavisene og vekeblada er «tjuvar på same marknad». Med dette er det meint at innhaldet i dei to medietypene er så likt at dei bør ha same reglar for meirverdivgift. I dag betalar vekeblada moms av bladsalet sitt, medan avisene slepp å gjere det.
Påstanden om likskap i innhald vert i rapporten undersøkt gjennom ei systematisk samanlikning av innhaldet laussalsavisene Dagbladet og Verdens Gang (VG) og vekeblada Se og Hør og Hjemmet. Materialet er samansett av 22 avis- og bladutgåver som vart trekte ut av 1997-årgangen. Utvalet er samansett av sju utgåver av Dagbladet og VG og fire utgåver av Se og Hør og Hjemmet. Alt stoff på alle sider i avisene og blada vart registrert. Til saman vart det registrert ca. 3.800 dataeiningar (artiklar og annonsar).
* Dagbladet og VG framstår i hovudsak som svært like kvarandre når det gjeld innhald. Se og Hør og Hjemmet er ikkje så like kvarandre at dei utan vidare kan handsamast som ei gruppe.
* Dagbladet og VG har 53 prosent nyhende og reportasje, Se og Hør 43 og Hjemmet har ca. 30 prosent nyhende og reportasje.
* Tematiske kategoriar vert vektlagt heilt ulikt i avisene og vekeblada. Avisene er klart størst på politikk og samfunnsstoff, sport, kriminalitet og ulukker. Vekeblada har mest hus/hobby/ferie, kongestoff og helse og familiestoff i nyhende og reportasjestoffet.
* Se og Hør har 65 prosent kjendis- og populærstoff. Avisene og Hjemmet har ca. 24 prosent slikt stoff målt i prosent av nyhende og reportasjestoff.
* Dagbladet har same andel kjendis og populærstoff i 1997 som i 1983.
* Laussalsavisene og Se og Hør nyttar dei same kjendisane.
Metodikk, dokumentasjon og eit utval tabellar er samla i Møreforsking Volda, notat nr. 2/1998.
Cand. polit. Johann Roppen er dr. grads stipendiat i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Prosjekttittel: «Tjuvar på same marknad»? Ei samanlikning av innhaldet i Dagbladet, Verdens Gang, Se og Hør og Hjemmet.
Prosjektansvarleg: Møreforsking Volda
Prosjektleiar: Johann Roppen, Møreforsking Volda
Finansiering: NAL (Norske Avisers Landsforening)
Ansvarleg forfattar: Johann Roppen
Ansvarleg utgjevar: Møreforsking Volda
ISBN 82-8692-115-9 (papirutgåve)
ISSN 0805-6609 (papirutgåve)
Sats: Johann Roppen
Trykk: Møreforsking Volda
Opplag: 50
Distribusjon: Haugen Bok, 6100 Volda, telefon (ISDN): 70 07 45 00
faks: 70 07 45 50, e-post: haugen.bok@mimer.no
Om arbeidsrapportserien:
Arbeidsrapportar er faglege og vitskaplege arbeid som ikkje fullt ut stettar krava til forskingsrapportar. Dei kan til dømes vere delrapportar innanfor større prosjekt eller læremateriell knytt til undervisningsføremål. Arbeidsrapportane skal vere godkjende av vedkomande gruppeleiar (der det finst) og forskingskoordinator ved HVO/MFV.
Innhald
Føreord
1. Innleiing
2. Metode
2.1 Utval og representativitet
2.2 Koding
2.3 Analyse
3. Presentasjon av resultat
3.1 Form
3.2 Tema
3.3 Geografi
3.4 Aktualitetsgrad
3.5 Personorientering
3.6 Kjendisgalleriet
4. Konklusjon
Referansar
Føreord
Det er mange som skal ha takk.
Fyrst og fremst dei ni mediestudentane som på kort varsel ofra
ei helg for å arbeide på prosjektet - for somme av dei
skjedde det kort tid før eksamen. Dei ni gjorde eit
svært godt og raskt arbeid. Takk til Anbjørg, Cato,
Erik, Espen, Jorunn, Kjetil, Rune H., Rune N. og Rune S.! Takk
også til forskingsassistent Idar Andre Flo som har teke i vare
kontinuiteten i prosjektet.
Forskingsleiar Sigurd Høst ved Institutt for journalistikk har
vore velviljug og kommentert alle spørsmål raskt og
presist. Hans faglege vurderingar har vore viktige for prosjektet,
utan at han skal reknast som medansvarleg for sluttresultatet.
Norske Avisers Landsforening skal ha takk for å ha synt
Møreforsking tillit ved å tildele oppdraget under dei
vilkåra som gjaldt. For prosjektleiar og Møreforsking er
det svært inspirerande å få eit slikt oppdrag, og
me vonar at NAL oppfattar det slik at oppdraget er gjennomført
i samsvar med intensjonane. NAL har ikkje hatt innverknad på
prosjektet i gjennomføringsfasen.
Sluttrapporten er skriven slik at han skal kunne lesast aleine, men
detaljerte utgreiingar om metodiske val er det gjort greie for i
Møreforsking Volda sitt notat nr. 2/1998: Tabell og
metoderapport til: Tjuvar på same marknad ? Ei samanlikning av
innhaldet i Dagbladet, Verdens Gang, Se og Hør og Hjemmet
.
I del I er det gjort greie for bakgrunnen for undersøkinga og
gjeve eit stutt oversyn over metodikken. I del II er dei viktigaste
resultata frå prosjektet presentert.
Eg vonar rapporten kan vere til nytte i den aktuelle debatten om
laussalsaviser og vekeblad, men også vere av interesse i eit
meir generelt perspektiv.
