
VOLDA-SOGA 1800 - 1945, Bind II
Jostein Nerbøvik: "Holmgang med havet 1838 - 1914"
Volda kommune, Volda 1997
Sats og formgiving: Jorunn Storehaug. Trykk: Gjøvik Trykkeri as, Gjøvik
Omslag: Marit Jørgensen. Omslagsillustrasjon: "Grasøyane", akvarell av Ørnulf Opdahl, 1997
Akvarellar: Ørnulf Opdahl, 1997. Biletredaksjon: Jostein Nerbøvik
Kart: Anne Langdalen. Redaksjon og produksjon: Grepstad Skriveri
Det nye perspektivet
For fleire år sidan sat eg på Universitetsbiblioteket i Oslo, der eg gjekk gjennom noko arkivmaterial etter Rasmus Steinsvik. Eg støytte då på eit brev frå Ola O. Reite. Det var datert Folkestadbygd 27. september 1908, og brevskrivaren var då 65 år. Alt i ung alder hadde Reite drive fiske vinterstida, og opp gjennom åra hadde han fleire oppdrag i det som ofte vart kalla statens teneste, nemleg fyr- og merke- og hamnearbeid. Han skreiv seg først den yngre i høve til faren, men seinare den eldre i høve til sin eigen son. Faren Ola Olsen Reite hadde vore omgangsskulelærar og gardbrukar på Folkestad-Reite. Godt 30 år gamal begynte han å skrive ned store og små hendingar i noko han kalla "Cronologie eller Tids-Regning, hvori bliver at indføre alle Mulige Tildragelser". Dagbokskrivar Reite døydde mot slutten av året 1875. Årstalet varslar om både eit tidsskifte og ein djup indre samanheng, til dømes på den måten at "jeg Ole Olsen Reite d.y. vil gjøre Forsøg med at fortsætte i samme Retning og Aand som min Fader og Formand har gjort". Mottakaren av brevet var altså Rasmus Steinsvik frå Dalsfjorden i Volda. I åra rundt 1905 vart han landskjend som bladstyrar av norskdomsavisa "Den 17de Mai". Arne Garborg kalla han ein av dei finaste pennane i den norske pressa. Kva var det Reite ville han? Jau, opp gjennom åra hadde Reite høyrt gjete om det eine storverket etter det andre, utført i dei og dei landsluter, jamnast då austanfor. Men Sunnmøre var det aldri tale om; det var mest som ein forakta landsdel der det visstnok aldri hadde vore utført noko nemnande. Reite tykte det var på høg tid å rette på dette skeive inntrykket. Tydeleg prega av den nasjonale stemninga i kjølvatnet av unionsoppløysinga i 1905 omtala han novene i det nye Noreg. Ei nov er den staden der veggstokkane er felte saman i hjørnet av eit lafta tømmerhus. Eit hus har fleire nover, og to av novene i det norske huset var lafta av sunnmøringar: "Mæ dei tvo nover meinar eg maalreisingi og uppmerking og upplysing utav vaar langstrakte strand. Mærkjande æ dæ, at dæ var tvo fatige granguta, ein fraa kvar side av byta myllaa Voldi og Ørsti, der skuld vere fyregangsmenn kvar paa si leid … Det var inkje vandelausaste Nova paa det Nybølingshuset Norge - ti faa den laange myrke Strandi opplyst." Dei to grannegutane var Ivar Aasen og Ole Gammelsen Mork. Reite tykte at dei to ruva mest som jamlikar, på kvar sitt omkverve. Aasen var kjend og vyrd, medan Mork og heile fyrarbeidartradisjonen var eit ukjent kapittel i norsk historie. Det var just dette Reite ville be Steinsvik som skrivande mann å rette opp. Det kunne og burde bli eit bok av eit slikt tema, og Rasmus Steinsvik hadde dei beste føresetnadene for å skrive ho. Han visste kvar han var heimefødd, Steinsvik, endå han no sat som redaktør i ei av landets mektigaste aviser. Eg trur Steinsvik hadde lyst. Men det var så mykje anna ugjort før han laut sleppe pennen for godt i 1913, berre 50 år gamal. Sidan eg fann dette brevet på Universitetsbiblioteket har perspektivet frå kronologisten O. O. Reite eigentleg aldri sleppt taket på meg. Fyr-, merke- og hamnearbeidartradisjonen er i røynda ein viktig del av norsk kystkultur og moderne samferdsle. Emnet dreiar seg om ikkje noko mindre enn korleis dette landet vart tilgjengeleg sjøvegen, dag som natt, den gongen sjøvegen var den viktigaste. Det handlar om statsbygging og nasjonsutvikling i fortetta og konkret form. Den stolte fyrrekkja, dei tusenvis av dagmerke og alle dei hamner og moloar er ein kommunikasjonsmessig føresetnad for bygginga av det moderne Noreg. I denne prosessen var sjøfarten og fiskeriet heilt avgjerande. Eg seier med Reite at å "fortelje noko um dæ skal vel inkje vere storgale". Men korleis skal ei slik forteljing skrivast? Det er heller ikkje den mest vandelause nova. Men skal ein skrive om eit emne og tema der Volda-bygdene har merkt seg særskilt ut, kjem ein ikkje unna denne utfordringa. Samtidig fell emnet inn i eit vidare nasjonalt og jamvel eit internasjonalt perspektiv. Framlegget til ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar i 1997 slår fast at kystkulturen er eit satsingsområde, og at den stolte fyrrekkja langs norskekysten er ein viktig del av vår kulturarv. I dette skriftet set Danckert Monrad-Krohn dei norske fyrstasjonane inn i ein større, verdsomspennande samanheng, der det eine landets fyr viser veg til eit anna lands fyr i ein mest endelaus samanheng utan byrjing og slutt.
Kven var dei?
Ein hende gong har eg kome over ein eldgamal, rusten tørnering ute på ein holme eller eit skjer. Kven var det som i si tid bolta han på plass? Frå tid til anna har ulike slag sjømerke, vardar og stakar passert revy, for meg som som for tallause andre som har ferdast langs norskekysten. Kven var det som sette dei på plass i det ulende terrenget, og korleis var det mogleg? Og kven har halde dei ved like? I glade sommardagar i barndomen sprang eg og leika meg i området rundt Ulla fyr lengst nord på Haramsøya. Fyret hadde ei veldig tiltrekningskraft; det var ytterpunktet i verda, lenger ut var det ikkje mogleg å kome, i alle fall ikkje for ein gutunge. I vaksen alder var eg ein gong på Utsira og høyrde eldre folk omtale dei legendariske sunnmøringane som bygde tvillingfyra på Utsira for halvtanna hundre år sidan. Det var i Carl Johans styringstid; monogrammet hans pryder framleis inngangspartiet. I den nasjonale verneplanen står det at Utsira er det einaste fyranlegget der begge tårna vart bygde innanfor same fyrområde. Som bygningar er dei meisterverk i hoggen stein med teglfôring. Det eine av dei to vart nedlagt for over hundre år sidan. I det andre er det gamle franske 1. ordens lynblinkapparatet framleis i bruk. Det var sunnmøringar som bygde dei to fyra, sa dei ute på Utsira. Kven var desse sunnmøringane, kvar på Sunnmøre kom dei frå og korleis kom dei seg dit? Slik som Kyst-Noreg eingong låg der merkelaust og fyrlaust, slik ligg mykje av historia om merkinga og lyssettinga i mørke. Fullvisst gjeld dette soga om dei som gjorde den fysiske jobben, dei omfarande arbeidarane - havets rallarar. Rett nok er det skrive eit par verk om norsk fyr- og merkevesen reint allment. Spesielt vil eg nemne dei to arbeida til C. F. Rode, særleg då standardverket "Norges fyrvesen gjennom 250 år" frå 1941. Rode hadde djup og omfattande innsikt, og bygde på eit rikt kjeldemateriale. Men i ei allmenn innføring er det mangt som skal endefarast, og arbeidartradisjonen har i eit slikt perspektiv lett for å bli borte. Det same gjeld tobandsverket "Norges fyr" av Birger Bjørkhaug og Sven Poulsson, som kom ut for ti år sidan i serien Norske minnesmerke. I innleiinga til dette siste verket har rett nok Svein Molaug eit avsnitt der han faktisk reiser spørsmålet om kven som bygde fyra. Han slår fast at sunnmøringane med åra kom til å utgjere den største delen av arbeidsstyrken i fyr- og merkevesenet. Molaug finn det merkeleg, ja, mest utruleg at fyr- og merkevesenet med si spreidde og omfattande anleggsverksemd - frå Oslofjorden til Grense-Jakobselv - har henta ein vesentleg del av arbeidskrafta frå eit relativt lite distrikt på nokre få kvadratkilometer, og over eit tidsrom på halvtanna hundre år. Molaug stiller eit godt spørsmål, men gjev forståeleg nok sjølv ikkje svar. For om lag ti år sidan skreiv Vigdis Mork ei semesteroppgåve om Ole Gammelsen Mork. Oppgåva var i hovudsaka bygd opp rundt eit innhaldsrikt brevmateriale frå Ole Gammelsen til venen og medhjelparen Maurits Aarflot på Ekset. Med den studentoppgåva introduserte Vigdis Mork ein ny ståstad og eit nytt perspektiv i denne samanhengen: røysta innanfrå, perspektivet nedanfrå. Det er sjølvsagt ikkje berre ei røyst, men eit heilt kor av røyster. Det er viktig for meg at dette mangfaldet får sleppe til, både røystene og personane bak. Det er livs levande menneske som lagar og formar historia, og slett ikkje berre på elitenivået. Ut gjennom boka kan det bli mange namn og personar å halde orden på, både for lesar og forfattar. Men for kvar einaste ein som blir nemnd og omtala, skal vi vite at det er mangfaldige fleire unemnde og ukjende.
