"Sansenes rike", filmsensur og filmkunst
(Kronikk i Sunnmørsposten, 2.mai 2001. Dette er den fullstendige versjonen av kronikken. Det som kom på trykk i avisa var noko forkorta. Nederst på denne sida er nokre linkar til meir informasjon om filmen og regissøren.)
Av Johann Roppen,
medievitar, Høgskulen i Volda.
4.mai
har den fransk-japanske filmen Sansenes Rike noregspremiere. Filmen hadde alt i
mars førpremiere i Volda, og på grunn av sex-scenene vekte filmen
debatt. Men det ville vere synd om det er det einaste filmen vil bli hugsa for.
Han fortener nemleg å bli seriøst vurdert i eit kultur- og
mediepolitisk perspektiv, og den lokale debatten i Volda burde difor ha
interesse også for andre.
Tidlegare
har ”Sansenes Rike” berre vorte synt fram i lukka lag - i praksis
vil det seie på filmklubbar. Filmen vert distribuert i Noreg av selskapet
Arthaus, som er eigd av dei norske filmklubbane. Frammøtet på dei
fire framsyningane i Volda var samla sett ikkje større enn det ein kunne
ha venta på bra kveld på filmklubben og stadfester at filmen er
mest interessant for dei særskilt filminteresserte.
Usett kritikk
I debatten om filmen var det fleire som
kritiserte både filmen i seg sjølv og at han vart sett opp av
Volda Filmteater. Kritikarane drog fram einskildscener som dei så brukte
til å konkludere med at filmen var dårleg og skadeleg. At filmen i
det heile slapp gjennom sensuren og vart sett opp i Volda vart tolka som eit
teikn på flytting av grenser i retning moralsk forfall. Det vart
også sagt at filmen gav feil inntrykk av japanarar som folkeferd. Alle
denne kritikken kom før filmen var synt fram.
To
barnevernsstudentar som faktisk såg filmen meinte i intervju og lesarbrev
i Sunnmørsposten at i ei scene vart det gjort eit overgrep mot eit
gutebarn.
Kinosjefen
sjølv kunne fortelje at han hadde sett filmen ein gong for fleire
år sidan, og hadde ikkje noko ynskje om å sjå han oppatt.
Likevel valde han altså ikkje berre å arbeide for å få
filmen sett opp i Volda før alle andre stader - men han sette også
opp filmen fire gonger.
Regissøren
og verket
Sansenes
rike vart laga i 1976 og er ein fransk-japansk produksjon. Japanaren Nagisa Oshima
stod for regien, medan oppdragsgjevar og produsent var franskmannen Anatole
Dauman. Oshima er ein av dei aller fremste filmregissørane i Japan og
har i tillegg til å lage spelefilmar også arbeidd med
dokumentarfilm, teater og radio. Hjå oss er Oshima sitt mest kjende
arbeid filmen "Merry Christmas, Mr. Lawrence" der blant andre David
Bowie var med.
Sansenes
rike vart spelt inn i Japan, skodespelarane er japanske og språket er
japansk. På denne tida hadde Frankrike nett oppheva filmsensuren, og
særleg for unge filmregissørar var det nærast politisk
korrekt å lage filmar som utnytta den nye fridomen til å blant anna
vise fram sexscener. I Japan var og er dette framleis forbode. For å
unngå japansk sensur vart råfilmen importert frå Frankrike og
filmen vart framkalla, klipt og hadde også premiere i Frankrike.
Oshima
seier sjølv at filmen blant anna er eit oppgjer med den japanske
sensuren. I ei spissformulering seier han at filmen er den perfekte
pornografisk film - i Japan. Og det er fordi filmen er forboden i landet.
Uansett innhaldet i filmen, så er filmen forboden og dermed pornografisk.
Men så snart ein har sett filmen, vil den ikkje lenger bli oppfatta som
pornografisk. Meiner Oshima.
Statens
Filmtilsyn nekta i 1999 å gje løyve til å syne filmen på
kino. Distributøren Arthaus klaga vedtaket inn for Klagenemnda for film
og video, og Klagenemnda gav til sist Arthaus medhald i at filmen kunne synast
fram. Klagenemnda peika på at Filmtilsynet ikkje hadde vurdert filmen ut
frå kunstnarlege kriterier, og rekna dette som "noe
oppsiktsvekkende". Oversett frå byråkratisk språk tyder
dette at Klagenemnda meinte at Filmtilsynet ikkje hadde gjort jobben sin. Heile
vedtaket er elles tilgjengeleg på Internett.