Volda, 20. februar 1998.
Johann Roppen
(prosjektleiar)
1. INNLEIING
- Laussalsavisene og Se og Hør er tjuvar på same
marknad, stod det i ein leiarartikkel i Se og Hør i fjor.
Dette var ein kommentar til debatten om moms eller ikkje på
vekeblad og laussalsaviser. Vekeblada har lenge vore misnøgde
med at dei må betale meirverdiavgift av bladsalet sitt, noko
avisene slepp. Ukepressens informasjonskontor fekk i fjor laga ei
utgreiing om saka (Steenstrup 1997), og tok spørsmålet
opp med konkurransetilsynet. I eit brev til planleggings- og
samordningsdepartementet konkluderte Konkurransetilsynet (1997) med
at vekeblad og laussalsaviser konkurrerte om dei same lesarane og
annonsørane, og difor burde få same
rammevilkår.
I denne rapporten vil ein av dei sentrale påstandane frå
konkurransetilsynet bli vurdert, nemleg påstanden om likskap i
innhald. Dette vil bli undersøkt gjennom ein systematisk
innhaldsanalyse av eit representativt utval laussalsaviser og
vekeblad. Desse er alle henta frå 1997. Påstanden til
konkurransetilsynet om ei bestemt utvikling over tid vil ikkje bli
vurdert i denne rapporten. Konkurransen på annonse- og
publikumsmarknaden vil ikkje bli drøfta, heller ikkje frekvens
av identiske oppslag.
Konkurransetilsynet (1997) utdjupar noko sin hovudpåstand:
Det virker som om løssalgspressen i større og
større grad selger kjendisstoff, noe som tradisjonelt har
vært forbeholdt ukepressen. Tilsynet har blant annet blitt
fremlagt dokumentasjon på at Verdens Gang, som er Norges
største avis, en rekke ganger har hatt oppslag som er
identiske med Se og Hør sine.
Selv om løssalgspressen er mer nyhetsorientert enn ukebladene,
er Konkurransetilsynet av den oppfatning at løssalgspressen og
ukebladene også har mye redaksjonelt innhold som henvender seg
til det samme publikum.
Konkurransetilsynet presiserer elles at det er laussalsavisene dei
tenkjer på, og ikkje abonnementsaviser.
2. METODE
Påstandane frå konkurransetilsynet er generelle, og
må utdjupast mykje for å kunne bli rekna som testbare
hypotesar. Fleire ulike strategiar kunne ha vorte valt for å
belyse spørsmålet, men her vil kvantitativ
innhaldsanalyse bli brukt. Kvantitativ innhaldsanalyse kan definerast
som dataregistrering og analyseteknikk som søker mot en
systematisk, objektiv og kvantitativ beskrivelse av innholdet i et
budskap. (Østbye m.fl. 1997:204). Metoden er tidlegare
nytta av norske forskarar, og det er dermed ein viss tradisjon
å byggje på. Særskilt relevant for denne studien er
Harald Aas sin studie av Dagbladet (Aas 1987). Studien tok
føre seg endringar i Dagbladet i åra før og like
etter overgangen til tabloid tidleg på 1980-talet. Sigurd
Høst sine innhaldsanalysar av Fiskaren og Finansavisen
(Høst 1994 og 1995) er døme på at metoden har
vorte nytta for å vurdere om aviser kan kome inn under reglane
for pressestøtte. Forfattaren av denne rapporeten har
tidlegare arbeidd med innhaldsanalyse i fleire samanhengar, mellom
anna som assistent for Sigurd Høst og i hovudoppgåva si
(Roppen 1990, 1992, 1994).
Metoden kan delast inn i tre steg: Utval, koding og analyse. Under
alle ledd i arbeidet har forskingsleiar Sigurd Høst ved
Institutt for Journalistikk i Fredrikstad vore nytta som ekstern
konsulent.
2.1 Utval og representativitet
Utvalet i denne studien består av alle artiklar og annonsar i
sju utgåver av Dagbladet og Verdens Gang, og fire utgåver
frå Se og Hør og Hjemmet. Til saman vart 22 aviser og
blad analysert.
Dei sju avisutgåvene frå VG og Dagbladet er henta
frå ulike vekedagar frå 14 ulike veker. Dei åtte
vekebladutgåvene var henta frå åtte ulike veker.
Avisene og blada vart trekte ved tilfeldig utval innanfor eit
trekningsgrunnlag som består av alle utgåver for eit
heilt år, utanom juli månad.
Røynslene med kvantitativ innhaldsanalyse syner at eit
representativt utval kan bli oppnådd med nokså få
utgåver. For aviser vart det på 50-talet funne at ein
burde ha 12 einskildutgåver for å vere nokolunde sikker
på at utvalet var representativt. Medium som er svært
like frå gong til gong kan klare seg med færre
utgåver. 14 laussalsaviser og 8 vekeblad vart på
førehand vurdert som eit utval stort nok til å kunne
vere representativt. Avisene sin profil er ulik for ulike vekedagar.
Torsdagar har til dømes Dagbladet sitt Tv-bilag og har dermed
langt meir stoff om fjernsyn enn på dei andre vekedagane. VG
har ikkje bilag, men likevel spalter som berre finst i avisa somme
dagar. VG-lista er eit døme på det. Se og Hør og
Hjemmet har i langt mindre grad slik variasjon frå veke til
veke.
Analysar i etterkant tyder på at materialet må kunne
reknast som representativt. Dette er det gjort greie for i eit eige
notat (Flo og Roppen, Møreforsking Volda Notat nr.
2/1998).