Kjelder og innfallsvinklar
Det finst òg andre perspektiv og innfallsvinklar. Planar, innstillingar og budsjett vart utforma og vedtekne i landets maktsentrum. Dei ulike prosjekta vart organiserte og administrerte av Fyrdirektoratet i Kristiania. Sjølve det fysiske arbeidet vart derimot utført av lokale arbeidslag lokalisert ulike stader langs kysten. Det var nettopp her Volda og delar av Sunnmøre med åra kom til å bli slikt eit tyngdepunkt. Strukturen var altså både sentralisert og desentralisert på ei og same tid. Kristiania og Volda var både motpolar og medspelarar. I eit stats- og nasjonsbyggingsperspektiv er det viktig å merke seg samspelet og samhandlinga mellom sentrum og periferi. Historiegransking går stort sett ut på å rekonstruere. Gjennom ulike historiske restar og brotstykke gjeld det å bygge opp ein best mogleg heilskap ut av noko som ein gong var heilt og samanhengande. Gjennom brevmaterialet frå Ole Gammelsen vart eg kjend med noko eg på førehand berre hadde ein tokke av. Ikkje sjølvtilstrekkeleg isolasjon og livstrøyttleik, men livsglad nybyggjarånd og oppdagingslyst, saman med ein heilt naturleg byrgskap og patriotisme. Det er mest som om breva er stila til ein historikar i ettertid, og eg vart brått vàr ein ukjend identitet og mentalitet. Brevskrivaren var medviten om at han var med på å byggje landet. Samtidig var han sterkt oppteken av at han var med på å skape arbeid og sysselsetjing for sine eigne sambygdingar. For Ole Gammelsen var dette endeframt to sider av same sak. Brevmottakaren Maurits Aarflot stod på mange vis som mellommann og bindelekk mellom Volda og styresmaktene inne i Kristiania. Dette kunne Aarflot vere fordi han som stortingsrepresentant med jamne mellomrom budde og oppheldt seg i landets hovudstad. Her er med andre ord samanhengar på kryss og tvers. For å kartleggje dette samhandlingsmønsteret måtte lokale kjelder skjeftast til dei sentrale. Det var berre ein veg å gå. Journalar og kopibøker frå departement og direktorat er arkiverte på Riksarkivet i Oslo. Journalane registrererer den utgåande korrespondansen. Der kunne eg leite meg fram til namn eg kjende att, éin Mork og minst ein til, éin Folkestad og endå fleire. På denne måten fekk denne boka alt i utgangspunkt ein klar individ- og aktørprofil. I dei tilsvarande kopibøkene fann eg samandrag av den utgåande korrespondansen, ein hende gong avskrift av heile brev og rapportar. Dette gav nye brotstykke og andre haldepunkt. Undervegs måtte eg leggje ut kjeldene etter kvart som eg fann dei, om lag som ein legg ut ein kabal. Etter kvart timja eg visse grunnlinjer i materialet. Problemstillingar og innfallsvinklar oppstod medan eg leitte og granska. Det same galdt skilsetjande hendingar og nyhende, epokemarkørar og periodisering.
Kva slags bok?
Noreg hadde i utgangspunktet ei lang kystlinje å merkje og lyse opp. Det er tale om ei kystlinje på 2800 km frå Oslofjorden til Grense Jakobselv, den lengste kystlinja i Europa. Den utstrekte kystlinja skal vere bort imot to tusen mil, altså halve ekvator. Dertil kjem dei store øyrika, t.d. Senja, Vesterålen og Lofoten, som kvar for seg er som små kongerike - eller like gjerne republikkar - med ei uhøyrd mengd fjordar og sund. Det skal vere rundt 150 000 øyar, holmar og skjer rundt kysten i dette landet. I løpet av tre kvart hundre år, grovt sett i tidsrommet 1840-1914, kan vi hevde at kysten av Noreg både vart merkt og lyssett, og det vart bygt ei rad viktige hamneanlegg. I 1893 hadde fyrvesenet kome så langt med fyrlys og merkesetjing at skipa kunne gå både natt og dag, døgnet rundt og året rundt. Det var difor ikkje noko tilfelle at Hurtigruta starta nettopp det året. Med snøggruta minka tidene og avstandane radikalt. I 1882 tok reisa mellom Trondheim og Trømsø 83 timar. Elleve år seinare var reisetida redusert til 48 timar! Denne boka skal fortelje om korleis den fyrlause og merkelause norskekysten vart lyssett og merkesett. Det skal i hovudsaka vere ei bok om havrallarar i holmgang med havet. Med åra kom voldingar og sunnmøringar til å utgjere hovudtyngda av arbeidsstokken innanfor eit offentleg arbeidsfelt som omfatta fyr-, merke og hamnevesenet. Frå rundt 1840 utvikla det seg i Volda-bygdene ein særmerkt arbeidstradisjon som har halde seg oppe i halvtanna hundre år. Det er viktig å vere klar over dette lange tidsspennet, ikkje minst fordi eg av ei rad grunnar konsentrerer framstillinga til perioden 1838-1914. Derifrå har eg berre strekt nokre hovudtrådar fram til vår næraste fortid. Spørsmålet til Svein Molaug ligg på botnen av problemstillingane: Kva er dei historiske røtene til denne tradisjonen? Kven var pionerane og kvar kom dei frå? Kva var drivkrafta og motivasjonen? Korleis vart arbeidarane rekrutterte? Kva gjekk arbeidsoppgåvene ut på, og korleis vart dei gjennomført? Og korleis har denne tradisjonen halde seg over det lange tidsromet? Utanom dette er eg interessert i det reint faktiske ved dei ulike prosjekta; utferdene, rallarlivet, arbeidsvilkåra, lønene, kontraktane. Både det dramatiske og det meir prosaiske høyrer med her. Alt dette fell inn i eit meir omfattande samhandlingsmønster, det vi kan kalle sjølve logistikken. Med dette meiner eg korleis eit prosjekt vart planlagt, uttenkt, administrert, organisert, utført og fullført. Dette er ei mangefasettert historie. Den historiske lommelykta vil setje lyset på fenomen og tyngdepunkt der eg meiner det trengst, og der kjeldene tillet det. Stundom blir det berre eit lysstreif, andre tider går eg djupare inn i stoffet. Grunngjevinga for denne lyssetjinga vil framgå etter kvart. Ein aktør er ikkje berre eit namn. Det er òg ei røyst, og samanlagt ein heil kakofoni av røyster. Som forteljar meiner eg det er viktig å fange dette opp, ikkje berre for meg sjølv, men òg for lesarane. Når eg eingong har orientert meg mot aktørane, må røysta deira kome til orde, klart og tydeleg, tett og nært. Kva verdiar tok dei med seg dit dei fór? Korleis såg dei på seg sjølve og verda ikring? Kva oppfatningar om andre og om andre skikkar tok dei heim att til Volda? Var det berre pengane dei tok med seg heim? Kva økonomisk utbytte hadde dei av strevet sitt? Kva fekk denne inntektsfaktoren å seie for Volda-samfunnet og Volda-bygdene? Dette er det lokale og regionale utgangspunktet. Soga om fyr-, merke- og hamnevesenet speglar dessutan nasjonsutviklinga og nasjonsbygginga på ein slåande og instruktiv måte både teknisk, økonomisk og sosialt. Det blir då etter mitt skjøn avgjerande å setje dei lokale samanhengane inn i ei vidast mogleg ramme, slik at det særmerkte og spesielle blir drege inn i dei meir allmenne og sentrale utviklingstrekka.
