Notat 11/2001
Solfrid Vartdal og Johann Roppen
Journalistutdanning og kjønn.
Studentar, lærarar og pensum
Notat 11/2001
ISSN 0805-8075
Høgskulen i Volda
Møreforsking Volda
Forfattarar: Solfrid
Vartdal
Johann Roppen
Utgjevar: Høgskulen
i Volda
ISSN
0805-8075
Sats: Johann
Roppen
Trykk: Høgskulen
i Volda
Opplag: 30
Distribusjon: Haugen
Bok, 6100 Volda
Tlf.
70 07 45 00 Faks: 70 07 45 50
E-post:
ekspress@haugenbok.no
SfS
Bok Volda, Pb. 278, 6101 Volda
Tlf.:
70 07 53 85 Faks: 70 07 53 86
E-post:
sfsbok@hivolda.no
Om notatserien:
Notat er ein serie med ulike publikasjonar
av mindre omfang, t.d. forprosjektnotat, foredrag, artikkelutkast o.a. Eit
hovudføremål med serien er å stimulere til publisering og
fagleg debatt i miljøet. Spreiinga går i hovudsak til fagmiljøet
i Volda, til eksterne fagmiljø og personar som forfattaren/forfattarane
ønskjer kommentarar frå. Kvar forfattar er ansvarleg for sitt
arbeid.
1. Innleiing
Dette notatet er skrive i samband med utarbeidinga av ein søknad
til Rådet for anvendt medieforsking (RAM): ”Journalistutdanning og
kjønnsdelt journalistikk”, der temaet er norske
journalistutdanningar i eit kjønnsperspektiv. Føremålet med
notatet er å samle og presentere ein del underlagsmateriale som vart
samla inn i samband med skrivinga av søknaden. Med journalistutdanningar er det her meint dei fem utdanningane på
høgskulenivå som er godkjende som journalistutdanningar av Norsk
Journalistlag. Journalistutdanninga ved Samisk Høgskole er ikkje teken
med her. Utdanningane er presenterte i tabellen nedanfor, og der står det
også talet på studentar hausten 2001:
Norske journalistutdanningar 2001
|
|
|
Utdanning |
Studentar |
|
Oslo |
75 |
|
Volda |
60 |
|
Kristiansand |
50 |
|
Bodø |
40 |
|
Stavanger |
34 |
Studia er her skilde frå kvarandre
ved å bruke namnet på byen eller staden der utdanninga ligg.
Utdanningane i Oslo, Volda, Bodø og Stavanger er ein del av statlege
høgskular, medan utdanninga i Kristiansand er privateigd og blir
marknadsført under namnet Mediehøgskolen Gimlekollen.
Studia skil seg frå kvarandre
på mange måtar. I Volda er det eit tungt medievitskapleg innslag i
utdanninga. Medievitskap omfattar i alt 12 av 40 vekttal i det toårige
journaliststudiet. Studentar
frå Volda kan dermed gå direkte inn på hovudfag i
medievitskap ved universiteta i Bergen og Oslo. I Volda vert det gjeve
undervisning både i avis-, fjernsyns- og radiojournalistikk.
I Stavanger har journaliststudentane ei
rekkje kurs i lag med andre studentar på kultur- og mediefaget.
Hovudfokus i studiet er på avisjournalistikk.
Journalistutdanninga i Bodø har i
2001 vorte skilt ut frå den humanistiske avdelinga ved høgskulen
og fått status som eit eige senter. Hovudfokus i studiet er på
avisjournalistikk.
Ved Høgskulen i Oslo er
journalistutdanninga ein del av ei felles avdeling for bibliotek- og
journalistutdanning. I tillegg til utdanninga som avisjournalist har vert det
også undervist i fotojournalistikk (pressefotografi).
Mediehøgskolen Gimlekollen i
Kristiansand har ein kristen føremålsparagraf og gjev eit breitt
utdanningstilbod med avis, radio
og fjernsyn.
Det vil vidare blir presentert tre typar
kjønnsrelevante data om dei fem nemnde journalistutdanningane :
·
Studentar etter kjønn
·
Fagleg tilsette (lærarar) etter
kjønn
·
Pensumlister etter kjønn
på forfattar(ar)
Dataene er innhenta ved dei ulike
høgskulane, og er så langt råd er oppdaterte hausten 2001.