Opplegget for kodinga byggjer på røynsler frå
tidlegare undersøkingar av Høst og Roppen, men
også frå Harald Aas sin studie av Dagbladet. Den
fullstendige kodeboka er med i tabell- og metoderapporten (Flo og
Roppen 1998), men i denne rapporten vert også einskildvariablar
nærare omtale i samband med presentasjon av resultata.
Hovudpåstanden vil bli undersøkt ved å nytte
fleire variablar, og den endelege konklusjonen må dragast etter
at ein ser delresultata i samanheng.
2.2 Koding
Kodinga vart gjennomført av ni avgangsstudentar ved avdeling
for mediefag ved Høgskulen Volda, og i tillegg deltok
også forskingsassitent Idar Andre Flo. Prosjektleiar var
tilstades det meste av tida for naudsynte oppklaringar og justeringar
av opplegget.
Kodinga vart gjennomført i helga i månadsskiftet
januar-februar, og kodarane sat samla heile tida medan kodinga
pågjekk. Dei kunne dermed heile tida både ta i mot
beskjedar og diskutere arbeidet med andre kodarar eller
prosjektleiar.
Data vart registrert i tekstbehandling, men det hadde kanskje vore
betre å nytta rekneark i registrering av data. Det var til dels
ganske plundrete å legge til rette data frå
tekstbehandling til statistikkprogram.
2.3 Analyse
Datamaterialet som vart produsert av kodarane var til slutt på
ca 3.800 einingar. Dette materialet vart vaska for feilkodingar av
prosjektleiar og så dokumentert i tabell- og metoderapporten. I
eit så stort materiale er det ikkje til å unngå at
kodarane gjer ein del feil, og opplagte feilkodingar, så som
å taste inn ugyldige verdiar vart retta opp. Andre
kontrollmetodar går ut på å sjekke at alle sider
har kome med, at det ikkje summen av omfanget av alle artiklar
på ei side blir større enn den samla sidestorleiken osv.
Statistikkprogrammet SPSS for Macintosh vart nytta i analysen av
materialet.
Fleire av variablane var utstyrte med nokså detaljerte lister
over verdiar. Dette prinsippet vart følgt då det som
regel gjer arbeidet lettare for kodarane. Samstundes er det
uproblematisk i analysearbeidet å slå saman fleire mindre
kategoriar til ein større, men materialet må i
prinsippet kodast på nytt om ein ynskjer å gå
motsett veg.
|
Tabell 3.1 |
|||
|
Avisene |
Se og Hør |
Hjemmet |
|
|
Nyhende og reportasje |
54 |
43 |
29 |
|
Meiningsstoff |
7 |
0 |
3 |
|
Service-stoff |
3 |
0 |
25 |
|
Fiksjon |
0 |
0 |
16 |
|
Programsider |
6 |
34 |
0 |
|
Anna stoff |
6 |
5 |
16 |
|
Annonsar |
25 |
16 |
13 |
|
I alt |
100 |
100 |
100 |
Oppsummering:
VG og Dagbladet har ca. 54 prosent nyhende og reportasje, Se og
Hør 43 prosent og Hjemmet ca 30 prosent.
Hjemmet har ca. 50 prosent lesarservice, service-stoff, fiksjon og
kryssord.
VG, Dagbladet og Se og Hør har ca. 4 prosent slikt stoff.
Se og Hør, VG og Dagbladet har fullstendige programoversyn for
ei rekkje fjernsynskanalar. Hjemmet har ikkje slikt stoff.
Avisene har ca. 25 prosent annonsar (inkludert eigenannonsar)
Blada har ca. 15 prosent annonsar.
3.2 Tema
Det var berre nyhende- og reportasjestoff, leiar- og
kommentarartiklar, kronikk- og debattstoff og lesarbrev som vart koda
for tema og dei andre variablane. I analysen vart det bestemt å
kutte ut meiningsstoffet (leiar og komentar, kronikk/debatt og
lesarbrev) frå den vidare analysen til fordel for eit meir
homogent materiale beståande berre av nyhende og
reportasjestoff. Meiningsstoffet utgjorde då berre ein marginal
del av det samla materialet.
Temakategorien vart i utgangspunktet koda så nøyaktig
som muleg ut frå ei svært omfattande liste over ulike
tema. Tidlegare røynsler tyder på at det lettar
kodearbeidet og gjer det lettare å vere konsistent. Desse
kategoriane kan så i ettertid omkodast på ulike
måtar. Her har det vorte nytta to slike inndelingar. Fyrst ei
med ti hovudkategoriar, og dernest er denne forenkla til tre
hovudkategoriar etter dimensjonen, underhaldning, service-stoff og
seriøst stoff. Den fyrste inndelinga er grunnlaget for tabell
3.2.1, medan den andre er presentert i tabell 3.2.2.
Oversyn over tema
Hovudinntrykket er at dei to avisene er svært like kvarandre.
Ikkje fullt så like som for form-variablen, men likevel
svært likt. Politikk- og samfunsstoff er største
kategori, deretter kjem kjendis- og populærstoff, sport og
kriminalitet og ulukker. Desse fire kategoriane utgjer over 80
prosent av stoffet i dei to avisene. Dei to avisene har motsett
prioritering av kultur og helse/familiestoff. Dagbladet har 9 prosent
kultur og 4 prosent helse/familiestoff. VG har motsatt fordeling.
Dei to vekeblada har nokså ulik fordeling av stoffet. Hjemmet
satsar desidert mest av alle på hus, hobby og feriestoff, stoff
om kongelege og helse- og familiestoff. Se og Hør skriv om
kjendis- og populærstoff i 2/3 av sitt nyhende- og
reportasjestoff. Resten av stoffet fordeler seg i kategoriane helse-
og familiestoff og stoff om kongelege.