Periodar og bolkar
Eg har valt å gjere eit historisk snitt beint inn i det tidsrommet der denne forteljinga startar. Åra rundt 1840 var prega av optimisme og framstegstru. To heilt ulike og motsette retningar og styringsteoriar, den folkelege og den elitistiske, møttest og fall for ei tid saman i det som er blitt kalla embetsmannsstatens lukkelege periode. Harmoni og samyrkje vart deretter avløyst av strid og usemje, skapt av moderniseringa og den nye kommunikasjonsstaten. Regimeskiftet i 1884 var ein føresetnad for den nye venstrestaten, som hadde si stordomstid i åra rundt 1914. Inn i den store bolken 1840-1914 skjer eg ut mindre bolkar og underkapittel. Grunngjevinga for inndeling og periodisering følgjer for kvart kapittel. Utviklinga innanfor fyr- og merkearbeidet er to sider av same sak, og eg følgjer den historiske gangen parallelt. Samtidig er det skilde funksjonar, kvar med sine særtrekk. Opp gjennom åra kunne personar gå frå den eine etaten til den andre, tyngdepunktet kunne forskyve seg frå den eine bygda til den andre. Dertil kom hamnevesenet sterkare inn tidleg i syttiåra. For å syne samanhengen med fyr- og merkevesenet har eg skrive eit eige kapittel om framvoksteren av det moderne hamnevesenet, konsentrert rundt to pioneranlegg i Kabelvåg og Vardø. Etter dette har det då avteikna seg ein disposisjon i ti hovudkapittel. Etter innleiingsdelen kjem kapittel 2 som ein historisk opptakt eller ouverture, med parallelle og samtidige forteljingar og utferder. Kapittel 3-4 er snittet inn i den allmenne historia, der eg skjeftar den lokale historia til den nasjonale. Kapittel 5-9 er sjølve hovudbolken, medan det tiande og siste trekkjer opp dei store linjene til slutt. Boka er ramma inn av dei to årstala 1838 og 1914. Det første årstalet har ei lokal grunngjeving. Det er første gong vi høyrer røysta til voldingen Ole Gammelsen: "I 1838 blev jeg af Fyrvæsenet antagen som Formand ved Nedsættelsen af Skibsfæstigheder." Det siste årstalet spring ut av nasjonshistoria. Året er 1914, og her var òg voldingar visseleg med.
Noreg 1914
9 år etter unionsoppløysinga i 1905 høgtida Noreg hundreårsjubileet for 1814. I Volda annonserte den framgangsrike manufakturhandlaren Elias Rønnestad frå Folkestad om den norske veka, då ein berre skulle kjøpe og selje norske varer; det var mest som ei borgarplikt å bruke dressar av norsk stoff. Ei stor utstilling i hovudstaden skulle vere sjølve rama rundt jubileumsmarkeringa. Utstillinga var eit enormt løft, med 216 byggverk spreidde over ei flatevidd på 500 mål. Heile landet var med - næringsgreiner, organisasjonar, staten, fylke, kommunar, kunst- og vitskap. På den offisielle utstillingsplakaten var det i venstre framkanten teikna inn ei dampmaskin og to sterke kranarmar med kraftige krokar. Attanfor i høgre kanten var det eit mektig skipssegl som strekte seg oppover og beint ut over bildekanten. Og mellom kranarmane og skipsseglet stritta eit stolt fyrtårn til vers. Det loddrette merket på grensa mellom land og sjø, himmel og hav. Auga som stirer ut mot havet, som både ser og blir sett. Utstillinga skulle syne at det galdt å verne og hegne om alt det gode som fedrane har late i arv til oss, dei nasjonale tradisjonane i ånds- og kroppsarbeid, det som særmerkte det norske folket. Men dette var berre den eine sida av saka. Noreg måtte ikkje stengje seg inne, det hadde landet aldri stått seg på. Skulle vi halde oss framme i konkurransen med dei andre, måtte vi følgje med i dei nye framsteg ute i verda. Dei store tekniske oppfinningane hadde gjeve namnet til det førre hundreåret. Dei hadde ført til veldige framsteg. Det var ei kraftovring mest utan like, og utstillinga skulle demonstrere dette på ein overtydande måte. Hovuddelane av utstillinga vart sett opp på Frogner, medan ein mindre bolk, sjøfarts- og fiskeridelen, vart lagt til Skarpsno. Det var gangveg mellom dei to delane, og dei var bundne saman med jarnveg og trikk. Skarpsno-avdelinga låg medrivande vakkert til med utsyn over Frognerkilen og Oslofjorden. Her skulle ein syne fram utviklinga i sjøfarts- og fiskerilandet Noreg. Ein vakker boga utstillingsbygning var omkrinsa av to lange bryggearmar som strekte seg ut i sjøen. I bakgrunnen steig eit stort moderne fyrtårn til vers og ropte ut at det kyst- og sjøfolket mest av alt trong, var lys over hav. Og forutan det store fyrtårnet stod det to fyrlykter, ein på kvar av dei utstikkande trebryggene. Og ikkje nok med dette; bak fyret stod ein liten steinvarde med ei kolgryte på toppen, ein tru kopi av eit fyrtårn anno 1814. Fyrtårnet var 26 meter høgt. Det var av det nyaste og beste slaget, med eit 1000 kilos linseapparat på toppen. Det var voldingar som sette opp både fyrtårnet og dei to lyktene. Og det var Andreas Folkestadås som var formann for laget. Like før opninga var Sunnmørsposten til stades og gjorde ein førehandsreportasje: "Før vi slutter gjør vi atter en visit ved fyrtaarnet, som er opført af nogen av de bekjendte specialister i fyrbygning fra Volden paa Søndmøre. Det vil sikkert bli en av utstillingens sjeldneste seværdigheter, naar det i sommernatten sender sine lynblink utover fjorden og indover West End villahaver.
Avsluttningskapittel
Linjer og hovudtendensar
"Arbeidere af Volden"
Tradisjonen med fyr- og anleggsarbeidarar frå Volda-bygdene starta med bygginga av Rundefyret i 1825-26, og med Hans Engeset og Ole Gammelsen Mork som dei to første. Dei to var nok ikkje åleine voldingar. I alle fall kan eg påvise ein tidleg smitteeffekt. Arne Tømmerbak og Rasmus Eidseflot vart nemleg omtala som "Arbeidere af Volden" då Kvitsøy fyrstasjon vart ombygd til eit sekskanta murtårn i 1827-29. Det er likevel først med merketuren i 1838 og bygginga av Kvitholmen fyr på Hustadvika rundt 1840 at vi kan seie det startar ein jamn og samanhengande havrallartradisjon i Volda-bygdene. Det er vanskeleg å gje eit fullgodt oversyn over kor mange fyranlegg voldingane og sunnmøringane alt i alt var med på å byggje. Uansett er uttrykket "var med på" viktig i samanhengen. Det tyder nemleg alt frå heilt sentral medverknad til meir perifer tilknyting. Dertil kjem eit anna rekneproblem. Allereie i åtti- og nittiåra vart ombygging og nyvøling av eldre fyr meir og meir vanleg og presserande. I somme tilfelle var det tale om svære omvølingar over fleire år, slik tilfellet var med Ryvingen midt på nittitalet og utetter. På dette viset inngår Ryvingen på lista mi for året 1897. Oksøy fyr var oppretta i 1832 utan at voldingar eller sunnmøringar på noko vis var involverte, det eg veit. I år 1900 fekk fyret ein heilt annan svip med det store støypejarnstårnet på 36 meter. Tårnet var oppsett av ein gjeng voldingar med Ole Høidal i brodden. Under tvil tek eg difor med Oksøy på lista i tabell 5. I fleire andre tilfelle har tvilen slått ut motsette vegen.I heile perioden frå Lindesnes 1655 til Svalbard i 1932 vart det oppført noko over 200 fyranlegg i Noreg, med stort og smått. Voldingane var det eg veit ikkje med på det første fyret, men fullvist på det siste. Lista tel dermed 78 fyrstasjonar. Det gjev nærmare 40 prosent. Sidan lista umogleg kan vere endeleg og komplett, torer eg tru at femti prosent er eit betre tal. Det vil seie at voldingar og sunnmøringar har vore med på å føre opp nærmare halvparten av fyrstasjonane i Noreg; lengst sør, lengst vest, lengst nord og lengst aust. Til dette kjem alle dei hundretals fyrlys og fyrlampar. På denne lista har heimfylket Møre og Romsdal åleine 16 fyr, resten av Vestlandet har 19, med Agder 26. Drifta nordover er tydeleg og klar. Trøndelag har 11 fyr på lista, og Nordland åleine 17. Trøndelag og Nord-Noreg med Svalbard har samanlagt 34 fyr på denne lista. Når vi ser nærmare på tidspunktet for oppføringa av fyra gjennom heile den lange perioden 1826-1932, slår det oss endå ein gong kor ujamt og rykkevis det heile gjekk for seg. 46 av dei 78 fyra på lista vart oppført i bestemte tidsavsnitt på tilsaman 40 år. Tiårsbolken 1870-79 kjem klart høgast, med 17 fyr. Åra 1900-1909 kjem deretter med 12 fyr. Bolkane 1850-59 og 1920-29 er i dette stykket nesten jamlike, den første med 9 fyr, den andre med 8.