2. Studentar etter kjønn
Dei ulike utdanningane har i varierande
grad lett tilgjengeleg studentstatistikk. Somme utdanningar har tal berre for
dei tre siste åra, medan Bodø hadde oversyn over studentar etter
kjønn heilt attende til
1987. Dette tyder altså ikkje at tala ikkje er råd å
få tak i, men på i dei korte og hektiske haustvekene våre
førespurnader gjekk ut var det altså varierande i kva grad
tilsette ved høgskulane hadde tid og høve til å leite dei
fram.
Eit anna atterhald knytt til materialet er
at det ikkje fortel kva kjønnsfordelinga er på studentar som har
fullført studiet. Ein kan rekne med at det vil variere i kva grad det i
tala er fanga opp studentar som slutta undervegs i studiet eller som strauk
på eksamen. Ingen av delane er elles noko hinder for at studentane
likevel kunne ha fått seg arbeid som journalistar.
|
Kvinneandel blant
norske journaliststudentar. Prosentvis andel
kvinner for alle utdanningar (1987-2001), gjennomsnitt for alle utdanningar
for alle år og for kvar utdanning. |
||||||
|
|
GK |
Bodø |
Oslo |
Stavanger |
Volda |
Gj.sn. |
|
87 |
|
44 |
|
|
|
44 |
|
88 |
|
47 |
|
|
|
47 |
|
89 |
|
53 |
|
|
|
53 |
|
90 |
|
70 |
|
|
58 |
64 |
|
91 |
|
60 |
|
|
48 |
54 |
|
92 |
|
48 |
|
|
64 |
56 |
|
93 |
|
61 |
|
|
57 |
59 |
|
94 |
|
59 |
59 |
|
49 |
56 |
|
95 |
|
45 |
58 |
|
57 |
53 |
|
96 |
|
62 |
58 |
|
59 |
59 |
|
97 |
|
54 |
46 |
|
50 |
50 |
|
98 |
|
50 |
50 |
|
69 |
56 |
|
99 |
48 |
57 |
49 |
63 |
55 |
54 |
|
00 |
55 |
66 |
62 |
50 |
58 |
58 |
|
01 |
59 |
60 |
65 |
65 |
66 |
63 |
|
gj.sn. |
54 |
56 |
56 |
59 |
57 |
|
Tala tyder på at gjennom heile
1990-åra har kvinnefleirtal i studentmassen heller vore regelen enn
unntaket. I året 1997 var det like mange mannlege studentar som
kvinnelege studentar – dei andre åra har kvinnene vore i fleirtal.
Sidan 1999 har kvinneandelen auka kvart
år, og er i dag oppe på det høgaste nivået nokon gong,
om ein ser ein vekk frå året 1990 då statistikken berre
omfattar to utdanningar. Det er altså nærare 2/3 kvinnefleirtal enn
50/50 fordeling på journalistutdanningane – sjølv om det
ikkje finst særlege opptaksreglar
som favoriserer kvinner.
Hovudtendensen er den same for alle
utdanningane, sjølv om tala kan variere mykje frå år til
år. I journalistkulla som tok til på studia hausten 2001 er det 2/3
kvinner i Oslo, Stavanger og i Volda, medan det i Kristiansand og i Bodø
er 60 prosent kvinner.
3. Lærarar etter kjønn
Det er store problem knytt til
klassifisering av lærarar på journalistutdanningane. Studieopplegga
er ulike, lærarar kan ha lausare og tettare tilknyting til
journalistutdanninga, og lærarar kan ha permisjonar eller andre typar
fråvære.
I presentasjonen er det difor ikkje
prøvd å lage eit tal eller ein prosentandel for kvinnelege
journalistlærarar i Noreg. I staden er kvar utdanning presentert for seg,
og med eit oversyn over kjønnsamansetjinga av dei fast tilsette, og i
tillegg ein presentasjon av data for alle lærarar – både
faste og mellombels tilsette.
Sjølv om slike moment gjer det
vanskeleg å vite om ein har fått fram eit konsistent materiale er
det likevel ikkje tvil om at menn dominerer på lærarsida på
alle utdanningane.
Oversikten over lærarstaben er
basert på opplysningar journalistutdanningane sjølve har kome med
via, vevsider, e-post og telefon.
Fagstaben ved Senter for journalistikk i
Bodø er samansett av 3
kvinner og 6 menn.
Høgskulelektor Hege Lamark har
stått sentralt i oppbygginga av journalistutdanninga i Bodø.