Klagenemnda
vurderer i vedtaket sitt alle kontroversielle scener i filmen.
Hovudkonklusjonen er at alle scenene høyrer med i ein kunstnarleg
heilskap og at det ikkje er spekulative tildriv som ligg bak. Dermed oppheva
Klagenemnda vedtaket frå Statens Filmtilsyn og godkjende filmen for
framsyning på offentleg kino, eller ”i næring” som det
heiter i vedtaket.
Handlinga i filmen
Filmen
har som utgangspunkt ei hending frå 1936, og filmen skal byggje på
politirapportane i saka.
Den
kvinnelege hovudpersonen i filmen heiter Sada Abe og arbeider som prostituert.
Då filmen tek til arbeider ho i eit tehus som også er bordell.
Mannen til bordellstyraren vert interessert i Sada - og ho i han. Forholdet
startar på det seksuelle planet, dei reiser bort i lag, går gjennom
ein giftarmålseremoni og vert meir og meir oppslukte av kvarandre. Dei
bryr seg ikkje om kva andre meiner om det hyperseksuelle forholdet deira, og
Sada vil at mannen skal halde seg unna kona si. Sada vert gradvis meir desperat
og valdeleg i ønskjet om å ha mannen hjå seg. På
slutten av filmen eksperimenterer dei med å strype kvarandre medan dei
ligg i lag, og til sist spør ho om å få drepe han. Noko det
verkar som han samtykker i - han gjev seg til henne for alltid. Etter at han er
død skjer ho av han lemet. Og i eit sluttord i filmen vart det sagt at
ho fire dagar etter vart funnen av politiet vandrande rundt i Tokyo med
kjønnsorganet hans i lomma - strålande av lukke.
Ser
ein berre på dei ytre handlingane er det lett å vere samd i at her
er det mykje galskap. Men det er sjeldan rett å berre vurdere ein film,
ei bok eller eit liv berre ut frå nokre få brotstykke. Ein må
sjå nærare kva samanheng dei står i.
Kvinner i Japan
I
Japan i dag kan kvinner ta utdanning og arbeide utanfor heimen - heilt fram til
dei vert gifte. Deretter arbeider dei heime og passar barn og gamle. Ynskjer
dei som vaksne kvinner å arbeide utanfor heimen, så må dei la
vere å gifte seg. Det er kanskje unødvendig å seie at Japan
er eit svært mannsdominert samfunn.
Kva
er det så Sansenes Rike syner fram anna enn ei kvinne som får makt
over mannen? Ikkje berre tek ho styringa, men til sist gjev mannen seg til
henne fullt og heilt ved å ofre seg sjølv. På det seksuelle
planet er det ei tilsvarande utvikling. I starten er det han som er
frampå og søkjer fullnøying. På slutten av filmen er
det ho som bokstavleg talt er øverst og brukar kroppen hans først
og fremst for eiga nyting. Men dei to er heile tida samde i alt som skjer.
Mellom dei to er det vanskeleg å sjå noko tvang på det
seksuelle området. Men dette er uansett ei slags kvinneleg erobring av
posisjonen som den seksuelt dominerande, noko som bryt totalt med tradisjonelt
kjønnsrollemønster.
Per
Buvik har i ein analyse peika på at filmen syner fram ein kvinneleg
attrå som både er breiare og sterkare enn den mannlege. I dette perspektivet
er det kanskje ikkje så rart at japanske feministar vurderer filmen
positivt.
Barnescena
Den
omtalte scena med to barn varer i eit knapt halvminutt og på dette
tidspunktet i filmen har det vorte klart at Sada er den sterke personen i trekantforholdet
mellom Sada, mannen og kona hans. Fram til då kunne det kanskje verke som
om Sada forgudar det mannlege kjønnet, men så kjem altså den
omtala scena. Sada sit i eit rom og leikar med to nakne småbarn - ei
jente og ein gut. Ho leikar noko som liknar på "bjørnen
sover" med dei, og dei to borna hylar av fryd når ho prøver
å fange dei. Heilt på slutten endrar scena karakter då Sada
stoppar guten og grip tak i kjønnet hans. Han stoppar opp og seier ho
skal sleppe fordi det gjer vondt.