Norske fyr som kulturminne
Det er fleire hundre år sidan det første og faktisk over seksti år sidan det siste fyret vart bygt i Noreg. Det vil truleg ikkje bli bygt fleire fyr. Dette kapitlet i norsk kulturhistorie er avslutta. No har vi nok med å ta vare på dei som finst. Gjennom fleire tiår har utviklinga innanfor fyrstellet vore prega av automatisering og nedbygging og til dels forfall. Denne utviklinga kan vi hevde starta ved slutten av perioden vår. I 1912 fekk Nils Gunnar Dalén Nobelprisen i fysikk for sin konstruksjon av solventilen. Snart kunne lysa på fyrlyktene tennast og sløkkjast ved eiga hjelp. I dag er difor fyrfunksjonane heilautomatiserte på alle norske fyrstasjonar. Sakte har det gått opp for oss at den norske fyrrekkja i røynda utgjer eit overlag viktig kulturminne. Først i 1934 vart 34 fyr ført opp på ei liste over verneverdige bygningar her til lands. Tidleg i åttiåra vart kulturminneverdien vurdert i samband med avfolkingsplanane for fyra. Men utover dette skjedde det lite, anna enn ytterlegare forfall. Som overordna kulturminneinstans har Riksantikvaren i nært samarbeid med Kystdirektoratet utvikla ein nasjonal verneplan for å tryggje eit representativt utval av fyrstasjonar for ettertida. Planen kom i 1997, instruktiv og estetisk tiltalande, ført i pennen av Danckert Monrad-Krohn. Verneplanen slår fast at den norske fyrrekkja utgjer ein vesentleg del av kystkulturen og dermed i vår nasjonale kulturhistorie. Representativitet er eit nøkkelbegrep i vurderinga i forhold til alder, autensitet, fyrtype, fyrteknologi, materialbruk, arkitektur og byggeskikk m.v. På bakgrunn av dette varslar verneplanen om freding av om lag halvparten av fyrstasjonane i Noreg. Svært mange fyr på Volda-lista ovanfor er med i denne verneplanen. Ole Gammelsen og alle dei andre var altså med på å byggje bygningar som i dag framstår som ein umissande del av vår nasjonale kulturhistorie.
Kystkulturens viktige merke
Historia om ringane, tørnefesta og alle sjømerka er visstnok ei mindre spektakulær side av saka, men fullvisst like viktige innslag i kystkulturen. Også det viktige kapitlet som handlar om ringar, tørnefeste og merkearbeid starta i åra rundt 1840, då det vart løyvt fleire tusen spesiedalar til fortøyningar og merke i "Nordlandene". Dette innleier òg den særmerkte arbeidsvandringa frå Volda-bygdene med siglande arbeidslag av havrallarar på kryss og tvers langs heile skipsleia frå svenskegrensa til Varangerfjorden. Ringarbeidet høyrde heile tida inn under fyrvesenet, inntil det i 1922 vart overført til statens hamnevesen. Slik sett utgjorde ringvesenet på mange vis eit forstadium til hamnearbeidet, og har alt i alt spela ei viktig rolle i historia til den norske kystfarten. Fram til 1875 var det sett ut om lag 4500 offentlege fortøyningsringar og varpestolpar i offentleg regi, klart avmerkte med eigne symbol på dei offisielle sjøkarta. I sine minne nemner Ole Gammelsen at han sjølv hadde vore med å setje ned 1700 "fæstigheder". Held vi dette saman med oppgåver og opplysningar seinare, er det nok rett å seie at ulike mannskap frå Volda-bygdene har hatt eit hovudansvar for utsetjing av ringar og tørnefeste langs norskekysten. Frå 1868 finst det første oversynet over merkinga langs kysten. Dette syner at det i åra 1845-69 vart sett opp om lag 221 nye merke, av desse var 88 flytande, 84 stakar og 4 bøyer. Innanfor dette talet fell 6 større steinvardar, mellom anna på Svinøy, Hekkingen og Kjøtvikfjellet. Den 32 fot høge steinvarden på Hekkingen er det høgaste steinmerket som er bygt i Noreg, og kan i vår samanheng godt stå som eit monument over denne pionerperioden. Merkearbeidet skaut fart i 1870-åra, og veksten var jamn og stabil i åra utetter. Ved utgangen av tidbolken vår fanst det 8000 - 10 000 merke langs norskekysten - ein firedel av desse var flytande, resten faste. Som vi har sett, er det inga overdriving å seie at voldingane og sunnmøringane ikkje minst i dette stykket delte kysten og skipsleia mellom seg, og utførte hovudtyngda av dette arbeidet. Etter at hamnevesenet vart etablert i syttiåra, er det likt til at voldingane i nokon mon miste leiinga og hegemoniet innanfor merkestellet, og at både leiarskap og arbeidsmannskap i større grad gjekk over til hareidsdølingane og spesielt ørstingane. I 1895 var Jakob Tilset einaste volding som var att som merkeformann. Ørstingar og ikkje voldingar, ja, det er slikt noko som kan hende. I alle fall laga det seg endeleg ein gong til med eit møte mellom nasjonsbyggarane. Det hadde seg slik at Anders Hovden ein gong trefte eit bøle ørstingar i Oslofjorden, medan han sjølv var ute på lystfart. Han fortel at Store-Syver stod bortpå eit skjer med ein diger minebor, medan hår og skjegg lyste eldraudt i sola. Det vart avtala at Hovden skulle følgje dei opp til Ivar Aasen. Då dei kom fram, smette Hovden seg sjølv først inn om døra: - Her er nokre ørstingar som vil helse på deg, sa han berre. Aasen stod midt på golvet med barbersaker på ein stol framfor seg, nettopp innsåpa og ferdig til å rake seg. Inn døra steig karane, ein etter ein, han Store-Siver først. Seint og smått drog dei seg gjennom døra. Til slutt stod Aasen som omringa i ein stor manngard. Då drog Aasen på smilebandet. Isen var løyst, han turka såpa av seg og kom i livleg samtale med karane. Dei sa kva dei heitte, og nokre av dei kjende han att på folket deira. - Det var liksom ein svip av heimbygda som var komen inn på romet hans, fortel Hovden.
Patriotar og mellommenn
Kva var grunnen til at denne eigenarta arbeidstradisjonen voks fram nettopp i Volda, og korleis kan det ha seg at tradisjonen vart halden i hevd og halden oppe frå generasjon til generasjon i halvtanna hundre år? Ikkje noko skjer heilt tilfeldig. Vi skal merke oss utgangspunktet. Kaptein Fastings observasjon på Runde i 1807 peikar kanskje på noko heilt sentralt. Han klaga over at det ikkje fanst nokon steinarbeidartradisjon på Sunnmøre. Det var just dette tomrommet voldingane med tid og stunder kom til å fylle. Det voks fram ein ekspertise av steinarbeidarar og minerarar; kanskje er det det vi i dag kallar "know-how". Det gjekk slik til: Tidleg i 1820-åra tente Hans Engeset i Jakobsgarden på Bjørkedalen. Han vart alt då respektfullt omtala som "Bjerg-Mineren". Då Jakob Pedersen Bjørkedal hjelpte han til arbeid på Runde, vart på sett og vis hjulet sett i gang. Utan å vite det innleidde dermed Jakob P. Bjørkedal ein tradisjon som mellommann og arbeidsformidlar. Denne rolla vart seinare overteken og utbygt av aarflotane på Ekset, først Rasmus S. Aarflot og seinare sønene Maurits og Rasmus Aarflot, då særleg "han Morits". Aarflot passa på som ein smed. Då Bernt Krøvel døydde inn i harde jula 1880, var ikkje Aarflot sein med å få ein samtale med hamnedirektør Roll. Aarflot varskudde straks attende til Volda: "Til at tinge Arbeidere istedenfor B. Krøvel blev antaget Sjur Halkjelsvigs Dattersøn Knud Larsen Sætre, til hvem altsaa andre som ønske Plads har at henvende sig." Han la til at han etter oppmoding hadde sett opp John R. Fagerhol som arbeidar til Vardø, og han rekna med at ein eller annan handelsmann snarast ville hjelpe han av garde med eit forskot. Han viste til at K. Birkedal hadde hjelpt mange av stad på denne måten. Eit anna døme er at Aarflot og Johan Sverdrup var samtidige, og at Aarflot med åra vart ein av Johan Sverdrups fremste fortrulege. I ein budsjettdebatt i 1888 uttala statsminister Sverdrup at det var viktig både å halde og vedlikehalde ein god arbeidsstokk i fyrvesenet. Akkurat det hadde statsministeren nok ikkje soge or eige bryst. Ein mellommann var altså bindelekken mellom Fyrdirektoratet og lokale entreprenørar. På den eine sida var systemet både toppstyrt og faderleg. Vi har til dømes sett at O. Arntzen, den første fyrdirektøren, hadde brevkontakt med lensmannen i Volda og presten i Vågå, over hovudet på dei potensielle entreprenørane. Samtidig var det eit særs ope og oversiktleg system, der hovudaktørane på alle nivå med åra kom til å kjenne kvarandre personleg. Spissane i Volda formidla førespurnader om arbeid til direktoratet i Kristiania, og omvendt. Dei gjekk inn og kausjonerte for både forskot og akkordar, ikkje sjeldan for svære summar. Ofte gjorde dei dette ved hjelp av sparebanken, som dei same karane kontrollerte i det aller meste. Kasserar Rasmus Aarflot skreiv i april 1875 om "opsagte Penge og adskillige Smaalaan, hvoraf det især har været fuldt op af i den sidste Tid til mange af de 180 Mand som herfra reiser ud paa offentlige Arbeider i Fyr- og Havnevæsenet". Det er eit viktig poeng at sparebanken gjekk inn og forskotterte i stor stil. Rasmus Barstad skreiv 9. april 1879 til Maurits Aarflot i Kristiania at han måtte skunde seg og skaffe meir pengar til banken: "De 4400 Du sendte kom vel med til alle Fyr og Havnearbeidere; det gaar ikke saa lidet for denne til Indkjøb af Smør og andet." Bygde- og bondeeliten i Volda oppfatta rolla som mellommann som ei rein og usjølvisk samfunnsplikt, noko som rann ut av den faderlege og patriotiske tradisjonen. Dei var fullt medvitne om at dei var med på å byggje ut det vi med eit moderne ord kan kalle ein nisje i arbeidsmarknaden. Vi har sett mange døme på at når denne først var etablert, var det ikkje prutningsmon. Posisjonen og situasjonen måtte for ein kvar pris haldast og utbyggjast. Det ville ha vore uhøyrt og nærmast katastrofalt om arbeidet vart "revet af vores Hænder", som Ole G. Mork utbraut under Kristiania-ferda i 1851. Den faderlege mellomposisjonen vart halden ved like av Anders Vassbotn då han vart vald til stortingsmann hausten 1912.