Ved Mediehøgskolen Gimlekollen er
det 2 kvinner tilsett på heiltid, og 14 menn på heil/deltid.
Mediehøgskolen har nett sendt søknad til Sørlandets
Kompetanseforum om midlar til å opprette to stipendiatstillingar for
kvinner hausten 2002.
Undervisningspersonalet i inneverande studieår
er samansett av 1 kvinne pluss ein kvinneleg timelærar, og tre menn. Den
faglege leiaren for utdanninga er Else Beth Roalsø.
På ei liste over tilsette har
Avdeling for mediefag 28 namn. Av desse er det ni menn som underviser i
journalistikk. Blant dei fast tilsette med tilknyting til journalistikk er det
ingen kvinner. Journaliststudentane møter to-tre kvinner i samband med
språkundervisninga, i einskilde tekniske kurs og i
einskildførelesingar, men då helst i medievitskap. Ei av desse kvinnene har fagleg ansvar
for 1. årsstudentane i avis.
4. Pensum
Som det står nemnt ovanfor har
utdanningane ulike faglege profilar, noko som også skaper problem i
klassifiseringa av pensumstoff. Voldas 12 vekttal medievitskap er i Volda ikkje definert som
journalistikk. Men ved ein gjennomgang vil ein sjå at ein del av Voldas
medievitskaplege pensumstoff er å finne på pensumlista også
til dei reindyrka journalistutdanningane.
Eit døme på dette er Jostein Gripsruds bok:
”Mediekultur. Mediesamfunn”, som i Volda er på pensum i
medievitskap, medan boka også er pensum i journalistikk på dei
andre utdanningane. Pensum i
medievitskap i Volda vart difor gjennomgått særskilt, og pensumreferansar som stod på
pensumlista minst ein annan stad vart då klassifisert som
journalistikkpensum også i Volda.
Som ein generell kommentar må det
seiast at svært få av dei i alt 219 referansane (bøker og
artiklar) er brukte på fleire lærestader. 9 av bøkene er i bruk ved alle journalistutdanningane,
og 5 er i bruk på fire av fem utdanningar. Heile 160 bøker
eller 3/4 av alle
pensumreferansane er i bruk berre ved ei utdanning.
Det er ikkje her teke omsyn til sidetal,
eller om innhaldet i bøkene kan vere dekt på tilnærma same
måte av andre forfattarar på lista. Gjennomgangen av pensum er
baset på pensumlister henta frå heimesidene til kvar enkel
journalistutdanning. Pensumlistene vart lasta ned frå nettet i byrjinga
av september 2001.[1]
|
Bruk av pensummateriale på
norske journalistutdanningar 2001 |
|
|
Blir brukt på alle 5 utdanningane |
9 |
|
Blir brukt på 4 utdanningar |
5 |
|
Blir brukt på 3 utdanningar |
12 |
|
Blir brukt på 2 utdanningar |
33 |
|
Blir brukt på 1 utdanning |
160 |
|
Pensumreferansar i alt |
219 |
Dei 14 bøkene som vart brukte
på fire eller fem lærestader er presenterte nedanfor:
Bøker som er brukte på alle
lærestader i journalistikk:
Brurås,
Svein 2000: Etikk for journalister. Fagbokforlaget, Bergen
Gripsrud,
Jostein 1999: Mediekultur, mediesamfunn. Oslo, Universitetsforlaget.
Njaastad,
Olav 1999: TV-journalistikk. Bildenes fortellerkraft. Oslo, Ad NotamGyldendal
Bech-Karlsen,
Jo 2000: Reportasjen.
Universitetsforlaget, Oslo
Røe,
Knut 1994: Intervjuet i radio og fjernsyn. 2.utg. Oslo, Vett og viten,1994.
Østlyngen,
Trine og Turid Øvrebø 1999: Journalistikk. Metode og fag. Oslo, Ad Notam Gyldendal
Øy,
Nils E: Mer offentlighet. Meroffentlighet etter Offentlighetsloven. Lommebok, 2.revidert
utgave, Fredrikstad, Institutt for Journalistikk.
Øy,
Nils E. 1999: Offentlighetsloven med forskrifter, offentlighet i
kommuneloven, andre offentlighetsregler og taushetspliktregler i
forvaltningsloven.
6. revidert. utgave, Kristiansand, Høyskoleforlaget, 1999.
Aarønæs,
Lars: Pressespråket. Aneholmen forlag.