Det er altså ei relativt klar todeling i materialet: VG og
Dagbladet har mest av kategoriane politikk og samfunnsstoff, sport,
kriminalitet og ulukker og kulturstoff. Vekeblada har mest
hus/hobby/ferie, kongestoff, helse og familiestoff og kjendis og
populærstoff. Det må her også minnast om at
kjendis- og populærstoffet samla sett den nest største
kategori i avisene, og tredje største i Hjemmet.
Underhaldning
Det kan argumenterast for at sport i lag med stoff om kriminalitet og
ulukker må reknast som underhaldningsstoff. Stoff om kongelege,
kjendis- og populærstoff vil også kunne passe inn i ein
slik kategori. Hus, hobby og feriestoff kan i lag med helse- og
familiestoff slåast saman til ein overordna kategori for
service-stoff, medan politikk og samfunnsstoff og kultur i denne
samanhengen kan kallast seriøst stoff . Etter denne inndelinga
er det eit litt annleis bilde av dei store linjene som dannar seg.
Etter denne inndelinga framstår Hjemmet som eit blad som fyrst
og fremst har ein service-profil. Den vert ytterlegare understreka av
at Hjemmet også hadde mykje service-stoff under form-variablen.
Se og Hør har ein svært sterk underhaldningsprofil,
medan laussalsavisenes tradisjonelle balansegang mellom underhaldning
og seriøst stoff også kjem tydeleg fram.
Igjen må det seiast at det både er viktige skilnader
mellom dei to vekeblada, og mellom avisene og vekeblada.
Endring for Dagbladet
Tema i denne studien kan for Dagbladet sin del samanliknast med Aas
(1987) sine funn. Dette er gjort i tabell 3.2.3. Kategoriane politikk
og samfunsstoff får då lagt til helse og familie og
hus/hobby/ferie, som Aas rekna som samfunnsstoff.
Hovudinntrykket er at nesten ingenting har endra seg sidan 1983. Det
er noko meir samfunnsstoff og litt mindre sport i dag enn for 14
år sidan. Viktigast i denne samanhengen er at det ikkje har
vorte noko meir underhaldningsstoff enn det var i 1983.
Tabellar
|
Tabell 3.2.1 |
|||
|
Avisene |
Se og Hør |
Hjemmet |
|
|
Politikk og samf. stoff |
32 |
2 |
1 |
|
Sport |
14 |
2 |
|
|
Kriminalitet og ulukker |
12 |
5 |
1 |
|
Kultur |
8 |
0 |
8 |
|
Kongestoff |
1 |
8 |
12 |
|
Hus, hobby og ferie |
3 |
2 |
25 |
|
Helse- og familie |
7 |
15 |
30 |
|
Kjendis- og populærstoff |
22 |
65 |
22 |
|
Anna stoff |
1 |
1 |
1 |
|
I alt |
100 |
100 |
100 |
|
Tabell 3.2.2 |
|||
|
Avisene |
Se og Hør |
Hjemmet |
|
|
Politikk, samfunnsstoff og kultur |
39 |
2 |
9 |
|
Service stoff |
10 |
17 |
55 |
|
Underhaldning |
49 |
80 |
34 |
|
I alt |
98 |
99 |
98 |
|
Tabell 3.2.3 |
|||||
|
1969 |
1977 |
1982 |
1983 |
1997 |
|
|
Politikk og samfunnsstoff |
42 |
41 |
36 |
36 |
37 |
|
Kriminalitet/Ulukker |
3 |
7 |
8 |
8 |
10 |
|
Kultur |
11 |
10 |
11 |
11 |
8 |
|
Sport |
14 |
16 |
17 |
15 |
14 |
|
Underhaldning |
30 |
27 |
27 |
30 |
31 |
|
I alt |
100 |
100 |
100 |
100 |
100 |
Oppsummering av tema (berre nyhende- og
reportasjestoff):
Aviser og vekeblad satsar på heilt ulike tema. VG og Dagbladet
har mest av kategoriane politikk og samfunnsstoff, sport,
kriminalitet og uluker og kulturstoff. Vekeblada har mest
hus/hobby/ferie, kongestoff, helse og familiestoff og kjendis og
populærstoff.
Se og Hør har ca. 65 prosent kjendis og populærstoff.
Avisene og Hjemmet har ca. 24 prosent kjendis og
populærstoff.
Hjemmet har ca. 53 prosent hus, hobby og ferie og stoff om helse og
familie. Slikt stoff utgjer 7-15 prosent i avisene og Se og
Hør.
Hjemmet har ein service-profil, Se og Hør ein
underhaldningsprofil, og avisene har ei blanding av seriøst
stoff og underhaldning.
Dagbladets vektlegging av ulike tema har endra seg svært lite
sidan 1983.
3.3 Geografi
Dekning av hendingar frå utlandet er eit område der det
er ei vanleg oppfatning at avisene gjer ein jobb som vekeblada ikkje
prioriterer. Alle nyhende og reportasjeartiklar vart koda etter kva
område stoffet eller omtala personar høyrde til.
Prinsippet var ei nokså findelt inndeling som i analysen vart
slått saman til meir oversynlege kategoriar.
Alle medium hentar i gjennomsnitt over 2/3 av nyhende- og
reportasjestoffet sitt frå Noreg eller knyter det sterkt til
Noreg på eit eller anna vis. Her er altså dei to
hovudtypene svært like kvarandre. Dagbladet har mest nasjonalt
stoff, med ca 77 prosent, Hjemmet har minst, med ca. 66 prosent. VG
og Se og Hør har ca. 71 prosent nasjonalt stoff. I VG og Se og
Hør er det ein god del meir stoff frå stadar utanfor
Oslo enn frå Oslo, medan det i Hjemmet er sju gonger så
mykje stoff frå andre stader enn Oslo som frå Oslo.