Arbeidsetikk i ein bondeøkonomi
Eit viktig særmerke med fyr- og merkearbeidet var at det reint sesongmessig høvde perfekt til vårtorskefisket. Det eine tok slutt praktisk tala då det andre begynte. Ei anna sak er at den ekspertisen som fiskarane hadde opparbeidd over fleire generasjonar, i seg sjølv var ein viktig føresetnad for den type ringverknader eg her omtalar. I prinsippet var ikkje førebuinga og utrustinga til dei store utferdene i statens teneste særleg ulik utroren i vinterfisket. Det trongst berre så mykje meir av både mat, klede og reiskapar, for ikkje å nemne styrke og pågangsmot. Det er eit heilt slåande trekk at fleire av dei fremste fyr- og merkearbeidarane samtidig var høvedsmenn i vårtorskefisket. Dette galdt til dømes Ole Gammelsen, Paul Lied og Feden-karane. Ole Gammelsen Mork var kanskje det vi kan kalle sjølve idealsunnmøringen, om vi då ser bort frå at det sjølvsagt er ein stereotypi. Den sunnmørske tenkemåten og arbeidsmoralen kravde rasjonalitet, orden, fråhald, askese og forsaking. Arbeid var frelse, nyting synd. Slitet hadde ei høgare meining, om ikkje anna enn for å utrydde kjødets lyst. Det kunne forresten godt trengjast i isolerte og barske mannssamfunn. For Ole Gammelsen og kameratane hans kan det verke som om Vårherre sjølv var den eigentlege arbeidsgjevaren. Mork prøvde på ingen måte å løyne dette forholdet. På sine eldre dagar, då han skreiv sjølvbiografien ("Omrids"), takka han nettopp Vårherre, i djupt og inderleg alvor: "Mit bedste Raad var, naar jeg paa de Holmer og Skjær, alene med Herren og paa mine Knær fik lægge hele min Vaade paa Guds Faderhjærte, der baade forstod Nøden og vidste at afhjælpe den, ja ogsaa for mig elendige og fortabte Synder." I utgangspunktet var det på ingen måte opplagt at voldingane og sunnmøringane skulle oppnå ein slik eineståande og suveren posisjon innanfor fyr- og merkevesenet. Tankegangen frå sentralt hald gjekk i startfasen snarare ut på å spele ulike arbeidsgjengar og arbeidartradisjonar opp mot einannan, ikkje minst for å halde prisar og løner nede. Men pipa fekk snart ein annan låt. Det finst fleire døme på at arbeidarar frå andre kantar av landet stakk av når silda kom eller andre inntektsbringande jobbar dukka opp. Klok av skade utbraut fyrdirektør Arntzen i 1843 "at vore Søbønder høist nødig paatager sig Arbeider som gaar udenfor Baaden". Her var voldingane eit unntak frå regelen. Arbeidsformenn og arbeidslag frå Volda-regionen var med åra mest som ein umissande del av den staben Fyrdirektoratet kunne forlite seg på. Voldingane gjorde seg beint fram uunnverlege. Utbrotet frå den samvitsfulle Le Maire på Andenes i 1857 er eit talande prov på dette, då han bad fyrdirektøren sende han åtte pålitande sunnmøringar og det brennsnart. Fyrdirektør Diriks fyller sjølv ut dette inntrykket i eit brev til ingeniør C. F. Rode i 1872: "Angaaende Anbringelsen af Mærkerne … er jeg enig med Dem i at man hensigsmæssig benytter de til saadant Arbeide vante Søndmøringer." Alt frå starten var strategien til voldingane klar nok. I striden om løner og arbeidsvilkår jenka dei seg i det lengste. Dei passa på å ha dei lågaste anbodssummane, endå mange av arbeidarane murra openlyst. Og det dei tapte i nominelle skillingar, tok dei ofte att på akkorden. Det overordna målet var å ha ei stabil og sikker inntekt. Sjølve lønsnivået var visstnok jamt mindre enn til dømes det dei austanfor var vande med. Og sant og visst stod ikkje resultatet i klingande mynt alltid i samhøve med innsatsen. Men det fekk berre våge seg. Noko var alltid betre enn inkje. Om løna ikkje var spesielt høg, la dei seg alltid opp gode skillingar, den eine sommaren etter den andre. Resultatet vart i alle fall sysselsetjing over heile linja, medan det i andre delar av landet samtidig kunne vere til dels stor og vedvarande arbeidsløyse, med utflytting og utvandring i stor stil. Dette var ein type arbeidsvandring og sesongarbeid som saman med vinterfisket føresette at konene heime tok seg av hus, fjøs og ungar i minst to tredelar av året. Ein hende gong får vi eit glimt av kor innlysande og sjølvsagd denne tankegangen var. Sommaren 1852 var merkelaga frå Volda sør til Rott utanfor Stavanger. Der vart Rasmus Feden send inn til byen for å handle ull og vadmål, slik at kvinnfolka heime kunne gjere i stand skikkelege underklede til neste sesong. Dette peiker mot ei anna viktig linje i historia. I Volda høyrde Rasmus Feden til den såkalla Sjurflokken, den kristne-haugianske veneflokken rundt Sjur Velsvik. Dagbøkene til Rasmus Feden og Ole H. Vassbakke har ein varm og haugiansk undertone. Historikaren Yngvar Nielsen, som kanskje er betre kjend som forfattar av reisehandbøker, har i ei reiseskildring frå 1882, altså tretti år etter den store utferda til Lista, ein treffande merknad om den sunnmørske mentaliteten. Observasjonen var fullvisst ikkje teken or lause lufta; Yngvar Nielsen var nemleg son av Carsten Tank Nielsen, leiar for fyrarbeidet på Lista. Dette er difor ei heilt påliteleg overlevering frå far til son: "Paa Søndmøre har Hans Nilsen Hauges Lære i sin Tid fundet mange Tilhængere, og disse Haugianere have været dygtige og søgte Arbeidere, selv langveis fra. Da saaledes de to Fyre paa Lister bleve opførte i 1852, var Flertallet af Arbeiderne fra Søndmøre, og disse vare alle - eller ialfald næsten alle - Haugianere. De kom seilende fra Søndmøre til Lister paa sine store Baade og holdt sig der sammen baade til sin Gudsdyrkelse og i sin daglige Gjerning." Det er vanskeleg å gje eit fullgodt svar på kva økonomisk omfang og økonomisk utbyte som kan godskrivast sysselsetjinga i statens teneste. Dei samtidige vurderingane varierer sterkt, og er dessutan svært allmenne. Attesten frå Volda formannskap til Ole Gammelsen i 1856 understrekar at det er tale om "adskillige Capitaler i Circulation". Soga om Volda og Ørsta Sparebank nemner i eit eige avsnitt om arbeidslivet at det økonomiske omfanget av fyr- og merkearbeidet var viktig, men også der utan talfesting. Kaptein, veginspektør og forfattar N. J. Gregersen var allment sett velviljug i omtalen av voldingane og sunnmøringane. Han òg understrekar samhaldet, nøysemda og pliktkjensla. "Han gjør, hvad han sættes til, og gjæmmer omhyggelig fortjenesten i sin gamle tegnebog; derfor er han meget søgt ved de offentlige havne- og fyrarbeider langs kysten. Mangen velkommen skilling bragtes derved ind i søndmørske bygder."11 Presten August Wenaas dryp derimot malurt i begeret, då han på typisk embetsmannsmanér meinte at fyrarbeidet dreg "den kraftigste Befolkning bort fra Hovednæringen, Jordbruget, som nu overlades til Kvinder, Børn og Oldinger."12 Så seint som rundt hundreårsskiftet var Volda-lensmannen framleis fast forankra i oppfatninga om at dei omfarande arbeidarane frå Volda-bygdene i det store og heile burde ha halde seg heime. Han tviheldt på førestellinga om at dei forsømde arbeidet med jord og åker, som skulle vere det primære. Nærmast i forbifarten opplyste han om at "omtrent 300 Personer hver Sommer finder Beskjæftigelse ved Havne-, Fyr- og Mærkevæsenet". Samtidig er dette faktisk ein pålitande rapport om talet på sysselsette, som det elles ikkje er så enkelt å få oversikt over. Ein annan og vel så interessant kritikk finn vi i bladet Møre hausten 1917. Det er ein beisk og stort oppslått artikkel om sunnmøringane som statens audmjuke tenarar. Det jamne, smålåtne og kravlause blir her meir tolka som underordning og underkasting: "Kven vilde eller kunde løysa desse arbeidarar av? Kven vilde slite so tungt og mødefullt arbeid for so liti løn? Staten vil visseleg leita faafengt etter dei andre stader."13 Artikkelforfattaren gjekk lenger enn som så. Han hevda at sunnmøringane ikkje berre vart dårleg betalt, men at dei vart sett ned på som lågstatusarbeidarar. Kven andre kunne utføre eit slikt ansvarsfullt og vågsamt arbeid for så ring ei betaling? "Søndmøringer selvfølgelig, de er jo Norges kinesere." Han legg til at det var eit utsøkt kompliment, og sidan "hev dette klengjenamn vore brukt mellom dei fine." Fyringeniør og fyrhistorikar C. F. Rode skal få sluttordet om dette; han veit å vege sine ord og balanserer fint mellom ytterpunkta. I eit fyrhistorisk oversyn frå 1929 har han ein passus om kven fyrarbeidarane er. Han slår fast at dei kjem frå Sunnmøre, nærmare bestemt frå Hareid, Volda, Ørsta og nærliggjande bygder. "De har gjennemgaaende været flinke, jevnt flittige og meget nøkterne folk, vel diciplinerte og, ihvertfald hidtil, fordringsløse og lette at omgaaes og behandle. Da de desuten staar utenfor fagorganisationene, har fyrvæsenet sluppet forholdsvis let fra de mange vanskelige arbeiderspørsmaal."
