Nasjonalt seminar ved HVO: IKT i lokalhistoria, 12.-14. september 2005
Dette seminaret er arrangert av Norsk lokalhistorisk institutt i samarbeid med Høgskulen i Volda, og handlar om informasjons- og kommunikasjonsteknologi i lokalhistoria.
Målgruppa er først og fremst by- og bygdebokforfattarar, medlemer av historieutval og andre som har behov for oppdatert kunnskap om kva teknologien kan nyttast til. Dersom det vert nødvendig å avgrense talet på deltakarar, vil dei som arbeider aktivt med historie, bli prioriterte. Arrangørar er IKT-utvalet til
Seminaret blir avvikla i lokala på Høgskulen i Volda. Deltakarane blir forlagt på Volda turisthotell så langt romma der rekk, og viss det blir behov, er det òg reservert rom på Vikingfjord hotell i Ørsta (10–15 min avstand). Seminararrangørane ordnar med transport til og frå Ørsta kvar dag.
Fagleg ansvar:
Arnfinn Kjelland, Historisk institutt, Høgskulen i Volda (kontaktperson: ak@hivolda.no, tlf 70 07 51 06)
Lars Nygaard, Riksarkivet
Kåre A. Andersen, Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier, Universitetet i Oslo
Gunnar Thorvaldsen, Registreringssentral for historiske data, Universitetet i Tromsø
Program
Måndag 12. september
08.30 – 11.00: Registrering
Frå 09.00: Tilbod om:
a) innføring i koding av folketeljingsdata for statistikkformål
b) prøveregistrering av kyrkjebøker, og
c) gjennomgang av demoversjonen av dataprogrammet BSS med rettleiing.
Desse øvingane vil gå parallellt i forskjellige datarom.
11.15 – 12.00: Lunsj i høgskulekantina.
12.00: Opning av seminaret.
12.15 – 14.15: Digitalisering av historisk materiale: grunnleggjande prinsipp, digital fotografering/skanning, masseskanning frå mikrofilm, optisk lesing pr 2005 – kva er muleg og ikkje muleg?, prinsipp for transkribering (døme kyrkjebøker: Standard 4G, Kyrre + registering med Augustus), Histform (standardisert bruksformat), status diverse kjeldetranskriberingsprosjekt, tilgang til digitalt materiale ved RHD og Digitalarkivet. Ved Lars Nygaard og Gunnar Thorvaldsen
14.15 – 14.30: Kaffe/svele.
14.30 – 16.30: Analyse av historiske data:
Tabellverket i bygdebøker; døme på behandling av lokale økonomiske data med Excel. Ved Arnfinn Kjelland
Nasjonale og internasjonale tilgjengelege, koda folketeljingsdatasett. Ved Gunnar Thorvaldsen
16.30 – 17.30: Middag i høgskulekantina
17.30 – 19.30: Framhald av tilboda a) – c) frå formiddagen.
Tysdag 13. september
09.00 – 10.00: Lokalhistorie og Internett. Keiserens nye klær – eller nye muligheter for forskning og formidling? Ved Kåre A. Andersen.
10.00 – 10.15: Kaffe
10.15 – 11.30 Digitale kart.
Mapinfo. GIS- og kartsystem for å framstille ulike typer digitale kart på grunnlag av eksisterande data, med vekt på administrative grenser. Ved Gunnar Thorvaldsen.
Kartprogrammet OCAD. Import av Økonomisk kartverk, symbolbruk, stadnamn. Konkret døme: Sula-soga. Ved Arnfinn Kjelland og Ole Martin Sørumgård.
Standard teikneprogram på rasterbasis for å legge inn symbol på eksisterande kart. Ved Gunnar Thorvaldsen.
11.30 – 12.30 Lunsj i høgskulekantina.
12.30 – 14.00: Dataprogrammet Busetnadssoge (BSS). Frå ferdig registrerte kjeldedata til ferdigredigert tekst til «slektshistoria» klar for ombrekking og trykking. Grunnleggjande oppbygging og funksjonalitet. Ved Arnfinn Kjelland og Ole Martin Sørumgård.
14.00 – 14.15: Kaffe
14.14 – 15.30: Digital bildebehandling. Lokal skanning/digital avfotografering. Arbeidsgangen frå bilde i private skuffer til illustrasjon i bygdebok. Informasjonsregistrering og arkiveringsprinsipp. Ved Ragnar A. Albertsen, fylkesfotoarkivar i Møre og Romsdal.
15.30 – 17.30: Ekskursjon til Ivar Aasen-tunet, omvisning.
19.00: Festmiddag med kulturinnslag på Volda turisthotell. Sosuialt samver.