Oslo-dominansen er størst i Dagbladet der det er like mykje
stoff hentar frå Oslo som frå resten av landet. Aas
(1987) hadde ei noko annleis inndeling av stoffet, men kom for 1983
fram til at 67 prosent av Dagbladet sitt reportasjestoff var henta
frå Noreg, og fordelinga mellom Oslo og utanfor Oslo var
sånn omtrent lik.
Det neste spørsmålet blir så kva slags stoff det
er dei fire media hentar frå utlandet. Det kjem fram ved
å studere kva tema som finst i utanlandsstoffet samanlikna med
stoff frå Noreg. For vekeblada er det kanskje ikkje så
overraskande at utanlandsstoff er sterkt dominert av stoff om
kongelege. Det er berre å konstatere at politikk og
samfunsstoff frå andre land er ikkje-eksisterande i
vekeblada.
For dei to avisene er det mykje meir stoff om kriminalitet og ulukker
i utanlandsstoff enn det er i stoff frå Noreg. Politikk og
samfunnsstoff utgjer relativt sett berre halvparten så mykje i
stoff frå utlandet som i stoff frå Noreg.
Oppsummering:
Dei fire media er svært like når det gjeld geografisk
fordeling av nyhende- og reportasjestoff: Litt over 2/3 er henta
frå Noreg eller har sterk tilknyting til Noreg.
Med unntak av Dagbladet har alle medium klart meir stoff frå
stadar utanfor Oslo enn frå Oslo. I Dagbladet er det like mykje
frå Oslo som frå andre stader.
Laussalsavisene har i stoff frå utlandet ein overrepresentasjon
av kriminal- og ulukkessstoff, og ein tilsvarande underrepresentasjon
av politikk og samfunnsstoff. Kongestoff utgjer 1/4 av alt stoff som
vert formidla frå utlandet i Se og Hør og Hjemmet.
3.4 Aktualitetsgrad
Den viktigaste strukturelle skilnaden mellom laussalsaviser og
vekeblad er at dei fyrstnemnde har relativt kort produksjonstid og
høg periodisitet og dermed kan nytte eit heilt anna
nyhendetilfang enn vekeblada som har lav periodisitet og til dels
lang produksjonstid. Men kva har dette å seie for innhaldet?
Det kan vurderast ved å studere aktualitetsgraden i nyhende- og
reportasjestoffet.
Variablen er henta frå Aas (1987) som igjen har henta variablen
frå ei svensk undersøking. Føremålet med
variablen er å få ein ide om kor aktuelle hendingar ein
artikkel refererer til. Variablen skil mellom hendingar som ein kunne
vite om på førehand, hendingar som ein ikkje kunne vite
om, tidsaktuelle hendingar og meir generelle eller tidlause
spørsmål. Hendingar ein kunne vite om vert igjen delt i
tre hovudtypar: Førehandsomtale, referat og referat frå
pågande hending.
Ikkje overraskande går det fram at avisene i stor grad omtalar
pågåande hendingar og set og fyl dagsorden. Meir
overraskande er det kanskje at Se og Hør og Hjemmet også
har mykje stoff som reknast som dagsaktuelt. Ein kan kanskje forklare
dette ved å seie at vekeblada på grunn av lang trykketid
og konkurranse om nyhende prøver å sette sin eigen
dagsorden. Fyl dei andres dagsorden er dei dømte til å
tape. Dette er i alle fall i utgangspunktet logikken som bransjen
tenkjer etter.
I avisen er då også knapt halvparten (45 prosent) av alt
stoff å rekne som dagsaktuelt, og ca 30 prosent er aktuelt ved
at det anten er førehandsomtalar, referat eller tidsaktuelt.
Generelle og evige spørsmål blir berre i svært
liten grad prioritert.
Knapt ein tredel av stoffet i vekeblada kan reknast som dagsaktuelt -
vekeblada har dermed i stor grad eigne saker, dei set dagsorden
sjølv. Hjemmet har nesten like mykje tidsaktuelt stof, og litt
mindre generelt og allmennt stoff. Førehandsomtalar, referat
og reportasje frå pågåande hendingar finst omtrent
ikkje i Hjemmet.
Men det er svært interessant at Se og Hør har ein
relativt høg andel referat - relativt sett tre gonger så
høg som for avisene, og Hjemmet nyttar omtrent ikkje referat i
det heile. Referat utgjer 37 prosent av alt stoff i Se og Hør,
14 prosent i avisene og 1 prosent i Hjemmet. Ei forklaring på
ein låg andel referat i avisene kan vere at referatet som
sjanger eller arbeidsmåte er i miskreditt i den rådande
journalistiske ideologien, der det å sette dagsorden
sjølv vert rekna som svært viktig.
Se og Hør sine referat er difor verd ein nærare studie.
Det syner seg at svært mykje av stoffet er referat frå
kjendisfestar og liknande. Dette er stoff som Se og Hør stort
sett er aleine om å bruke mykje plass på. Ein stor
reportasje i tilknyting til ei kjend drapssak dreg også opp
omfanget på referata i Se og Hør.
Referat tyder i denne samanheng reportasjar frå hendingar som
vert avslutta, og som det var råd å vite om på
førehand. Pågåande hendingar er til dømes
referat frå rettssaker som ennå ikkje er ferdige.