Den viktigaste inntektsfaktoren
Eg vil no presentere eit enkelt reknestykke. Det gjekk 120 skilling på dalaren og 24 skilling på ein ort. Rundt 1840 låg dagløna jamnast rundt 1 ort 16 skilling (= 40 skilling) "hvilke man ansaa for en storartet dagløn". Då voldingane arbeidde på Runde-fyret i 1856, noterte den påpasselege Ole Reite i sin kronologi: "Voldens Drænge var flittige Arbeidere paa Fyrene, og fik op til 2 Ort i Dagløn og kom derved i Besiddelse af mange Penge, som de indsatte i Voldens Sparebank, og derved fordelte sig meget godt." Det er likt til at Reite meinte 2 ort var ei god dagløn. Han må ha vore endå meir nøgd då han to år etter noterte at sunnmøringane fekk heile 3 ort i dagløn ved fyranlegget på Andenes. Til samanlikning nemner eg at då bygginga av den nye Voldskyrkja starta sommaren 1857, fekk arbeidsformannen Lars Jonsson Egset ei dagløn på 2 ort og 6 skilling, altså 54 skilling.16 Konjunkturane i 1850-åra var rett nok gode, men for ikkje å ta for hardt i kan vi ta nettopp 2 ort i dagløn som utgangspunkt. La meg samtidig seie at ein arbeidssesong omfatta fem effektive månader. 2 ort gjev 48 skilling. Og 48 skilling i 150 dagar gjev 7200 skilling, som igjen er 60 blanke dalar. Dette kan vi då hevde grovt rekna var ei brutto sesonginntekt for ein fyrarbeidar rundt midten av femtiåra. No kan vi slå fast at talet på sysselsette voldingar i statens teneste talde 60 i 1852, 180 i 1875 og 300 rundt hundreårsskiftet. Gongar vi 60 dalar med ein mannskapsstyrke på 100, kan vi hevde at om lag 6000 dalar årleg og på ulike måtar vart tilført Volda-samfunnet fram til om lag 1870. Dette var mellom halvparten og ein tredel av bruttoinntekta for ein middels torskesesong på same tid. Utover på syttitalet steig løna og fortenesta forholdsvis mykje. Akkord fall meir og meir bort, og løna vart utbetalt pr. månad. I sjølve året 1875 fekk A. Rønnestad 25 spd i månadsløn. Året etter vart som nemnt den nye mynteininga med kroner og øre innført. Ole M. Mork fortel at løna til formannen no var 120 kroner i månaden, som tilsvarte 30 dalar. Dette var rett nok formannsløn. Vanleg mannskapsløn låg nok ein god del lågare, rundt 20 spd. Ein bygnings- eller dagarbeidar i Volda måtte i 1870-åra arbeide ei veke for å oppnå det same som ein volding i statens teneste klarte på ein dag.17 Rasmus J. Mork fortel at han arbeidde hjå Maurits Aarflot i prenteverket på Ekset i tidsrommet 1849-64. Det siste året fekk han 26 dalar i årsløn, og det skal Maurits ha sagt var den høgaste årsløna han nokon gong hadde utbetalt. Rett nok reknar eg med at Rasmus hadde gratis kost og losji ute på Ekset, slik at årsløna vart rein netto. I 1875 var altså 180 personar sysselsette innanfor dei statlege etatane. Hamnevesenet hadde no kome til som ein konkurrerande og dynamisk faktor. I 1875 fekk Marta Brungot som kokke 40 skilling for dagen. Det var like så mykje som karane hadde fått ein generasjon tidlegare. Samtidig fekk kokka berre halvparten av det mennene no fekk, og knapt nok det. Fleire personar innanfor hamnevesenet var dessutan fastefolk. Det betydde at dei hadde fast årsløn, eller vinterløn som Knut Bjørnenakk uttrykte det. Midt på syttitalet hadde fastefolka i Kabelvåg heile 36 spd. i månaden. Bjørnenakk, Vasbotn og Lars Feden hadde altså meir for månaden enn Rasmus J. Mork ute på Ekset hadde på eit heilt år. Samanlikninga er rett nok litt skeiv, sidan det i det første tilfellet er tale om bruttoløn og i det andre om rein netto. Dessutan var lønsnivået allment sett høgare innanfor hamneetaten, noko formann B. Krøvel elles tykte var høgst rimeleg. La meg likevel for dømet og samanlikninga si skuld framleis ta fem månader som effektiv arbeids- og utbetalingstid. I 1875 gjev det på prikken 100 spd. i årsløn pr. arbeidar. Det vil med andre ord seie at dette året vart Volda-samfunnet tilført 18 000 - 20 000 spd. brutto på dette viset, eller omrekna om lag 80 000 kroner. Dette er lågt rekna; truleg ligg totaltalet nærmare 100 000. Uansett slår arbeidsinntekta ved dei offentlege etatane inntekta ved torskefisket med god margin. Ved hundreårsskiftet var det heile 300 sysselsette voldingar innanfor dei tre etatane. Eit overslag syner då at om lag 250 000 kroner vart tilført Volda-samfunnet gjennom dei tre offentlege etatane. Sysselsetjinga i statens teneste heldt då klart posisjonen som den viktigaste av dei fire inntektsfaktorane i Volda. Ingen volding kunne hamle opp med fyrdirektøren, som rundt 1870 hadde 1200 spd. i årsløn. Berre hans personlege tillegg på 400 spd. utgjorde fire vanlege fyrarbeidarløner. Fyrforvaltaren på eit kystfyr som Runde hadde 580 spd. i årsløn, medan ein fyrvaktar som Ole Gammelsen Mork hadde 320 spd. Mork låg reint lønsmessig altså praktisk tala på linje med distrikslege Holler i Volda. Ein underforvaltar hadde 240 spd., medan fyrassistentane jamt over hadde 200 spd. årleg. Det var dobbelt så mykje som ein vanleg fyrarbeidar. Men då må vi rekne med at den siste løna eigentleg var ei halvårsløn og snautt nok det, slik eg har rekna her. Fastefolka i Kabelvåg låg faktisk lønsmessig på linje med fyrvaktaren på Hogsteinen. Men det var rett nok eit meir tilfeldig utslag, skapt av gode konjunkturar og skarp konkurrane om både arbeidarar og formenn. Mot slutten av dei rause syttiåra gjekk lønsnivået til dels dramatisk nedover for havrallarane, medan fastefolka på land sat tryggare med si faste løn. Nasjonsbyggjar og statsstipendiat Ivar Aasen hadde 300 spd. i årsløn i 1851. Det vart ein del offentleg diskusjon om Aasens stipend. Paul Botten Hansen tykte det var ei nasjonal skam at Aasen berre fekk 300 spd. i året.19 Men det retta seg. I 1868 var årsløna komen opp i 600 spd; dette var ei røynleg dobling av årsløna. I 1884 fekk Ivar Aasen 3500 kroner, som tilsvarte 875 spd. Då Aasen døydde i 1896, etterlet han seg godt over 30 000 kroner, som vart fordelt på 9 arvingar - 3400 kroner til kvar. I Volda på om lag same tid utgjorde dette om lag fire årsløner for ein fotograf og sju årsløner for ein støyperiarbeidar.
Kva brukte dei pengane til?
