Avdeling for mediefag

Høyr helsinga frå dekan Sverre Liestøl (pop-up)
Sjå den nye HVO-filmen (ny side)
”Media i Volda” er truleg den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg. Heilt sidan 1971 har det som i dag er Avdeling for mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda utdanna fagfolk til norsk mediebransje. AMF har treårige bachelorutdanningar i journalistikk, informasjon og media og i animasjon. I tillegg tilbyr AMF ei eittårig utdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar. Medievitskap er ein del av bachelorutdanningane, og studentane får tilbod om valfrie, mediefaglege emne. Mange av våre studentar reiser til universitet i utlandet og studerer eitt eller to semester. I alt har avdelinga om lag 250 studentar.
Det er om lag 30 tilsette og engasjerte ved avdelinga, og i tillegg kjem stipendiatar, kurshaldarar og gjesteførelesarar. Dei tilsette driv aktivt med forsking og fagleg utvikling, og den tyngste satsinga er for tida prosjektet ”Journalistikk i endring: Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?” Det tekniske utstyret er moderne og tilgjengeleg for studentane heile døgnet, heile veka. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis skal gå hand i hand, og kontakten med dei ulike bransjemiljøa er tett og god, ikkje minst gjennom ei anerkjend praksisordning.
|
Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for |
|
Ekspedisjon: i 2. etasje, Aasen-huset |
Oppdatert av Erling Sivertsen 02. desember 2008 kl. 09.57 | Publisert med NetEd : Publish



