HVO > AHF

ADM og Leiing

Aktuelt

Engelsk institutt

Historisk institutt

Nordisk institutt

Tysk institutt

Studiekatalog HVO

Studiehandboka

FoU 2002

     

Avdeling for humanistiske fag (AHF) er ei av fire fagavdelingar som vart oppretta ved samanslåing av Distriktshøgskulen og Lærarhøgskulen i Volda i 1994 . Studietilboda ved avdelinga er organisert innanfor fire grunneiningar: Engelsk institutt, Tysk institutt, Historisk institutt og Nordisk institutt, med fagtilbod i språk, litteratur og historie.
Personalet består av om lag 30 tilsette i stillingar på ulike fagfelt, med faglege stikkord som lingvistikk, litteraturvitskap, samfunnstudiar, framandspråkopplæring og koplinga mellom språk- og litteraturhistorie og regional historie. AHF sine fagfolk gir også undervisning ved lærarutdanningane ved HVO (engelsk og norsk).
Eit relativt nytt studium er Mediekunnskap (60 stp.) med ein pedagogisk profil og som kvalifiserer for arbeid i skulen. Dette studiet inngår også som del av eit nytt bachelorstudium ved HVO:"Media, IKT og design", med oppstart hausten 2002. 
Viktig fagleg satsingsfelt er også deltaking og ressursbruk i samband med det tverrfagleg mastergradstilbodet i kulturstudiar, i samarbeid med Ivar Aasen-instituttet.
Frå hausten 2003 tilbyr AHF også 3 bachelorgrader:

*Historie, kultur og samfunn 
*Litteratur og kultur
*Språk, kommunikasjon og media

EINSKILDE STUDIETILBOD FOR AHF 2003 - 2004
AHF sine fag er er populære fag som mange innpassar i adjunktutdanning, lærarutdanning eller i ulike bachelorløyper og mastertilbod.
Engelsk
            Historie            Nordisk          Tysk
Mastergrad i nynorsk skriftkultur

ORGANISASJON, INSTITUTT OG PERSONALE 


Diverse:
 
 

NORGESUNIVERSITETET 

 
  • Heimen - vitskapleg tidsskrift for lokal og regional historie 


Nyttige lekkjer for søk etter informasjon:

Bøker og tidsskrift

 


Høgskulen i Volda - AHF 2003 jks@hivolda.no