«Kunnskap for framtida»

Avdeling for mediefag

Høgskulen i Volda har sidan 1971 utdanna fagfolk til den norske mediebransjen, og medieutdanninga i Volda er kanskje den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg i dag. Mediefaga høyrer til under Avdeling for mediefag (AMF), og har om lag 250 studentar på dei ulike studieretningane. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis går hand i hand, og dette er mogleg på grunn av dei interne og eksterne praksisordninga som høgskulen har. Høgskulen har også eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet.  

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Prodekan er professor Paul Bjerke

Avdelingsadministrasjon
Marit Gridset Flø, rådgjevar. Arbeidsoppgåver knytt til studieadministrasjon og personal
Solgunn Ose Bjørneset, rådgjevar
Reidulf Ottar Botn, rådgjevar

Studieprogramansvarleg
Studieleiar/ studieprogramansvarleg har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet.

Jan Ytrehorn, programansvarleg journalistikk, høgskulelektor
Andres Mänd, programansvarleg animasjon, førstelektor
Kristian Fuglseth, programansvarleg PR og kommunikasjon, høgskulelektor

Avdelingsråd
Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Leiar i avdelingsrådet er Hans Martin Dypvik og nesteleiar er Ellen Lexerød Hovlid

Finn oss i 2. etasje i Aasen-huset l tlf: 70 07 50 69 l Adresse: Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, Postboks 500, 6101 Volda