Bøker som er brukte på fire
av fem lærestader i journalistikk:
Allern,
Sigurd 1997: Når kildene byr opp til dans. Et søkelys på
profesjonelle kildeorganisasjoners mediestrategier og nyhetsinnflytelse. Oslo, Pax
Fossum,
Egil 1991: Er nå det så sikkert? Journalistikk og kildekritikk. Oslo, Cappelen
Sogstad,
Knut 1996: Layout. Journalistisk presentasjon. IJ-forlaget, Fredrikstad.
Østbye,
H., Helland, K, Knapskog, K., Hillesund, T. 1998: Metodebok for mediefag. Fagbokforlaget
Øy,
Nils E. 1995: God, kritisk journalistikk skal ikke straffes. Institutt for
Journalistikk,
Fredrikstad
Eit fellestrekk ved bøkene er at
dei er nye, dei dekkjer sentrale emne i journalistikk som fag (etikk,
språk, juss, lay-out, kjeldebruk mm.), og dei er med eit unntak skrivne
av menn. Østlyngen og Øvrebø si grunnbok er slik sett unntaket som stadfester regelen. Den neste boka med kvinneleg
forfattar er høgskulelektor Hege Lamark si bok om portrettintervjuet,
som er i bruk på tre av dei fem utdanningane. Førsteamanuensis
Elisabeth Eide er representert i fire av dei samla pensumreferansane som redaktør
og artikkelforfattar. Blant desse er ”Narrespeil. Kjønn, sex og
medier” i bruk i Oslo og
Bodø, medan”Langdistanseløpet. En eksplorerende
undersøkelse om reportasjen” står på pensumlista i
Oslo og Stavanger.
Ser ein på heile samlinga er 27 av
pensumreferansane skrivne av kvinner, tre av bøkene har kvinner som
redaktør(ar), og i seks av bøkene er det både mann og
kvinne som redaktør. Dette betyr at 12-13 prosent av alle bøkene
på pensum i norske
journalistutdanningar er skrivne eller redigerte av kvinner.
Om ein ser nærare på dei fem
utdanningane kan ein få fram kvinnenes andel av pensum:
|
Andel bøker skrivne av kvinner
på pensum ved norske journalistutdanningar |
|
|
Lærestad |
Prosent kvinner på pensum |
|
Oslo |
20 |
|
Bodø |
14 |
|
Stavanger |
13 |
|
Kristiansand |
12 |
|
Volda |
4 |
|
Gjennomsnitt |
13 |
Tabellen syner at Bodø, Stavanger
og Kristiansand ligg nær gjennomsnittet. Høgskolen i Oslo ligg
klart over gjennomsnittet ved at 20 prosent av bøkene og artiklane
på pensum er skrivne av eller redigerte av kvinner. Volda ligg like klart
i andre enden av skalaen ved at berre fire prosent av pensumreferansane er
skrivne av kvinner.
Eit viktig moment er i denne samanhengen
er at utdanningane set bøker skrivne av eigne tilsette på eigne
pensumlister. Dette skjer på alle lærestadene. Dei fleste av desse
eigenproduserte bøkene står berre på pensum på eigen
lærestad.
Tal på eigenproduserte bøker som berre
står på pensum på eigen lærestad
|
|
|
Lærestad |
Pensumreferansar |
|
Oslo 1) |
13 |
|
Bodø |
5 |
|
Kristiansand 2) |
5 |
|
Volda 3) |
5 |
|
Stavanger |
1 |
|
1) For Oslo er
også oppgåver skrivne av journaliststudentar rekna som
eigenproduserte 2) Alle
referansar som står oppført som med Mediehøgskolen som
utgjevar er rekna som eigenproduserte bøker. 3) Bøker
skrivne av Nils E. Øy (dosent II) er rekna med blant dei
eigenproduserte bøkene |
|
Vedlegg 1:
Pensumreferansar
etter frekvens
Pensumreferansar på norske journalistutdanningar hausten 2001,
ordna etter frekvens (referansane som er brukte på flest utdanningar
står først på lista).
(lista er tilgjengeleg i den trykte utgåva av rapporten og i word95-versjonen.)
[1] Ein tidleg versjon av dette notatet vart sendt som vedlegg til ein søknad tilRådet for anvendt medieforsking. Ved ein feil vart då ikkje delar av pensum i journalistikk ved journalistutdanninga ved høgskulen i Stavanger med oversynet over pensum. Dette er retta i denne nye utgåva av notatet.