Variablen er henta frå Aas (1987), og i Aas sitt materiale
(side 157) utgjorde referat ca. 20 prosent av reportasjestoff i
Dagbladet. I vårt materiale (utanom det som vart klassifisert
som irrelvant) utgjorde referatet ca. 15 prosent av alt nyhende- og
reportasjestoff. Aas undersøkte ikkje Dagbladet for 1963 og
1977 for denne variablen.
|
Tabell 3.4.1 |
|||
|
Avisene |
Se og Hør |
Hjemmet |
|
|
Førehandsomtale |
8 |
6 |
2 |
|
Referat |
14 |
38 |
1 |
|
Pågåande hending |
11 |
1 |
|
|
Dagsaktuelt |
45 |
29 |
30 |
|
Tidsaktuelt |
12 |
3 |
28 |
|
Generelle spørsmål |
2 |
3 |
24 |
|
Irrelevant |
8 |
21 |
17 |
|
I alt |
100 |
100 |
100 |
Avisene Se og Hør Hjemmet
Oppsummering:
Det forventa mønsteret der vekeblada konsentrerer seg om eigne
saker og meir generelle spørsmål er i hovudtrekk
dokumentert. Men Se og Hør har ein svært høg
andel referat i sitt stoff, og det er for stoff som Se og Hør
stort sett er aleine om å prioritere høgt (premierfestar
osv.).
3.5 Personorientering
Det vart hevda av Konkurransetilsynet (1987:2) at aviser og vekeblad
var i ferd med å verte stadig meir like kvarandre. Akkurat i
dette spørsmålet er det tidlegare data å bygge
på.
Det er ein langsiktig trend i populærmedia å stadig
sterkare bruke personifisering som verkemiddel i presentasjonen av
stoffet. Aas (1987:87) har dokumentert korleis Dagbladet frå
1963 fram til 1983 auka det personfokuserte stoffet sin andel av
samla stoffmengde frå under 10 prosent til i underkant av 40
prosent. I 1983 var person- og sakfokusert stoff omtrent like store i
Dagbladet. Særleg var auken for personfokusert stoff sterk ved
overgangen frå fullformat til tabloid i 1982-1983. I denne
undersøkinga er same variablen og definisjonen som hos Aas
nytta, og resultatet for Dagbladet sitt nyhende- og reportasjestoff
syner at trenden i retning av personifisering har halde fram. I 1997
var 55 prosent av det redaksjonelle stoffet i Dagbladet
personfokusert, medan 29 prosent vart rekna som sakfokusert. For VG
er det omtrent dei same verdiane, så igjen er VG og Dagbladet
svært like kvarandre. I tabellen nedanfor
er desse tala for Dagbladet presenterte i samanheng.
Denne langsiktige trenden kan oppfattast som stønad for
hypotesen om at vekeblad og laussalsaviser vert stadig meir like
kvarandre. I det minste har Dagbladet over tid gått i retning
av Se og Hør når det gjeld bruk av personifisering.
På den andre sida må det også peikast på at
det eine vekebladet, Hjemmet, hadde nøyaktig same andel
personfokusert stoff som dei to avisene, medan Se og Hør hadde
personfokus i så godt som alt stoff. Det er difor i beste fall
upresist å seie at dei to media blir meir og meir like
kvarandre utan å seie kva vekeblad ein tenkjer på.
Samanliknar ein avisene med Se og Hør er det framleis
svært langt igjen før avisene liknar heilt, men i
høve til Hjemmet er det altså stor likskap alt i
dag.
For å kunne seie meir presist om det verkeleg stemmer at aviser
og vekeblad har vorte meir like kvarandre, trengst det tilsvarande
systematiske innhaldsanalysar av vekeblad i same tidsperspektivet som
Aas har gjennomført for Dagbladet.
Ein nærare analyse av materialet tyder på at bruk av
personifisering er sterkt knytt til bestemte stofftyper. I sport,
kongestoff og kjendis- og populærstoff vert det nytta
personorientering i langt sterkare grad enn for andre tema, og det
gjeld uansett medium. Avisene er igjen svært like kvarandre: I
sportsstoffet og kjendis- og populærstoffet er over 80 prosent
av stoffet personfokusert. Lågast er personfokus i politikk- og
samfunnsstoff og kriminalitets- og ulukkesreportasje. For slikt stoff
er vel 30 prosent av stoffet personfokusert.
|
Tabell 3.5.1 |
|||||
|
1969 |
1977 |
1982 |
1983 |
1997 |
|
|
Personfokusert |
8 |
16 |
26 |
35 |
55 |
|
Person-sak |
8 |
10 |
17 |
21 |
13 |
|
Sakfokusert |
79 |
69 |
53 |
39 |
29 |
|
Irrelevant |
6 |
5 |
4 |
4 |
3 |
|
I alt |
100 |
100 |
100 |
100 |
100 |
Oppsummering:
Den langsiktige trenden går i retning av stadig meir
personfokusert stoff.
Dagbladet, VG og Hjemmet har ca. 55 prosent person-orientert
stoff.
Se og Hør ha ca. 97 prosent person-orientert stoff.
Personfisering er særleg knytt til sport, kongestoff og
populær- og kjendisstoff. Dette gjeld alle medium.
3.6 Kjendisgalleriet
I denne undersøkinga har fleire variablar kapasitet til
å gi ulike perspektiv til påstanden om auka
kjendisorientering. Me må fyrst prøve å definere
kjendisstoff. Aas (1987) prøvde å bruke definisjonen:
Stoff om personar som kjem på trykk fordi dei frå
før er godt kjende for lesarane. Det har også vorte sagt
at har du vore på fjernsyn, så er du kjendis.
