«Kunnskap for framtida»
Volda University College

            

Publisert: 04.06.2010 13:40 av Bente Gunn Lien

FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til professor Tor-Johan Ekeland ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Prisen, som er på 30 000 kr, vert delt ut under Forskingsdagane i slutten av september. Det var styret for Høgskulen i Volda som tildelte prisen på møtet 3. juni.

I grunngjevinga vert det trekt fram at Tor-Johan Ekeland har hatt stor forskingsinnsats på høgt nivå gjennom mange år. Han har vore utdanningspolitisk aktiv og samfunnsengasjert, og han har stimulert til kritisk, akademisk debatt både i norske og nordiske fagmiljø. Styret konkluderer med at Tor-Johan Ekeland er ein særs verdig kandidat til FoU-prisen.

Tor-Johan Ekeland er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen i 1976. I 1979 vart han tilsett som amanuensis ved MRDH Volda. I 1986 fekk han opprykk til førsteamanuensis, og same året blei han vald til rektor ved MRDH Volda for perioden 1986–1990. Sidan 1997 har Ekeland vore professor i sosialpsykologi ved HVO.

I 1997 disputerte Ekeland ved Universitetet i Bergen (Institutt for samfunnspsykologi) med doktor-avhandlinga Meining som medisin. Ei analyse av placebofenomenet og implikasjonar for terapi og terapeutiske relasjonar.

Ekeland har arbeidd ved MRDH Volda og seinare Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag, i mesteparten av sin akademiske karriere bortsett frå ein periode på 2 år då han var tilsett ved Universitetet i Bergen. Han har vore professor II ved Høgskolen i Molde, og han har vore knytt til forskarskulen "Mental health in public health" ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Gøteborg.

FoU-prisvinnaren har arbeidd med ungdoms- og velferdsforsking, familie- og skilsmisseforsking, konfliktforsking, behandlingsforsking, profesjonsforsking, psykiatri og samfunn. Han arbeider no med klinisk autonomi, brukarorientert samhandling og kunnskapsteori og praksis – i hovudsak relatert til psykisk helsevern. Ekeland er ein produktiv forfattar, og heilt sidan tidleg på 1980-talet har han publiserte ei rekkje fagbøker, lærebøker og artiklar.

Ekeland har også hatt sentrale verv i tilknyting til utdanning av sosialarbeidarar. Det siste arbeidet han har deltatt i, er utarbeiding av ein NOU om barnevernsutdanning: Kompetanseutvikling i barnevernet (external link)(2009). Han var i fleire periodar med i Nasjonalt råd for sosialarbeidarutdanning og var svært sentral i utarbeidinga av nasjonale rammeplanar for desse utdanningane (barnevernspedagog-, sosionom- og vernepleieutdanning).

Meir om Tor-Johan Ekeland sine publikasjonar:

Bibsys Forskdok-liste(external link)

Barns erfaringer med konfliktfylte samlivsbrudd: Problemforståelse og følelsesmessige reaksjoner(external link) (Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 5-2008)

Evidensbasert praksis(external link)(Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 4-2008)

       
   To av bøkene Tor-Johan Ekeland har publisert.