Avdeling for mediefag

Høyr helsinga frå dekan Sverre Liestøl (pop-up)
Sjå den nye HVO-filmen (ny side)
”Media i Volda” er truleg den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg. Heilt sidan 1971 har det som i dag er Avdeling for mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda utdanna fagfolk til norsk mediebransje. AMF har treårige bachelorutdanningar i journalistikk, PR og kommunikasjon og i animasjon. I tillegg tilbyr AMF ei eittårig utdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar. Medievitskap er ein del av bachelorutdanningane, og studentane får tilbod om valfrie, mediefaglege emne. Mange av våre studentar reiser til universitet i utlandet og studerer eitt eller to semester. I alt har avdelinga om lag 250 studentar.
Det er om lag 30 tilsette og engasjerte ved avdelinga, og i tillegg kjem stipendiatar, kurshaldarar og gjesteførelesarar. Dei tilsette driv aktivt med forsking og fagleg utvikling, og den tyngste satsinga er for tida prosjektet ”Journalistikk i endring: Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?” Det tekniske utstyret er moderne og tilgjengeleg for studentane heile døgnet, heile veka. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis skal gå hand i hand, og kontakten med dei ulike bransjemiljøa er tett og god, ikkje minst gjennom ei anerkjend praksisordning.
Norsk medieforskerlag sin14 medieforskerkonferanse; Nyhetsinstitusjonen – en fiksjon? ble arrangert i Ålesund den 28. – 29. Oktober i 2010. Arrangør for konferansen var Høgskulen i Volda, der Avdeling for mediefag spilte en nøkkelrolle.
|
Interessert i å søke til opptaket i 2012? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. |
|
Ekspedisjon: i 2. etasje, Aasen-huset |
Aktuelt frå Avdeling frå mediefag
Oppdatert av Kristian Fuglseth 06. feburar 2012 kl. 13.34 Publisert med NetEd : Publish