I kodinga vart det oppretta eit sett av verdiar for
kjendisreportasjar. Dei enklaste av desse var faste spalter om
kongelege og kjende personar i dei to vekeblada. Ein annan
nokså grei kategori var kjendisfestar, premierefestar o.l., der
folk har blitt omtala fordi dei har vore deltakarar, og ikkje
sjølve nødvendigvis har prestert noko i samband med
samkoma. Ein tredje enkel kategori er ei samling kjende personar som
har ein felles eigenskap eller som får uttale seg om same
spørsmål - utan å vere fagpersonar på
området. Døme på dette var: Trøndere om
trøndere (Hjemmet nr. 8, 1997), Dette mener kjendisene
(Dagbladet 14. august). Den siste kjendis-kategorien er intervju med
kjende personar. Dette er intervju med personar der det
tilsynelatande ikkje er nokon annan grunn til å snakke med dei
enn at dei er kjende. Kanskje kan det også kome fram at dei er
aktuelle med revy- eller teaterpremierer eller liknande, men er det
hovudpoenget med artikkelen, så blir han klassifisert under
kultur eller populærkultur kategorien.
Kongelege frå inn og utland er ei heller enkel gruppe å
identifisere då dei oftast vert presenterte med namn og tittel,
og heile poenget med å skrive om dei er nett det at dei er
kongelege. Den andre gruppa er samansett av personar som
høyrer med til populærkulturen (revy, film, teater,
populærmusikk) og til media - i praksis fjernsyn. I
tabellverket er dette kalla kjendis- og populærstoff. Kjende
personar finst naturlegvis også i politikk, samfunnsliv og
sport, men dei ser me her vekk frå.
Se og Hør har 51 prosent kjendisstoff og i tillegg vert 8
prosent av plassen i bladet brukt til omtale av kongelege, til saman
59 prosent. Avisene og Hjemmet har 8 og 10 prosent kjendisstoff.
Avisene hadde i tillegg 1-2 prosent kongestoff, medan Hjemmet har
mest kongestoff av alle, med 12 prosent. Relativt sett er det
altså ikkje tvil om at Se og Hør er det mediet der
kjendisstoffet er viktigast, relativt sett. Eit døme på
kjendis-orienteringa i Se og Hør er at sjølv kryssordet
har kjendispreg.
Kva personar blir omtala?
Ein meir presis, men særs arbeidskrevjande måte å
studere spørsmålet på, er å sjå vekk
frå heile kjendisomgrepet og i staden reint faktisk kartlegge
kva personar som er mykje omtala i fleire media. Nyhende- og
reportasjestoff utgjorde halvparten av alt stoff, og halvparten av
dette igjen var personfokusert.
Reint praktisk vart registreringa gjort ved at det på
førehand vart utarbeidd ei liste over alle personar som det i
utgangspunktet såg ut til å vere fokusert på. Lista
vart supplert undervegs i kodinga, og omfatta til slutt knapt 1.600
namn. Den fullstendige lista er presentert i tabell- og
metoderapporten.
I tabell 3.6.1 er det gjort greie for kva kjendisar som vart omtala
oftast og fekk mest plass i avisene og blada. Toppen av lista er
dominert av kongelege, med haustens nye statsminister som ein veldig
mykje omtala person - i alle media med unntak av Hjemmet. Diana, Kong
Harald, Dronning Sonja og Kronprinsesse Märtha er blant dei fem
mest omtala. Lenger nede finn me prinsesse Alexandra av Danmark og
Victoria av Sverige.
Dei to fjernsynsmenneska Karen Marie Ellefsen og Arill Riise er berre
omtala i vekeblada, medan idrettsfolka Anja Andersen og Tore
André Flo berre er omtala i avisene. Diana, Kong Harald, Spice
Girls og Marvin Wiseth er dei einaste som er omtala minst ein gong i
alle dei fire media.
Det er i det store og heile liten skilnad i avisene og vekeblada sine
mest omtala kjendisar. Personar som er mykje omtala i eit medium vert
gjerne meir omtala i andre media også. Dette understrekar det
generelle bildet av at kjendis- og populærstoff er eit
område som både avisene og vekeblada prioriterer
høgt, og der både person- og kjeldetilfanget er
avgrensa.
Prioriteringslister for kvart einskild medium syner at utvalet av
personar fyl den generelle innhaldsprofilen til mediet. Dagbladet og
VG har ei blanding av kongelege, idrettsfolk og politikarar på
sine lister. Se og Hør har i sterkast grad kongelege og
mediepersonar på topp.
Hjemmet har noko meir ukjende personar på si liste. Døme
på dette er ei kvinne som Slanket seg 70 kilo (Hjemmet nr.
22/1997, side 6-8), eit barn med sjeldan sjukdom ( Kanskje finnes det
en blomst som kan hjelpe meg , Hjemmet nr. 22/1997, side 20-22), og
fødsel under dramatiske omstend: ( (...) fødte ut av
bildøren , Nr. 8/1997, side 10-11).
Tabell 3.6.1:
(er ikkje med i denne internett-utgåva av rapporten)
Oppsummering:
Populærstoffet er den einaste stofftypen som er relativt
omfattande både i avisene og vekeblada.
Avisene og Se og Hør nyttar i stor grad dei same personane
mest.
Vekeblada satsar relativt sett langt meir på stoff om kongelege
enn avisene gjer.
4. Konklusjon
Nedanfor er moment frå dei mellombelse oppsummeringane av
einskildkapitla sorterte etter kva dei seier om likskapar og
skilnader mellom ulike media.
Område der aviser og vekeblada er ulike:
VG og Dagbladet har ca. 54 prosent nyhende og reportasje, Se og
Hør 43 prosent og Hjemmet ca 30 prosent.
Svært klar todeling i tema i nyhende- og reportasjestoff: VG og
Dagbladet har mest av kategoriane politikk og samfunnsstoff, sport,
kriminalitet og ulukker og kulturstoff. Vekeblada har mest
hus/hobby/ferie, kongestoff, helse og familiestoff og kjendis og
populærstoff.