Løn er ein ting, lønsemd til dels noko heilt anna. Etter denne gjennomgangen kan det ikkje vere tvil om at engasjementa i dei tre statlege etatane har hatt overlag mykje å seie for økonomien i Volda-bygdene opp gjennom åra, ja, for samfunns- og næringslivet i heile regionen. Ein gjennomgang av innskotsprotokollar og brevmateriale for Volda og Ørsta Sparebank understrekar det travle og nærmast kaotiske bildet, med stadige innskot og uttak.20 Tidleg i august 1879 skriv såleis Knud Petter Nupen "af Ørsten" frå Mandal til bankstyraren Rasmus Barstad og seier at han for tida har ein del kontantar til overs "saa vedleger jeg herved 200 kroner som jeg vil bede Dem at De vil være saa snild at indskyde i Sparebanken for mig". Lars Peter Giske skriv frå merkeskøyta "Havhesten" litt seinare i same månaden at han har 200 kroner som han gjerne vil setje inn. "Da jeg er ny Indskyder faar jeg antagelig ny Kontrabog som De bedes om at opbevare til jeg til Høsten kommer til Volden." Anders Nilsen var formann ved hamnearbeidet i Kabelvåg i 1885. Inn under jul sende han heile 600 kroner til kasseraren i Volda og Ørsta Sparebank. Andreas K. Folkestad sende samtidig ei fullmakt til den same kasseraren: "Undertegnede giver herved min Moder Dorte O. Folkestad Fuldmagt at udtage af mine Penger i Voldens Sparebank saa meget som hun selv opgiver".21 Fullvisst er det at fyr- og merkearbeidarane i Volda-bygdene i alle fall ikkje sat på pengane sine. Tidbolken var prega av rett store investeringar - og reinvesteringar. Noko gjeld den viktige overgangen frå leiglendingsvesen til sjølveige. Dagbokskrivaren Ole Hansen Vassbakke kjøpte til dømes Hansgarden i 1849 for 200 spd., mens Knut Antonsen Bjørnenak kjøpte sin gard for 383 spd. I 1853 kjøpte Steinar Steinsvik den vanstelte Knutsgarden for 345 spd. To år etter kjøpte Steffen Feden Steffagarden for 350 spd. Saman med Lars Barstad kjøpte Otte Olsen Klepp dei to gamle bruka på Engeset, som tilhøyrde prestebolet.
Havets herredøme
Men alt dreiar seg ikkje berre om pengar og forteneste. Klingande mynt var viktig og avgjerande, men forklarer ikkje alt. Voldingane og sunnmøringane hadde sin eigen reknemåte. Den opne vegen mot havet gav luft under vengene og dertil blanke dalarar. Den eine embetsmannen etter den andre laut melde pass overfor noko dei aldri forstod, nemleg "den dragende Indflydelse, den instinktmæssige Kjærlighed til Havet". N. J. Gregersen skjøna innhaldet i dette betre. I røynda var han litt av ein drøymar og eventyrar, han òg. I alle fall meinte han å sjå noko reint fatalistisk i mentaliteten til sunnmøringane, og på sjøen var han ikkje til å spøke med: "Paa havet er han en løve. Der har han udført mangen stordaad, som han selv sletikke, eiheller nogen anden beretter om." Henrik Ibsen undra seg over kvifor menneska hadde kome til å tilhøyre den turre jorda; kvifor ikkje lufta, kvifor ikkje havet. Han skreiv til Georg Brandes at "havet er det, som drager mig mest". Ibsen grubla mykje over havets hypnotiske makt, og skreiv at kystfolket var åndeleg under havets herredømme. Han hadde inga tru på at andre folk kunne skjøne dette. Ibsen utbroderte temaet i stykket "Fruen fra Havet" (1888), der hovudpersonen Ellida Wangel og hennar dragning mot havet er eit hovudmotiv. Ellida er dotter til ein fyrvaktar og lengtar alltid tilbake til fyret i Skjoldviken. I skodespelet er fyret som eit augo som stirer ut over havet, men også eit loddrett merke på grensa mellom himmel og hav. Fyret både ser og blir sett samtidig, og frå tårnet er det eit vidt utsyn over sjø og hav. Den uendelege flata endrar seg med lyset og med vinden. Og under havflata finst det dragande djupe. Kvinnene i Volda kunne ikkje på noko vis opne for ei slik mogleg dragingsmakt, om dei då ikkje tok seg plass som kokker. Det var kvinnene som rusta ut karane til utferd, og det var kvinnene som heldt gardane og jordlappane i hevd medan dei var borte. Slik sett kan vi seie at det var ei todeling og ei arbeidsdeling mellom sjøbruk og jordbruk. I vårt perspektiv var altså mennene sjørallarar og husfedrar, medan kvinnene var bufaste jordbrukarar og husmødrer.
Knoppskyting og ringverknader
Arbeidet i dei statlege etatane kunne vere grunnlag for avansement og ei oppstigande sosial rørsle i samfunnet. For å bli med i denne rørsla var granneskap og slektskap viktig og til dels avgjerande. I arbeidet med denne boka har eg funne renningar både i lengda og breidda, på kryss og tvers. Ein viktig satsplanke var aller først det å vere fyrdreng eller fyrassistent, dei som fekk arbeid hjå ein fyrvaktar og starta læreåra og karrieren på det viset. Ole Gammelsen Mork hadde opp gjennom åra mange fyrdrengar hjå seg. Drengane laut drive sjøen attåt vaktene i fyret om nettene. Slektskaps- og granneskapseffekten slo sjølvsagt ut også her. Ole Høidal frå Sivergarden i Høydalen drog ut til morbroren sin på Hogsteinen allereie som gutunge. Han fekk grunnopplæring hjå Ole Gammelsen. I vaksen alder vart han både arbeidsformann og seinare òg fyrvaktar. P. L. Mork var fødd på Myreplassen på Mork. Mor hans var syster til Sjur Velsvik. Godt 17 år gamal tok han til som fyrdreng hjå Ole Gammelsen. Etter 13 år på Hogsteinen var han fyrassistent ved Runde fyr i over 18 år, før han sjølv vart fyrvaktar på Stavenes fyr ved innseglinga til Kristiansund. Då han fekk Stavenes, oppnådde han noko Ole Gammelsen ikkje klarte i si tid! Elias S. Bjørneset drog i 17-årsalderen til Anders Aasebø i Ørsvåg som fyrdreng. Om sommaren var han på hamnearbeid i Kabelvåg. Då han kom heim att, tok han til med båtbygging slik far hans hadde gjort. Mange og gilde båtar var det som gjekk av stabelen inne på Gotestøa. Då fyrvesenet skaffa seg motor i arbeidsbåtane, var Elias Bjørneset den sjølvskrivne til å byggje dei fleste av desse båtane. Han var òg med Anders Folkestadås på å byggje Kråkenes fyr i Vågsøy, og dessutan Sklinna fyr i Nord-Trøndelag. Men her fekk han eit slit, eller "traval" som dei sa, og laut halde seg i ro nokre år. Peter Rønnestad heitte opphavleg Strømme, og voks opp på Årøyane, ein plass som høyrde til Straume-gardane i Volda. Som 11 åring vart Peter fosterson i heimen hans Ola Reite på Folkestad-Reite. Derifrå tok han spranget over i fyrteneste, først hjå Abel Klep på Erkna og sidan hjå Ole Mork på Hogsteinen. Sjøen og utferdstrongen fekk overtaket, og saman med Ottar Brænde drog han av stad heilt opp til hamneanlegget i Vardø. Peter Rønnestad arbeidde ved dette hamneprosjektet i seksten av dei godt tjue åra dette arbeidet gjekk for seg. 26 år gamal vart han gift med Ane Brenne, som vart kokke i Vardø. Det å bli kokke var òg ei opning inn mot arbeidsliv og pengeforteneste. I Vardø fekk dei første barnet sitt. I 1887 kjøpte dei garden indre Rønstad. Sidan vart Peter maskinist om bord i mudreapparatet "Eskavator", som i fleire år gjorde teneste m.a. i Hammerfest og Honningsvåg. Seinare vart han engasjert av murmeister Daniel Holte til eit stort murarbeid i Ålesunds hamn. Det siste arbeid i hamnevesenet var på Bremsteinen under Johannes Feden. Ei anna framrykking var vegen frå arbeidsformann til fyrvaktar. Ombodet som fyrvaktar og jamvel fyrforvaltar vart då endepunktet i karrieren. Staten lønte sine fastefolk rimeleg godt, og ei fyrmeisterstilling kunne i somme tilfelle vere ei påskjøning for eit hardbale havrallarliv. Slik fortona det seg i alle fall for pioneren framom alle hine, Ole Gammelsen Mork på Hogsteinen. Andre som gjekk denne vegen var Abel Klep, Erkna, Anders J. Aasebø, Ørsvåg og Ole A. Rønnestad, Ulla. Då dei tre var fyrvaktarar ved utprega fiskefyr som var sløkte om somrane, kunne dei vere arbeidsformenn i den lyse årstida. Eg forestiller meg at nettopp dette kunne vere ei fin avveksling frå fyrtilværet, som ofte måtte fortone seg som trykkjande einsformig og monotont. Ole Høidal fekk røyne nettopp dette. Han avanserte frå arbeidsformann til fyrvaktar ved Ulvesund fyr i Ytre-Nordfjord, der han var i 6 år. Det rolege livet og all nattevakinga sleit på helsa, og han laut slutte. Rundt 1920 flytte han til Volda og bygde seg hus ute på