Hopp til innhald Hopp til meny Hopp til søkjefelt

 

Avdeling for mediefag



 Høyr helsinga frå dekan Sverre Liestøl (pop-up)     Sjå den nye HVO-filmen (ny side)

”Media i Volda” er truleg den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg. Heilt sidan  1971 har det som i dag er Avdeling for mediefag (AMF) ved Høgskulen i Volda utdanna fagfolk til norsk mediebransje. AMF har treårige bachelorutdanningar i journalistikk, PR og kommunikasjon og i animasjon. I tillegg tilbyr AMF ei eittårig utdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar. Medievitskap er ein del av bachelorutdanningane, og studentane får tilbod om valfrie, mediefaglege emne. Mange av våre studentar reiser til universitet i utlandet og studerer eitt eller to semester. I alt har avdelinga om lag 250 studentar.

Det er om lag 30 tilsette og engasjerte ved avdelinga, og i tillegg kjem stipendiatar, kurshaldarar og gjesteførelesarar. Dei tilsette driv aktivt med forsking og fagleg utvikling, og den tyngste satsinga er for tida prosjektet ”Journalistikk i endring: Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?” Det tekniske utstyret er moderne og tilgjengeleg for studentane heile døgnet, heile veka. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis skal gå hand i hand, og kontakten med dei ulike bransjemiljøa er tett og god, ikkje minst gjennom ei anerkjend praksisordning.

 

Norsk medieforskerlag sin14 medieforskerkonferanse; Nyhetsinstitusjonen – en fiksjon? ble arrangert i Ålesund den 28. – 29. Oktober i 2010. Arrangør for konferansen var Høgskulen i Volda, der Avdeling for mediefag spilte en nøkkelrolle.

 

Interessert i å søke til opptaket i 2011? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider.
Gå til studietilbod når du vil ha søkadsskjema.

Ekspedisjon:  i 2. etasje, Aasen-huset
Tlf:70 07 50 69
Post: Høgskulen i Volda
Avdeling for mediefag
Postboks 500
6101 Volda


Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Steffen Djupvik Brandtzæg 28. oktober 2011 kl. 10.34 Publisert med NetEd : Publish

 

 

AMF Aktuelt

 

 

Studentmedia

Næravisa

Studentradio med direkte sending kvar dag kl. 19.00