Nordvestlandet og 1905
Unionsoppløysinga i 1905 – i eit lokalt, regionalt og globalt perspektiv
Den 7. juni 2005, er det hundre år sidan unionen med Sverige gjekk i oppløysing. Innan historiefaget har fokus tradisjonelt vore retta mot dei politiske hendingane, i første rekke om tilhøvet mellom den svenske kongemakta og den norske regjeringa og Stortinget. Fokuset har i mindre grad vore retta mot korleis denne hendinga blei formidla og oppfatta i lokalsamfunna kring om i landet, eller korleis denne hendinga vart omtalt utanfor Norge.
Historisk institutt ved Høgskulen i Volda vil i høve unionsoppløysinga markere ved å gjennomføre eit regionalt prosjekt som retter fokus mot reaksjonar i 1905 utanfor dei sentrale riksmedia.
Arbeidstittel for vårt prosjekt er: Unionsoppløysinga i 1905 – i eit lokalt, regionalt og globalt perspektiv. Prosjektet skal ha to søyler:
1) Ein antologi der eit utval forfattarar skal sjå korleis hendingane i 1905 er dekt i eit utval aviser frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
2) Eit dagsseminar ved Høgskulen i Volda som tar utgangspunkt i bidraga til antologien. Dessutan vil nokre av innlegga rette fokus mot korleis oppløysinga av unionen er dekt i utanlandske aviser. Seminaret vil bli arrangert 25. mai 2005.
Val av innfallsvinkel for antologien og seminaret, er valt ut i frå at det ikkje i særleg grad er gjort undersøkingar med lokalt, regionalt og globalt perspektiv – fokus har tradisjonelt vore på det sentrale og nasjonale nivået. Vi ønskjer med andre ord å komme med alternative forteljingar til dei tradisjonelle, som har eit anna utgangspunkt og fokus og skildrar ”det nasjonale i det lokale, det lokale i det nasjonale”, som Dagfinn Slettan og Ola Svein Stugu har sagt. Avisene er ei interessant kjelde til desse hendingane, både på grunn av si lokale- og regionale forankring, samt enkelt aviser sine band til politiske parti, m.m. Ved å sjå på korleis avisene formidla 1905 og kva for haldningar som vart utrykt her, meiner vi å nærme oss dette problemfeltet. Vi meiner dette vil vere eit viktig bidrag til auka innsikt om hendingane i 1905.
I Balestrand blei det arrangert folketog den 13. august 1905. Her ser vi fleire dresskledde menn, truleg på veg til røystelokalet. Kvinnene hadde ikkje røysterett på dette tidspunktet, men kvinnene synte si støtte til unionsoppløysinga gjennom dei såkalla kvinnestemmelistene. Mannen med trommer i forgrunnen skal vere Ola Vestreim. (Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotograf: ukjend.)

Fjorden var ofte ferdselsvegen til røystelokala på Nord-Vestlandet. Dette biletet syner festkledde menneske på veg til Balestrand den 13. august 1905. (Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotograf: ukjend)
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 07. mars 2011 kl. 16.11 Publisert med NetEd : Publish