Hauane. P. L. Mork laut òg slutte då nervane slo feil etter 42 år vaktteneste ved norske fyr. Han flytte då attende til Volda og kjøpte hus i sentrum. Knut A. Hagen Folkestad var med og bygde Svinøy fyr i åra rett etter hundreårsskiftet, og han var fyrforvaltar i heile perioden 1919-37. I nett same perioden var Knut Petter Holte fyrvaktar ved Åsvær fyr. Sivert J. Aasebø hadde ein lang fyrvaktarkarriere, frå Gjesnakken i åra rundt hundreårsskiftet til Sletringen frå 1903 og endeleg Grasøyane i åra 1910-19. Petter Krumsvik førte fleire ingeniørskøyter før han i trettiåra vart fyrvaktar ved Haugjegla fyr utanfor Smøla etter Andreas P. Steinnes. Eit tredje viktig avansement knyter seg til nemninga skøyteførar. Ein skøyteførar førte ei ingeniørskute, dei kalla. Det var fleire slike skuter, og dei vart med åra ein viktig bindelekk mellom Fyrdirektoratet i Oslo og dei ulike depot og opplagsplassar rundt om på kysten. Eit viktig føremål var dessutan kontroll og inspeksjon, som vart utført med ein ingeniør frå Fyrdirektoratet om bord. Jon E. Rønnestad frå ytste Rønstad førte ingeniørskøyte i 24 år, alt frå 1905. Han førte først "Tordenskjold", seinare "Utvær", som opphavleg hadde vore seglskøyte, men som vart ombygt og fekk innsett motor. Han var eldste bror til kjøpmann Elias Rønnestad i Volda. Sonen Johan Rønnestad var òg skøyteførar i mange år. Han var gift med Nutta Aasebø, dotter til Sivert J. Aasebø. Rasmus Rønnestad, Sivert Flote og P. Ulvestad var òg skøyteførarar. Rønnestadberget var fast opplagsplass for fyrvesenet i heile perioden 1924-64. I ei årrekkkje hadde "Utvær" fast vinteropphaldsplass inne i Løvika. Rundt dei store høgtidene kunne ein sjå ei eller eit par av dei vakre og velhaldne skutene trygt forankra i Volda-hamna. Arbeid i fyr- og merkevesenet opna som vi har sett for overgang til sysselsetjing innanfor hamnevesenet, ein etat som med åra fekk rett store dimensjonar. Ein av pionerane her var Knut A. Bjørnenakk, som berre så vidt var konfirmert då han debuterte som fyrarbeidar på Lista i 1852. Ein annan var Hans Hansen Heltne, seinare Vasbotn, som var den første som melde seg til teneste då det moderne hamnevesenet vart skipa i 1873. Son hans var den kjende forretningsmannen Alrik Vasbotn, som etablerte seg som gullsmed og urmakar på Øyralandet i 1910. Ein annan ressurs låg i å utnytte kunnskap, kjennskap og nettverk til eigen bate i andre og nærskylde samanhengar. I 1891 tok Knut Bjørnenakk og Ola Reite på seg å byggje eit hus åt lærar Jens Lothe innafor Svidhaug på Folkestad. Lothe hadde nyleg slått seg ned for ei tid som lærar på Folkestad. Bjørnenakk visste godt kva han skulle gjere i ein slik situasjon. Han reiste opp til Namsos for å kjøpe byggjetilfang. Den 16. juli 1891 kom materialskuta frå Namsos siglande inn Voldsfjorden med lasten sin, fortel Ola O. Reite. Andreas Dahl og Ottar Brænde og gjekk eit steg vidare, då dei slo seg ned som smedar bort på Land.
Øyralandet
Rekrutteringa og knoppskytinga i samband med arbeidet i dei statlege etatane fekk rett store verknader for tettstadsutviklinga på Øyralandet i Volda. Dette kan målast og uttrykkjast på fleire måtar. Då Anders Folkestadås var formann ved Sklinna fyranlegg i 1910, var det fleire lokale handverkarar og bedrifter på Øyralandet som stod på utstyrslista. Møre Støyperi støypte mellom anna ei kanne etter teikning, Ottar Brænde leverte eit kranspel og Andreas Dahl utførte ulikt smedarbeid. Ein viktig atterverknad ligg i sjølve tettstadvoksteren. Ved hundreårsskiftet var det om lag 50 husfedrar som var eller hadde vore sysselsette innanfor dei tre offentlege etatane. Påfallande mange av desse arbeidde i hamnevesenet, og bustadene deira var spreidde i særmerkte område som Vikeneset, Hauane, Klepp-Engeset, Røysmyrane og Heltnane. Som døme på trekket frå utkantane til sentrum har eg allereie nemnt Feden-karane på Engeset (jf s. 168ff). Her er fleire døme: Folkestadbygdingen Andreas Dahl hadde i yngre år vore ute i hamnearbeid som smed. I 1888 bygsla han tomt på garden Halkjelsvik, og vart ein vidkjend smed, og elles mykje nytta i kommunale ombod. Sambygdingen Ottar Brænde kom frå garden Brenne. Vi møtte han i yngre år som smedgut i hamnearbeid nordanfor. Der var han i mange år, før han sjølv vart smed. Då han kom heim att, kjøpte han seg ein gard på Rønstad. Men hugen til smedyrket vart så sterkt at han overlet garden til syster si og flytte til Øyralandet og sette bu. Her vart han ein kjend smed og handverkar. Lars O. Lillebø var ein av skiparane av Møre Støyperi. Han var dalsfjording, frå Litlebøen i Dalsbygda. Tidleg i nittiåra begynte han å arbeide i hamnestellet, og ut gjennom åra var han med på mange store arbeid, mellom anna Skansekaia i Ålesund. Seinare stod han føre arbeidet på Vikeneskaia og hamna i Volda. Lillebø kjøpte hus på "Snippa" i Volda etter bygningsmann Martinus Høydal, som i 1908 drog til Seattle i USA, der han bygde seg endå eit hus etter ein tru kopi av Lillebø-huset på Snippa. Jon Aasebø var son til Nikoline og Sivert Aasebø. I ungdomen tok han den elementærtekniske skulen i Oslo. Han arbeidde nokre år i fyrstellet og var ei tid òg tilsett ved Fyrdirektoratet i Oslo. Frå 1919 var han knytt til elektrisitetsverket i Volda, først som maskinist på Kolfossen og sidan 1930 som driftsstyrar for Volda komm. elektrisitetsverk. Han bygde seg eit fint hus framme på Nyevegen. Mange slo seg ned og vart bufaste ute på Hauane, blant dei Ole S. Høidal som vi nyss såg. Det galdt òg Myre-karane Paul og Sivert, som vart kjende og kjære profilar på Øyralandet. Dei uskiljelege venene Per J. Sollid og Petter Løndal bygde hus side om side ute i Seljebakken tidleg i 1920-åra. Liknande etableringar knyter seg til namn som Knut H. Kvangarsnes, Ole A. Myklebust, Ole S. Åsebø, Sigvald Rusten og Johannes Berg Rusten. For folk som allereie var busette på Øyralandet, kunne karrierevegen arte seg annleis. Osvald Rygh var son til Petra og Johannes Rygh. Faren var urmakar på Øyralandet. Sjølv vart Osvald vide kjend som kaptein for "Peter Wessel" mellom Larvik og Frederikshavn. Han fortel at han i ungdomen sjølv hadde vore kokk på eit arbeidslag for fyrarbeidarar. Det var Anders Folkestadås som trong kokk til arbeidslaget, og Rygh tok fast for kr 2,20 for dagen på eigen kost. Rygh hugsa korleis karane kom med eigne merkte kjøtstykke som han skulle stelle i stand.25 For somme slo utferdstrongen endå sterkare ut. Ola N. Klepp var frå Nilsgarden, son av Nils O. Klepp, fødd Humberset, og kona Eline, fødd Hjorthaugreite. Faren Nils var halvbror med dei namngjetne brørne Elling og Andreas Humberset, som òg var mykje ute i fyr- og merkearbeid. Ola N. Klepp var 19 år då han drog ut på hamnearbeid. Etter fire år gjekk han over i fyrstellet, der han arbeidde i ni år, dei to siste som formann. Han var med i mange store anlegg langs heile kysten. Hausten 1902 tok utferdshugen han for alvor. Saman med fleire andre voldingar reiste han då til Sør-Afrika. Den første tida var han i Durban, seinare i Johannesburg og gullminetraktene der ikring. Han var òg ein tur til Pretoria. Då han kom heim i 1906, gifte han seg med Karen Hovden, systerdotter til diktarpresten. I 1909 strauk han av garde til Afrika endå ein gong. På denne turen dreiv han mest med elektrisk anleggsarbeid. I 1912 kom han attende til Volda for godt. Etter ei tid var Nilsgarden den mest veldyrka ein kunne sjå. Abel Eidset var frå Eisset i Dalsfjorden. Dei første åra etter at han var vaksen, dreiv han som dei fleste andre fiske om vinteren og fór på fyrarbeid om sommaren. Men eit år såg det ut for at det ikkje skulle bli noko arbeid i statens teneste. Han drog då like godt til Sør-Afrika. Komen dit fekk han melding om at han var tilsett som formann og skulle fare med fem mann til eit arbeid i Nordland. Det kunne det no ikkje bli noko av. I staden dreiv han som bygningsmann i Sør-Afrika og sette opp mange hus for eiga rekning. Desse selde han, og tente visseleg godt. Då han kom heim att andre gongen, gifte han seg og kjøpte Skrivargarden på Rotset. Denne garden dreiv han opp til eit mønsterbruk.