Til
skilnad frå vanlege kinogjengarar har klagenemnda hatt høve til
å sjå dei aktuelle scenene fleire gonger, men nemnda er i sin
presentasjon i tvil om kva som faktisk skjer i scenen - om guten verkeleg
får vondt eller om det er skodespel. Nemnda var langt meir oppteken av at nakne barn
opptrådde i ein film der det seksuelle spelte ei så viktig rolle og
var slik sett kritisk til scena - men aksepterte at den var viktig for
heilskapen.
Politikk og ideologi
Ein
bør kanskje vere varsam med å sette ein film som i det ytre
handlar om primærrelasjonar inn i ein alt for brei politisk samanheng.
Men Oshimas samla produksjon og viktige scener i filmen opnar for slike
tolkingar. I 1936 var Japan etablert som ei aggressiv militær- og
industriell stormakt i Asia. Landet hadde alt i 1903 slått Russland og
hadde kontroll over store delar av Korea og Mandsjuria. Japanarane såg
på seg sjølve som eit herrefolk som burde herske over dei andre
folka i Asia.
Den
japanske statsideologien var strengt hierarkisk med keisaren på toppen og
med gudegjeven autoritet. Heile systemet var gjennomsyra av autoritetstru og
blind lydnad var einaste akseptable åtferd frå studentar, soldatar,
arbeidarar - og kvinner. Skuleverket var ein reiskap for å utbreie den
statsberande ideologien og både militærvesen og skuleverk vart bygd
opp etter mønster frå tysk militarisme.
I
filmen er det ein overlærar som også er politikar – og
horekunde hos Saba. Han lærer Sada å sette pris på smerte.
Rett nok ber ho han om å slå henne. Men han gjer det. I ei anna
scene i slutten av filmen går den mannlege hovudpersonen sjagande mot si
siste stund. På vegen marsjerer ei avdeling soldatar i stram orden - i
motsett retning. Han på veg for å bli drepen. Soldatane på
veg for å drepe.
Den
amerikanske forfattaren Iris Chang har levert ei svært veldokumentert
framstilling av dei japanske myrderia i den dåverande kinesiske
hovudstaden Nanking i 1937. Kanskje vart så mange som ein halv million
sivile tekne av dage i løpet av nokre få veker – i så
fall fleire enn talet på døde i Hiroshima og Nagasaki til saman.
Kvinner og barn vart systematisk valdtekne og drepne av japanske soldatar.
Chang knyter den vettlause drepinga til den rådande japanske ideologien
som blant anna gjekk ut på at einskildmennesket hadde ingen verdi. Berre
om det ofra seg for fellesskapet var einskildmennesket noko verd i seg
sjølv. Og den einskilde soldaten ikkje hadde nokon verdi, så var
fiendens kvinner og barn endå mindre verd.
Det
er eit hav av skilnad mellom denne ideologien og handlinga i Sansenes rike der
mannen ofrar seg - ikkje for fellesskapet - men for Sada, for eit anna
menneske, for ei kvinne.
Kunst og sensur
Til
skilnad frå vanlege pornofilmar er Sansenes rike laga av ein respektert
filmregissør, historia vert utvikla filmen igjennom, filmhandverket er
førsteklasses og filmen inneheld ikkje einsidig fokusering på
"kjønnsorgan i rørsle". Når kjønnsorgan
dukkar opp, så er dei sjeldan det viktigaste i bilda. Handlingar, blikk
og ansiktstuttrykk som fortel om relasjonane mellom Sada og mannen er langt
viktigare for handlinga i filmen enn at dei faktisk har sex med kvarandre.
Kunstnarleg
eller ikkje, så får kinogjengarar presentert ei rekkje seksuelle
handlingar som pornoindustrien tradisjonelt har hatt monopol på å
vise fram. Det er likevel ingen grunn til å tru at når denne filmen
har vorte lovleg, så er det fritt fram for hardporno på norske
kinoar. Til det er denne filmen for spesiell - og det forstod kinopublikum i
Volda.
Dagen
etter at Sansenes rike vart synt fram siste gongen i Volda Filmteater var det
Hollywood-filmen om den menneskeetande gentlemannen Hannibal som stod på
plakaten. Interessant nok var det ingen som protesterte mot den filmen.
Bergen
Filmklubb sin omtale av filmen
Statens Filmtilsyn
(klagenemnda sitt vedtak)
”The films of Oshima
Nagisa” (bok av Maureen Turim)