Laussalsavisene har i stoff frå utlandet ein overrepresentasjon
av kriminal- og ulukkesstoff, og ein tilsvarande underrepresentasjon
av politikk og samfunnsstoff. Kongestoff utgjer 1/4 av alt stoff som
vert formidla frå utlandet i Se og Hør og Hjemmet.
Avisene har berre ubetydeleg kongestoff frå utlandet.
Område der aviser og vekeblad er like:
Aviser og vekeblad har relativt sett like mykje stoff frå Noreg
som frå andre land. Fordelinga av utanlandsstoffet fyl i store
trekk den generelle profilen til dei fire media.
Med unntak av Dagbladet har alle medium klart meir stoff frå
stadar utanfor Oslo enn frå Oslo. I Dagbladet er det like mykje
frå Oslo som frå andre stader.
Personifisering er særleg knytt til sport, kongestoff og
populær- og kjendisstoff. Dette gjeld alle medium.
Kjendis- og populærstoffet er den einaste stofftypen som er
relativt omfattande både i avisene og vekeblada.
Aviser og vekeblad nyttar i stor grad dei same kjendisane.
Særmerkt for Se og Hør:
Avisene og Hjemmet har ca. 24 prosent kjendis og populærstoff.
Se og Hør har ca. 65 prosent kjendis og
populærstoff.
Avisene og Hjemmet har 7-8 prosent kulturstoff. Se og Hør har
ingenting.
Dagbladet, VG og Hjemmet har ca. 55 prosent person-orientert stoff.
Se og Hør ha ca. 97 prosent person-orientert stoff i sitt
nyhende- og reportasjestoff.
Særmerkt for Hjemmet:
Hjemmet har ca. 50 prosent lesarservice, service-stoff, fiksjon og
kryssord. VG, Dagbladet og Se og Hør har ca. 4 prosent slikt
stoff.
Se og Hør, VG og Dagbladet har fullstendige programoversyn for
ei rekkje fjernsynskanalar. Hjemmet har ikkje slikt stoff.
Samanfatting:
Det er dokumentert både likskapar og skilnader mellom
laussalsaviser og vekeblad. Det er også dokumentert ei rekkje
ulikskaper vekeblada i mellom, noko som må takast omsyn til i
debatten. Det går difor ikkje an å late som om vekeblad
er eit einsarta medium.
Kva likskapar og skilnader ein vil legge vekt på må
naturlegvis byggje på skjøn. Men vurderinga her er at
ulikskapane må vege langt tyngre enn funna som handlar om
likskapar. På overordna variablar som form og tema er det
viktige skilnader mellom laussalsaviser og vekeblad.
I vektlegginga av kjendis- og populærstoff er laussalsavisene
og vekblada svært like. Denne likskapen vert understreka ved at
avisene og Se og Hør i stor grad skriv om dei same
personane.
Det er i denne undersøkinga berre aviser og blad frå
1997 som har vorte undersøkt, men våre resultat kan
samanliknast med Aas (1987) si undersøking av Dagbladet. Det
ser ikkje ut til at Dagbladet har auka sitt omfang av
underhaldningsstoff sidan 1983, og det er eit sterkt argument mot
konkurransetilsynet sin påstand om at laussalsavisene i stadig
sterkare grad får underhaldnigs- og vekbladpreg.
Referansar:
Flo, Idar og Johann Roppen (1998): Tabell og metoderapport til:
Tjuvar på same marknad ? Ei samanlikning av innhaldet i
Dagbladet, Verdens Gang, Se og Hør og Hjemmet ,
Møreforsking Volda, Notat nr. 2/1998, Volda
Høst, Sigurd (1994): Innholdsanalyse Fiskaren
1994 , Oslo
Høst, Sigurd (1994): Innholdsanalyse Finansavisen
1995 , Oslo
Konkurransetilsynet (1997): Beregning av merverdiavgift
for ukepressen kontra dagspressen, konkurranseloven 2-2d , brev av 4.
juli 1997, Oslo
Steenstrup, Morten (1997): Merverdiavgift. Reformer for
likebehandling av trykte og elektroniske medier med hensyn til
avgiftslegging, en utredning av advokatfirmaet Steenstrup ,
datert 14. oktober 1997, Oslo
Roppen, Johann (1990): Kva står i avisa? Ein
innhaldsanalyse av eit utval norske lokalaviser ,
Møreforsking, Volda
Roppen, Johann (1992): Kronikøren og kronikken i
Aftenposten og Dagbladet 1960 og 1988 , essay på
hovudfag i massekommunikasjon og mediekunnskap (skrive på
oppdrag av Norsk faglitterær forfattar og
omsetjarforeining).
Roppen, Johann (1994): Journalistikk i bygdeaviser. Ein
innhaldsanalyse av Møre, Møre-Nytt, Vest-Avisa og
Sulaposten 1965-1990 , (opptrykk av hovudoppgåva),
publikasjon nr. 46, MRDH Volda, Volda
Østbye, Helge, Knut Helland, Karl Knapskog og Terje Hillesund
(1997): Metodebok for mediefag , Fagbokforlaget,
Bergen
Aas, Harald (1987): Kommersialisering og medievridning i
Dagbladet , hovudoppgåve i statsvitskap, Universitetet i
Oslo, Oslo
Nettavisen «MØREFORSKER: VG og Dagbladet ikke tabloide Se og Hør» (Basert på NTB-meldinga)
VG «Stor forskjell fra Se og Hør! Forskningsrapport om VG og Dagbladet ». Med kommentarar frå NAL, Knut Haavik og konkurransetilsynet.