Onsdag 14. september
09.00 – 10.15: Programpresentasjonar:
Frits: program for fotoregistrering utvikla i samarbeid med Tangen og Åskollen historielag. Ved Audun Frøysland, Syztech
BSS-relaterte modular. Program-modular der informasjonen òg kan vere objekt i BSS-prosjekt og der informasjonen kan importerast til BSS-basar og lenkast. Ved Arnfinn Kjelland og Ola Tovmo, Dovre Data Arkiv:
Fotoreg: program for fotoregistrering
LittReg: registreringsprogram for tilfeldig informasjon i lokalhistorisk litteratur av alle kategoriar
FamSkjema: registreringsprogram for husstandsskjema i BS-prosjekt (gards- og slektshistorie)
10.15 – 10.30: Kaffe
10.30 – 11.00: Dataprogrammet BSS – nye historisk-demografiske problemstillingar når ein har mange tusen livshistorier i databaseform. Ved Arnfinn Kjelland
11.00 – 11.30: Framtida er digital? Oppsummeringsforedrag. Ved Kåre A. Andersen.
11.30 – 12.00: Oppsummeringsdebatt med tilbakemeldingar frå deltakarane.
12.00 – 13.00: Lunsj i høgskulekantina, avreise.
Reiseinformasjon
Kommunikasjonane til Ørsta/Volda frå resten av landet er ikkje heilt kurante. Deltakarane har desse alternativa til Volda:
· Møre-Ekspressen, nattbuss Oslo–Stynefjellet–Sunnmøre: Frå Oslo kl 22.15 og Gardermoen kl 23.05, til Volda kl 08.00 (www.nor-way.no, à Rutetider Sør-Norge rute 145)
· Vestlandsbussen dagleg frå Bergen kl 08.00 og 12.15, til Volda kl 15.00 og 20.00.
· Timeekspressen, avgang frå Ålesund/Moa dagleg utanom laurdag/søndag kl 08.25 og så kvar time deretter, til Volda kl 09.50 – kl 10.50 osv. (www.timekspressen.no)
· SAS frå Gardermoen måndag kl 07.10, til Vigra kl 08.00, korresponderer med buss frå Moa kl 09.25, til Volda ca kl 10.50.
· SAS frå Gardermoen måndag kl 09.25, til Vigra kl 10.15, korresponderer med buss frå Moa ca kl 11.25, til Volda kl ca 12.55
· SAS frå Trondheim måndag kl 10.15, til Vigra kl 10.55, korresponderer med Timeekspressen frå Moa ca kl 12.25, til Volda ca kl 13.50.
· SAS frå Trondheim søndag kl 16.30, til Vigra kl 17.10, Timeekspressen frå Moa ca kl 18.20, til Volda ca kl 19.50.
· SAS frå Bergen måndag kl 08.10, til Vigra kl 08.50, korresponderer med Timeekspressen frå Moa ca 11.25, til Volda ca kl 12.55
· Widerøe frå Gardermoen måndag kl 08.55, til Ørsta-Volda lufthamn Hovden kl 10.40
Evt. går det Widerøe frå Gardermoen søndag 11. september kl 12.07, 16.00 og 19.35 med ankomst Ørsta-Volda lufthamn Hovden 11,5 t. seinare.
Frå Gardermoen til Vigra er det sju avgangar søndag 11. september.
Frå Ørsta-Volda Lufthamn Hovden er det 10 min. med drosje til Høgskulen i Volda. Arrangøren kan bestille og koordinere ved ankomst, medan deltakarane sjølve betalar.
Frå Volda onsdag 14. september:
· Møre-Ekspressen, frå Volda kl 12.55, til Oslo Bussterminal kr 23.00/Bergen Busstasjon kl 20.20. Nattbuss frå Volda kl 21.20, til Oslo kl 06.55.
· Timeekspressen frå Volda kvar heile time kl 13.00, 14.00 osv., 1 t 25 min til Moa. Flybuss frå Moa: http://www.nettbuss-aalesund.no/bilruter2/fly_moa_vigra.htm
· Widerøe frå Ørsta-Volda lufthamn Hovden kl 14.40, til Gardermoen kl 15.40
· SAS frå Vigra kl 16.35, kl 18.30 og kl 21.00
Opphald, økonomi
Ettersom seminaret vil gå føre seg på Høgskulen i Volda, må ein bestille evt. overnatting og måltider utanom frukost separat. Det er elles ikkje seminaravgift.
Overnatting:
Deltakarane kan bu enten på Volda turisthotell (24 enkeltrom) eller på Vikingfjord hotell i Ørsta (resten). Arrangøren vil fordele rom på hotella.
Deltakarane betaler sjølve til hotella ved avreise. Pris for 2 overnattingar med frukost: Volda turisthotell kr 1.530 (kr 930 i dobbeltrom), på Vikingfjord kr 1.590 (kr 930 i dobbeltrom).
Måltider:
Lunsj 3 dagar i kantina ved Høgskulen i Volda. Enkel middag måndag i kantina ved Høgskulen i Volda (gryterett o.l.). Kaffe/svele i pausane. Samla pris ved registrering: kr 300.
Festmiddag på Volda turisthotell tysdag 13. september: kr 250 + drikke.
Ekskursjon til Ivar Aasen-tunet tysdag 13. september: kr 50. Påmelding ved registrering.
Oppdatert av Arnfinn Kjelland 06. juli 2006 kl. 10.20 Publisert med NetEd : Publish


